”Gamalt frå Strondè”


Vossestrand Sogelag har frå 2002 gjeve ut årboka ”Gamalt frå Strondè”. Årboka er eit tidsskrift som inneheld stoff og bilete frå eldre tider på Vossestrand. Mykje av stoffet er forteljingar og historier om korleis folk levde og kva dei levde av, om kultur- og kunstnarliv, handel og næringsliv, krigsminne og ulukker, segner, skjemt og moro, og elles om ting som har hendt i bygda.

Årboka kjem ut før jol, og er godt eigna som jolegåve. Boka kostar kr. 200,-.og kan kjøpast hjå Vossestrand Sogelag, bokhandlarane på Voss, butikkane og bensinstasjonen på Vossestrand. Pr. 2017 har sogelaget framleis ein del eldre årbøker på lager, men er diverre utselde for årbøkene: 2002 - 2006 og 2013. Prisen på eldre årbøker er kr. 100,-.
Redaktør: Bjarne Skjervheim.


Bøker
Bøker utgjeve av Sogelaget, les meir under biletet

 Klikk på lenkjene nedanfor og les meir under biletet til venstre.
Årboka
Gamalt frå Strondè
Register - Gamalt frå Strondè 1/2002-14/2015
ÆTTEBOKA
Ættebok for Vossestrand
Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger