Framsida på den nye boka.

*********************** 


BØKER UTGJEVE AV VOSSESTRAND SOGELAG

Tekst av Einar Midtun
Publisert 6. juni 2017.


”Gamalt frå Strondè”

Vossestrand Sogelag har frå 2002 gjeve ut årboka ”Gamalt frå Strondè”. Årboka er eit tidsskrift som inneheld stoff og bilete frå eldre tider på Vossestrand. Mykje av stoffet er forteljingar og historier om korleis folk levde og kva dei levde av. Artiklar  om kultur- og kunstnarliv, handel og næringsliv, krigsminne og ulukker, segner, skjemt og moro og elles om ting som har hendt i bygda.

Årboka kjem ut før jol, og er godt eigna som jolegåve. Boka kostar kr. 200,- og kan kjøpast hjå Vossestrand Sogelag, bokhandlarane på Voss og butikkane og bensinstasjonen på Vossestrand. Sogelaget har framleis ein del eldre årbøker på lager, men er diverre utselde for årbøkene: 2002 - 2006 og 2013. Prisen på eldre årbøker er kr. 100,-.
Redaktør: Bjarne Skjervheim.

 

”Å kunde eg - ”

 

”Å kunde eg -” er ei diktsamling av Sjur Arnetveit, som Vossestrand Sogelag har gjeve ut.

Boka er framleis på lager pr. 2017, og kan kjøpast for kr. 100,- hjå Vossestrand Sogelag.

 

 

ÆTTEBOK FOR VOSSESTRAND (I)


Ætteboka kom ut i 1971. Den omfattar personar busette på Vossestrand frå åra 1600/1700 fram til ca år 1900.
Utgjevar er Voss Bygdeboknemnd. Redaktør: Roald Lyngvær.

Boka kan kjøpast hjå bokhandlarane og på kundetorget i Voss kommune for kr. 150,-.

 

 

ÆTTEBOK FOR VOSSESTRAND (II)

 

Ættebok II kom ut i 2013, og er framhald av den fyrste ættaboka som kom ut i 1971. Den omfattar personar busette på Vossestrand frå ca år 1900 fram til 2013.

Utgjevar er Voss Bygdeboknemnd. Redaktør: Åsmund Ohnstad.

Boka kan kjøpast hjå bokhandlarane og på kundetorget i Voss kommune for kr. 400,-.

Kjøper ein begge ættebøkene samla, for ein dei for kr. 500,-.



STRANDASKULANE

I høve 250 års-jubileet for grunnskulen vart det i 1989 utgjeve ei bok om strandaskulane frå dei eldste tider til 1964.
I skriftnemnda var: Bjarne Skjervheim, Olav Hole, Kari Jordalen, Bjørn Giljarhus, Gunnar Dagestad, Ivar Ødegård, Olina Fyrde, Ingeborg Backer og Maria Hauge.

Pr. 2017 er det framleis eit restlager av bøkene. Boka kan kjøpast hjå Vossestrand Sogelag for kr. 100,-.


Bøker
Sogelaget sine bøker - 2017.

Vossestrand Sogelag kjem i år ut med ei biletbok Vossestrand - Folk og landskap”. 

Boka er bygd opp rundt eit dikt som norskamerikanaren Sivert P. Shelvik gav ut i 1955, der alle gardane på Vossestrand er nemnde, og som vil vera ”den raude tråden” i boka.

I tillegg er det artiklar som fortel historier og hendingar, og om personar frå dei ymse gardane/bygdelaga på Vossestrand.

Boka er på ca 300 sider og kostar kr. 350,00.

Les meir under Nyhende


Bøker utgjeve av Sogelaget, les meir under biletet

 Klikk på lenkjene nedanfor og les meir under biletet til venstre.
Årboka
Gamalt frå Strondè
Register - Gamalt frå Strondè 1/2002-14/2015
ÆTTEBOKA
Ættebok for Vossestrand
Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger