Vossestrand Sogelag deltek på StrandaMessa

StrandaMessa i Sambygg vert i 2018 arrangert 
24.-25. november.

Vossestrand Sogelag har stand på messa. Der vert det sal av bøker:
- Gamalt frå Stronde Årbok for 2018
- Restlager av eldre årgangar
- Ættebok for Vossestrand I og II
- Andre bøker m.a. Sjur Arnetveit, Strandaskulane
- Vossestrand - Folk og Landskap



Arne Johan Dregelid syner fram gamle bilete og filmopptak frå Stronde.

Du kan melda deg inn som medlem i Vossestrand Sogelag eller berre slå av ein prat.


Har du gamle bilete som du ynskjer å leggja ut på Sogelaget sine sider, kan du registrere deg på standen vår.

Bli kjend i di eiga bygd.
Sogelaget på tur i Myrkdalen.

Under tittelen "Bli kjend i di eiga bygd" skipa Vossestrand Sogelag til spasertur i Myrkdalen 25. august 2018.

Tekst og foto: Kari Mørkve Jordalen.

Sommarturen til sogelaget gjekk i år frå Ulvund, om Nesheim og forbi Flisram og Bygd. Me la også turen innom Treskjærartunet, for så å enda opp i ungdomshuset i Myrkdalen.

Me var ca 25 stk som møtte opp på Ulvund hjå Kåre og Anne Lise. Der fekk me eit interessant innblikk i arbeidet deira med kulturlandskapskapet. Dei driv mellom anna med lauving av styvingstre der alm er hovudtresorten, men og selja og bjørk.

Det er eit svært krevjande terreng dei driv i og det ligg mange timars hardt arbeid bak det landskapet dei kan syna fram. Dei har sauer som beiter vår og haust, og lauvkjerra vert brukt som for i tillegg til høy og silo. Kåre fortel det er ekstra godt å kunna gje lauvkjerr til sjuke dyr for å stimulera matlysta.

Kåre og Anne Lise har fått Hordaland fylkeskommune sin kulturlandskapspris for arbeidet dei har lagt ned på Ulvund.


Før me gjekk frå Ulvund fortalte Ingeborg Backer om garden Nesheim og dei ulike bruka der. Me fekk ei interessant innføring om bruksdelinga før og no.

Me fekk og høyra om jordbruket og stølane som høyrer til garden. Me stogga fleire gonger under vegs langs gardane på Nesheim, og Ingeborg fortalde og viste bilete ho hadde med til stor interesse for turdeltakarane.

Me hadde ein kort stopp under Bygd, der me fekk høyra litt om desse gardane.

Me vandra så langs riksvegen til Treskjærartunet der me fekk høyra om verksemda deira og grunnleggjaren for verkstaden, Sjur Mørkve. Det var Arne Mørkve og Geir Nymark som fortalde og viste rundt i verkstaden.

Til slutt vart det kaffi og kaker i ungdomshuset i Myrkdalen. Arne Johan Dregelid viste fram film om diktaren, bonden og politikaren Sjur Bygd. Arne Johan hadde og med film om stølslivet i gamle dagar på Vossestrand. To kjekke og interessante filmar som ei fin avslutning på ein flott tur.

Takk til alle som var med og gjorde dagen så bra!

Sjå fleire bilete frå turen under Sogeturar.



Anne Herheim overtek som leiar i Vossestrand Sogelag etter Einar Midtun.


Einar Midtun har vore med i styret i laget i 11 år, dei 3 siste som leiar. No bad han om avløysing og nestleiar i laget rykte opp som ny leiar.


Avtroppande leiar Einar Midtun får her blomar frå påtroppande Anne Herheim.


Årsmøtet starta med at Ellen Marie Selland Geithung saman med 6 born frå barnekoret og kvedarane Ingeborg og Synnøve underheldt med song og kveding.

Deretter heldt Kjell Herheim saman med resten av boknemnda for «Vossestrand - Folk og Landskap» eit godt innlegg om framdrifta for denne boka som med eit naudskrik, vart ferdig til Strandamessa i november 2017. Kjell viste eit lite utval av bilete og tekst frå boka medan Bjarne Skjervheim fortalde om boka sitt innhald. Boka har vorte svært godt mottatt, og Vossestrand Sogelag takkar boknemnda: Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim, Ivar Husdal, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun for velgjort arbeid.

Årsmøte vart så formelt opna og gjennomført. Referat frå møtet og Årsmeldingar kan du lesa under menyen "Om Sogelaget". 

Fleire bilete frå årsmøtet kan du sjå under menyen "Nyhende".

Det er også lagt inn informasjon frå årsmøtet under menyane "Bøker" og "Sogeturar".







Vossestrand Sogelag
sine heimesider.

16. mai 2017 vart fotosida til Vossestrand Sogelag (gamlefoto.vossestrand.no) annulert og dei som klikkar på denne sida heretter, vert ruta direkte over til den nye sida www.vossestrand.no.

Den nye sida er dermed offisielt teken i bruk. Alle bilete er overført, og sida har fått ny utsjånad og nye menyar.

I tillegg til alle bilete er også alt anna stoff som låg på den gamle sida overført til den nye.


Me ynskjer å fylla sidene med mykje nytt stoff, både av historisk karakter og nyare stoff og bilete, slik at me får ei "levande" heimeside til gleda for alle.
Det står framleis att ein god del redigeringsarbeid før me er i mål, men det kjem etterkvart.

Kom gjerne med innspel om den nye sida. Du kan nytta epostadressa som du finn nederst på sida eller skriv i Gjesteboka.








"Strandadisken"
 
På "Soundcloud" er det innlagt store mengder lydopptak frå Vossestrand. Mesteparten er frå radiosendingane til Strandaredaksjonen i Radio Voss.

Dei som er på Facebook kan også besøkja "Strandadisken Vossestrand" som er ei side Arne Johan Dregelid har laga. Der finn du mykje stoff frå Strondæ.


********************************
Medlemskap i Vossestrand Sogelag.

Bli medlem i sogelaget. Ta kontakt med ein av oss i styret eller 
betal kr 100,- til kto.nr. 3578.16.09224 og merk innbetalinga med 
"Medlemskontingent 2018".

Medlemskontingenten er kun kr 100,- pr.person pr.år.
(Styremedlemane finn du under "Om Sogelaget"



Fotoarkivet til Vossestrand Sogelag.

Her finn du mange gamle bilete frå Vossestrand. 
Albumen er bygd opp over fleire år og vert stadig utvida.

Siste opplasta bilete finn du her:

Velkomen
Medlemskap i Vossestrand Sogelag.

Bli medlem i sogelaget. Ta kontakt med ein av oss i styret eller 
betal kr 100,- til kto.nr. 3578.16.09224 og merk innbetalinga med 
"Medlemskontingent 2018".

Medlemskontingenten er kun kr 100,- pr.person pr.år.
(Styremedlemane finn du under "Om Sogelaget"



Fotoarkivet til Vossestrand Sogelag.

Her finn du mange gamle bilete frå Vossestrand. 
Albumen er bygd opp over fleire år og vert stadig utvida.

Siste opplasta bilete finn du her:
Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger