Nytt historisk fotoarkiv.

Vossestrand Sogelag er inviterte til å delta i ei prosjektgruppe for å sjå på  mogelegheitene for å etablera eit nytt historisk fotoarkiv for Voss Herad.

Forutan Vossestrand Sogelag er Vassvøri Sogelag, Voss Sogelag og Voss Folkemuseum med i gruppa. Representantar frå alle laga har hatt eit innleiande møte og vart samde om å søkja til Voss Sparebank om støtte til prosjektet. 

Ulike dataløysingar vart gjennomgått på møtet. For å koma vidare i arbeidet er det behov for økonomisk støtte.

Vossestrand Sogelag har i dag ei velfungerande heimeside for gamle foto og har den største samlinga på nettet av dei representerte laga.


 

Vossestrand sogelag på Strandamessa 2019.

Sogelaget er også i år å finna på Strandamessa i Vossestrand Sambygg.

Her er bilete frå laurdag 23. nov. og Sogelaget sin stand på messa. Salet av årets utgåve av Gamalt får Strondè går strykande.  Boka Vossestrand - Folk og Landskap er det mange som har kjøpt i år også.

Arne Johan er på standen til Sogelaget og viser videoar frå Strandadisken.

  






Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger