Longemyrè plass under Slen

Meta-Description:
Meta-Keywords:

Ingrid og Kristoffer Drevsjø, Stalheim, Nåli
Ingrid Drevsjø fødd Stalheim (1876 - 1958) Stalheim 92d) og Kristoffer Drevsjø (1867 - 1918) Stalheim. 116.) Frå Drevsjø i Hedemark. Dei gifte seg i 1898 og budde ca 10 år i Nåli, Sivle.
Kristoffer hadde ein bror som heitte Karenus som flytta til Samnanger
Eigar av foto: Oddvar Drevsjø. Samlar av foto: Oddvar Drevsjø foto0026
Meta-Description:Ingrid og Kristoffer Drevsjø
Meta-Keywords:Ingrid Drevsjø f. Stalheim,Kristoffer Drevsjø,Drevsjømoen, Drevsjø,Stalheim,Nåli,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

Kristoffer Drevsjø og Ola Eirikson Tveite - Lunde
Fv: Kristoffer Drevsjø
Frå Drevsjømoen, Drevsjø
f. 1867 - 1918
og hunden som var med og
gjeta reinsdyr frå Drevsjø
til Stalheim, Voss
g.m
Ingrid Stalheim

Stalheim 92d
og
Ola Eirikson Tveite - Lunde
(Snikkar Ola)
som er far til Ingrid Stalheim
Stalheim 92d
Bilete er teke ca 1900
Eigar av foto: Oddvar Drevsjø
Samlar av foto: Oddvar Drevsjø
O. Dre 0104 foto0369
Meta-Description:Kristoffer Drevsjø og Ola Eiriksson Tveite - Lunde
Meta-Keywords:Kristoffer Drevsjø,Ola Eiriksson Tveite - Lunde,Ingrid Stalheim,Tveite,Lunde,Drevsjømoen,Drevsjø,Stalheim,Vossestrand,Oddvar Drevsjø

Vossestrand Sogelag, Kari Nilsdtr Kvilten og Lars Pedersen Drevsjømoen,Kvilten, Drevsjømoen, Engerdal
Kari Nilsdtr Kvilten
1836 - 1904
Kvilten, Engerdal

og

Lars Pedersen Drevsjømoen
1830 - 1893
Drevsjømoen, Engerdal
Dei var foreldra tilKristoffer Drevsjø


Foto: Jv Olsen, Røraas
Årstal; 2 Okt. 1889
Meta-Description:Kari Nilsdtr Kvilten og Lars Pederson Drevsjømoen
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Kari Nilsdtr Kvilten,Lars Pedersen Drevsjømoen,Drevsjømoen,Drevsjø,Kvilten,Engerdal,Helga Risbakken,Oddvar Drevsjø

Vossestrand Sogelag, Arnfinn og Kåre Drevsjø, Ygre, Stalheim
Arnfinn Drevsjø
1903  - 1980
Stalheim 116c
med sonen
Kåre Drevsjø




Foto: Ukjent
Eigar av foto:
Gitte - Mari Stamstad

Samlar av foto:
Oddvar Drevsjø

foto0659
Meta-Description:Arnfinn og Kåre Drevsjø, Ygre, Stalheim
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Arnfinn Drevsjø,Kåre Drevsjø,Stalheim,Vossestrand,Ygre,Gitte Mari Stamstad,Oddvar Drevsjø

ca 1950 Naolavegen til Jordalen
Kåre Drevsjø på den gamle Naolavegen frå Nåli til Jordalen. bilete er teke ved Einekrokane
Eigar av foto: Gitte - Mari Stamstad Samlar av foto: Oddvar Drevsjø  foto 0661
Meta-Description:Naolavegen, Kåre Drevsjø, Nåli, Jordalen, Stalheim, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Naolavegen,Nåli,Jordalen,Kåre Drevsjø,Gitte Mari Stamstad,Stalheim,Oddvar Drevsjø,Vossestrand

Vossestrand Sogelag, Kåre Drevsjø og Ingrid Drevsjø, Stalheim
Kåre Drevsjø
(sonen til Arnfinn Drevsjø)
i saman med bestemor si
Ingrid Drevsjø
1876  - 1958
Stalheim 92d og 116

Dei står utafor huset på Longemyri


Foto: Ukjent
Eigar av foto:
Gitte - Mari Stamstad

Samlar av foto:
Oddvar Drevsjø

foto0660
Meta-Description: Kåre Drevsjø og Ingrid Drevsjø, Stalheim
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Kåre Drevsjø,Ingrid Drevsjø,Longemyrè,Stalheim,Vossestrand,Gitte Mari Stamstad,Oddvar Drevsjø

Ingri O. Drevsjø fødd Stalheim f.1876 ved huset på Longemyri
Samlar av foto: Oddvar Drevsjø. foto00028
Meta-Description:Ingrid O. Drevsjø, Stalheim
Meta-Keywords:Ingri Dresjø,Ingrid Drevsjø,Ingri O. Drevsjø,Statalheim

Vossestrand Sogelag, Karenus Drevsjø, Stalheim, Samnanger
Karenus L. Drevsjø
1880 - 1938
g.m
Antonie Drevsjø
1894 - 1959

Han flytta til Samnanger, og vart
gravlagd i Samnanger 

(Han var bror til Kristoffer Drevsjø)

Foto: Ukjent
Eigar av foto:
Kjellaug Bjørgeengen

Samlar av foto:
Oddvar Drevsjø

foto0690
Meta-Description:Karenus Drevsjø, Stalheim, Samnanger
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Karenus L Drevsjø,Antonie Drevsjø,Stalheim,Samnanger,Vossestrand,Kjellaug Bjørgeengen,Oddvar Drevsjø

Hus på Longemyrè ved Stalheim, Fyrde, Longemyrè, Stalheim Vossestrand
Hus på Longemyrè, ved Stalheim. Ein kan sjå garden Fyrde til venstre. Jordhytta er bak huset til venstre som er bygd inntil jordhytta. I denne stova vart det ale opp seks born. Tre av desse : Olav, Maria og Olina reiste til Amerika. Dei andre tre : Anders, Marta og Bertina vart att her i landet.
Eigar av foto: Oddvar Drevsjø  Foto: Paul E. Ritter, Bergen foto0441
Meta-Description:Hus på Longemyrè ved Stalheim, Longemyrè, Fyrde, Stalheim, Vossestrand
Meta-Keywords:Stalheim,Vossestrand,Longemyrè,Fyrde,Oddvar Drevsjø

Hus på Longemyrè ved Stalheim, Fyrde, Longemyrè, Stalheim Vossestrand
Hus på Longemyrè, ved Stalheim. Ein kan sjå garden Fyrde til venstre. Jordhytta er bak huset til venstre som er bygd inntil jordhytta (Sjå tekst). I denne stova vart det ale opp seks born. Tre av desse : Olav, Maria og Olina reiste til Amerika. Dei andre tre : Anders, Marta og Bertina vart att her i landet.
Eigar av foto: Oddvar DrevsjøFoto: Paul E. Ritter, Bergen  (Utsnittsbilete)foto0441b
Meta-Description:Hus på Longemyrè ved Stalheim, Longemyrè, Fyrde, Stalheim, Vossestrand
Meta-Keywords:Stalheim,Vossestrand,Longemyrè,Fyrde,Oddvar Drevsjø

Jordhytta på Longemyræ på Slen
Av Anders Sleen
Eg var inne i jordhytta til Sjur Slen fleire gonger og har elles snakka med nokre eldre som hugsar henne godt, så eg meiner det eg skriv nedanfor skal vera rett.
Det einaste ein kunne sjå av treverk utanfrå, var vestre ramen og nokre bordbitar frå ramen og inn mot jordhaugen. Vestre råma låg tett inn til haugen, så nede var det mest ikkje treverk å sjå, men bordbitane vart noko lenger oppe under ufsa. Det var torvtak som gjekk mest i eitt med haugen, men såleis at ein kunne sjå «skøyten» utanfrå. Inngangen til stova var i vest, i sør%ADvestre hjørna, med eit bitte lite bislag utanfor. Elles var det eit glas i vest, og også eit lite glas i sør. Her var jorda teken vekk framfor glaset.
Teikningar av Anders Ohnstad etter rettleiing av Anders Sleen og Botolv Tveite. Sjå bilete av husa på Longemyri


Inne i stova var møblane plasert såleis.
Omnen sto i nordvestre og senga i nordaustre hjørna.
I mellom dei sto bordet.
På sørsida sto ein høvelbenk og i søraustre hjørna var "fjosen" med geit og nokre sauer. Såvidt eg hugsar låg "fjos-golvet» 10%9715 cm. over stovegolvet. Langs austre veggen, over senga og sauebingen var ein liten halvlem, neppe stort over meteren brei, og ikkje over halvannan meter over golvet. Eg går ut i frå at det var sengeplass for nokre av ungane på halvlem-men. Elles stod det ein karm under senga, som om natta vart trekt fram på golvet, og som også gav plass til nokre ungar. Stova var ikkje over fem meter lang og fire meter brei.

Når killingen vart teken frå mor si, spikra Sjur fjøler på bordbeina, slik at det vart ein kasse eller ein binge under bordet, Der fekk killingen plass. På golvet la dei steinmose-torver, ven%ADteleg skulle torvene suga opp det meste som killingen let frå seg,I denne stova vart det ale opp seks born. Tre av desse : Olav, Maria og Olina reiste til Amerika. Dei andre tre : Anders, Marta og Bertina vart att her i landet.
Det var på ein måte koseleg inne hjå Sjur. Når ein ser bort frå sauebingen, så var stova som andre små rotstover.

Det var i grunnen ingen ting som tyda på at ein var inne i ein jordhaug når ein sat i stova. Som ein vil skjøna, var plassen godt utnytta.
Sjur hadde også ku nokre år. Då grov han seg inn i haugen frå sør, mot austre hjørna inn mot stoveveggen. Der fekk kua plass ved sida av stova.
Som sagt var det høvelbenk i stova. Sjur var ein nevenyttig kar og stod ofte ved høvelbenken. På hanebjelkane, oppe under taket, låg materialen hans %97 riveskaftemne og såvore. Elles tok han mot halvsaling av sko, og var i det heile flink med hen%ADdene. Han var ein hyggjeleg kar og alltid i godlag. Og han var kraftig og sterk, stor og røseleg. Det går endå eit herme etter han : «Naor eg å han Andres Sleen æ l skojen, gaor kubbane ejølle.» (Anders var bestefar min. Han var også ein kraftkar).
Sjur var fødd på Rustæ, ein liten plass i heradsalmenningen, eit par km. frå Longemyræ. Han vart gift med Ingebjørg Geitle frå Evanger. (Ho var i familie med Knute Nelson). Dei kjøpte eit småbruk på Hemre og budde fyrst der ei tid. Men så fekk Sjur seg plass på Sleen og bygde jordhytta på Longemyræ. Og der vart dei buande til Sjur døydde i 1926, 76 år gamal.
Ingebjørg flytte då med døtrene sine til Austlandet. Så vidt eg veit har ingen her høyrt kor det gjekk med henne seinare.
Ingebjørg var liten og tunn, men eit arbeidsjarn. Ho gjekkkring på gardane i arbeid %97 skuronn, potetopptak, flatbrødbakst og anna.
Økonomisk var det svært smått for dei to, men dei sleit seg gjennom livet utan trygder eller onnor hjelp frå samfunnet.Avskrift frå Gamalt frå Voss nr III 1971 foto 0538
Meta-Description:Jordytta på Longemyri, Slen
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Gamalt frå Voss,Jordhytta på Longemyri,Longemyri,Slen,Stalheim,Ander Sleen,Anders Ohnstad,Botolv Tveite,Oddvar Drevsjø

Vossestrand Sogelag, Marta Longemyre, Longemyrè, Slen, Vossestrand
Marta Longemyrè
1885 - 
Slen 52e




Foto: Joh v.d Fehr, Vossevangen
Eigar av foto:
Gudmund Selland

Samlar av foto:
Oddvar Drevsjø

foto0763
Meta-Description:Marta Longemyrè, Slen, Vossestrand
Meta-Keywords:Vossestrand Sogelag,Marta Longemyre,Longemyrè,Slen,Vossestrand,Gudmund Selland,Oddvar Drevsjø

Marta (Longemyrè) Allmenninngen
Marta (Longemyrè) Allmenningen
f. 1885
Slen 52e (Sjå bilete av husa)

Foreldra til Marta var Sjur Gitleson
Almenningen - Nedre Oppheim 54a (1850 -) og
Ingebjørg Askildsdtr. Geitle, Evanger

Sjur hadde ei tid eit småbruk på Hemre, men
flytta til Slen, der familien hadde ei jordhytte
på Longamyrè

Marta vart gift med Eirik Buene frå Frønningen.

Foto: Joh. v.d. Fehr Vossevangen.
Eigar av foto: Gudmund Selland

Samlar av foto: Oddvar Drevsjø


gudsel 008
foto0211
Meta-Description:Marta (Longemyrè) Sleen,Slen,Vossestrand,Stalheim,haugsvik
Meta-Keywords:Marta (Longemyrè)Sleen,Slen,Vossestrand, Stalheim,Haugsvik


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger