frå reinsdyrjakt Alle som vilhjelpa til med foto og informasjon for åfå eit betre samling er velkomne.
- ta kontaktmedPer Husdal eller andre i Vossestrand Sogelag og fortel om det du har.(Sogelaget ser gjerneat fleire vert med på arbeidet)
Meta-Description:Forteljingar og bilete frå reinsdyrjakt
Meta-Keywords:Reinsdyrjakt,Major Klein,Johan Husdal

Omlag 1933 Dei fyrste reinsdyra tilVossestrand Reinsdyrslag
Foto utlånt av Per A. Naasen
Meta-Description:Nokre reinsdyr om vinteren.
Meta-Keywords:Vossestrand,reinsdyr,Nils O. Midtun;Vossestrand Reinsdyrlag

Reinsdyrjegerar frå Vossestrand, 1. september 1939
Frå venstre: Kolbein Straume, Klemmet Fjellby og Johan Husdal.Sitjande: Lars Fjeli Herheim.
Foto utlånt av Per Husdal
Meta-Description:Ei gruppe jegarar frå Vossestrand med eit reinsdyr
Meta-Keywords:Vossestrand,Klemet Fjellby,Kolbein Straume,Johan Husdal,Lars Fjeli Herheim,reinsdyr,Vossestrand Reinsdyrlag

Reinsdyrjegarar i september 1940
Frå venstre: Sjur Hommedal, major Klein (Wehrmacht), KolbeinStraume, Nils Midtun, Sigmund Engeland, Johan Husdal og Olav N. Røthe.Foto Deutsche Wehrmacht, utlånt av Gunnar Midtun. Historien om jakta er å finna i "Gamalt fråVoss" som kom til jul 2001.
Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd31.08.1890 i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snørasved Mjølfjell. Tilhøyrde Stab III/Infanteriregiment 193.Er gravlagd på gravstaden for tyske soldatar, Bergen/Solheim. Han let etter seg ei kone, som døde 29.04.1985.
Her fortel Johan Husdal (1895-1989).
Det var midt i september 1940. Det skulle verta reinsjakt i år og, men vilkåret var at den tyske majoren, som tok Voss, skulle vera med. Han hadde sett det kravet at dei som skulle vera med, måtte vera sportsfolk.
Det skulle vera start frå Gavle kl. 06.00. Han Nils og eg stod klare til å taka mot major Klein, når han kom. På slaget 06.00 stod han i Gavlstunet og hadde med seg ein til å bera. Sjølv bar han gevær og ein liten skuleransel. Han helste med strak arm, og so opp i handa. So spurde han meg fyrst, kor gamal eg var. 45 år, sa eg. Mykje for gamal, sa han. So spurde han korgamal han Nils var. 52 år, svara Nils. Mykje for gamal, sa tyskaren. Me lurde på om han ville snu, når han fekk med seg so gamle folk, men det vart no til at me starta.
Major Klein sette opp ein fæl fart. Eg tenkte med meg at går du, so skal eg halda fylgje med deg. Han Nils bad om at me måtte sakta på farten, for det var langt å gå. Dette høyrde ikkje majoren på. Det vart same farten ut i Reppane. Opp Reppabotnen var det ikkje vanskeleg å halda fylgje med majoren. No slo han Sigmund Engeland lag med oss, og oppå Reppeggi trefte me nokre til som skulle vera i lag med oss. Det var OlaRøthe, Kolbein Straume og Sjur Hommedal. Etter å ha kvilt litt,bar det i veg att.
Om kvelden før og ut over nattahadde det regna, men om morgonen hadde det frose, so det var glashålt på alle steinar. Oppe i Svultabotnen var det snø, og opp mot Bytningaeggi gjekk snøen over kneet. Kven som kom på kvar me skulle gå var det ingen som ville vera ved seinare. Men eg trur det var han Nils, for han var best kjend, og han var leidar for jakta. Det vart so at me gjekk på sørsida av Mykjedalsvatnet, gjenom urda. Der var det glashålt. Me andre var vane med litt av kvart. Men tyskarane, som hadde gjenge hanemarsj ut i Reppane, greidde seg dårleg. Dei gleid og dei skreid, stundom på to og stundom på fire, og ikkje sjeldan både på magen og på bakenden. Me gjekk som om me ikkje sågnoko.
So vart det snøen å vassai. Midt oppe i Svultabotnen fekk major Klein krampe i båe låra. Han kom ikkje av flekken. Han stod der og gnika på låra sine, og litt etter litt losna det til med han. Men det gjekk smått. Mehøyrde ikkje noko meir om at me var for gamle, korkje han Nils ellereg. Men so hadde me no gjenge rundt Mykjedalsvatnet på sørsidaog so burt på Strupen, før me sette i vegen opp Svultabotnen.Kva majoren tenkte, eller om han forstod det, veit eg ikkje. Men det sågikkje ut til at han ante noko.
Farten opp Svultabotnen var så liten at me andre heldt på og få frost i oss. Han Nils kunneikkje gå frå tyskarane, men eg sa til han at me andre tek ossein tur for å sjå etter reinen, so mykje me kunne få varmeni oss. Veret var fint, overskya, med ein frisk fjellvind. Ein kunne ikkjestå i ro lenge før ein fekk frost i seg. Han Sigmund og eg slolag. Det var ikkje lenge før me fann rein millom Jomarsnosi og Svartehorgi, heilt innunder berget. Me måtte heilt nedpå kanten for å sjå reinen. Me skunda oss tilbake og fekk tak i han Nils og tyskarane. Majoren var redd for å gå nedpå kanten so han kunne sjå reinen. Men til slutt våga han seg til, då me stod rundt han. Den andre tyskaren stod lenger oppe. Truleg skulle han halda auga med oss, dersom me kippa majoren utføre. Men då majoren fekk auga på reinen, var det me som vart redde. Han hoppa og skreik, og omfamna oss, so me vart redde me skulle gå utføre. Det var då både snø og is der me stod. Men me kom oss vel opp frå kanten, og so fekk den andre tyskaren gå nedpå for å sjå reinen. Det vart på ny Hitler-helsing og handhelsing og gratulasjonar, ved synetav reinen.
So var det å koma seg ned. HanNils tok til å forklåra korleis me måtte gå, og korlang tid det vilde ta. Då majoren høyrde at det tok ein timeå gå rundt, ville han vita om det ikkje var ein snøggveg. Jau, eg visste om ein veg ned frå Jomarsnosa og var nedover og såg etter om det var råd å koma ned. Eg sa med han Nils at han og eg ville noko koma oss ned, men det vart vanskeleg for tyskarane, so klønete som dei er til å gå. Han Nils til å forklåre majoren dette, men han sette på at ned der skulle dei gå. Eg hadde ein stygg mistanke om at majoren forstod norsk godt. Seinare fortalde han at hanhadde vore mange gonger i Noreg på elgjakt.
Me kom oss ned etter at me hadde boreryggsekken og ranselen til tyskarane, og geværa deira, og støtta dei både på sida og framme og bak. Reinen gjekk like roleg,og det var berre for major Klein til å skjota. Laglegare kunne detikkje vera. Det var berre til å leggja geværet nedpå, ogbrenna laust. Reinen datt. Han kunne ikkje bomma på det haldet.
No vart det ein seremoni som eg ikkje har vore med på, korkje før eller seinare. Klokka var pålag 12 då reinsbukken datt. Men me kom ikkje derifrå førkl. 15. Fyrst skulle majoren helsa med Hitler-helsing, og so helsa han oppihanda på alle oss 6 som var med. So skulle kvar av oss ha ein jaktdram,og etterpå var det same helsinga ein gong til. So skulle majoren ogbukken fotograferast frå alle kantar og stillingar, og då meflådde bukken, vart det ny fotografering. Likeeins då kjøtet låg på snøen, då kjøtet skulle gravast ned, og då det var nedgrave så berre steinhaugen viste. Alt vart gjort grundig, på tysk vis.
Major Klein skulle ikkje ha kjøt, han ville berre ha horna av bukken. Det var ein stor bukk han hadde skote, og horna var uvanleg fine. Men majoren fekk ikkje mykje gleda av horna,dei kom ikkje lenger enn til Sundve skule.
So skulle me skilja lag, dei to tyskarane skulle ikkje vera med lenger, dei skulle tilbake til Vossestrand og til Voss. Det vart ein ny seremoni, med handtrykk og Hitler-helsing. Me hadde visst synt oss verdige til å få jakta åleine.
Major Klein hadde teke Voss i aprildagane 1940, men i aprildagane 1941 tok Voss majoren. Han gjekk med i ei snøskreda i Rjoandalen. Han skulle læra tyskarane å gå påski, og å ta seg fram i fjellet.Han hadde vel i minnet reinsjakta hanhadde vore med på. Han ville vinna over fjellet, men det vart fjelletsom vann på han. Korkje dei tyske soldatane på Voss, eller mesivile, syrgde ved denne skredulukka.
Meta-Description:Ei gruppe jegarar frå Vossestrand i lag med Major Walter Klein
Meta-Keywords:Vossestrand,Sjur Hommedal,Major Klein,Kolbein Straume,Nils Midtun,Sigmund Engeland,Johan Husdal,Olav N. Røthe,reinsdyr,jakt,Walter Klein

1940 Jakt - Grindaflaetane
(Nordlandecho var ei tysk soldatavis som kom ut på Voss 1940-41
Avisa Hordaland har ei komplett samling av denne avisa.
Denne artikkelen er oversett av Per Husdal

Norge vart okkupert av Hitler sine soldatar i 1940.
Alle våpen - også jaktvåpen - måtte leverast inn til lensmannen. Berre når ein tysk offiser eller ein norsk nazist var med, fekk ein utlånt våpna for bruk ved reinsdyrjakta.


Artikkel i "Nordlandecho" frå hausten 1940 (skrive av ein tysk løytnant)
PÅ REINSDYRJAKT
Tidleg om morgonen medan det enno er mørkt går me til fjells frå Stalheim i retning Mjølfjell i lag med ein norsk jeger, Martin Rygg, og ein annan mann (o.a. Anders Vinje, Synvalars-Andris.han var dreng hjå Lensmann Ingebrikt Sundve, som budde på Vasstrondè). Nordmennene er øvde fjellfolk og legg i veg med stort tempo. Me må kjempe for å hengja på.
Etter ein times oppstiging i eit utturka elvelaup, tek me 10 minutt pause. Så går det vidare.
I middagstida når me snøgrensa og dermed også reinsdyrområdet.
Etter ein vidare anstrengande marsj over eit fjell kjem me fram til Martin si jakthytte (o.e. Grindaflethytta). Det er ei lita hytte bygd av steinar. Ho er berre 1,50 x 1,50 meter stor. Til tross for den "vesle storleiken" gjev hytta oss godt ly for det harde været der.
Til middag hadde me god kaffi som dei to nordmennene kokte i snøggvende på den vesle omnen i hytta..
Etter å ha styrkt oss på kaffien går vi ut att og opp på ein 100 meter høgare topp for å sjå etter dyr, men det var ikkje noko å sjå. Eit kraftig snøvêr sperra for sikten. Då var det ikkje noko anna å gjera enn å gå tilbake til hytta og vona på betre jaktvêr.
Hytta er iskald, Den vesle omnen gjev ikkje noko varme å snakka om. Berre isen på steinane byrjar å smelta og vatnet dryp. Vi må vera tilfreds med dette - noko betre finst ikkje.
Etter at me hadde stilt vår ulvesvolt, prøvde me, kvar for oss å sova i teppa våre. Dette gjekk ikkje så lett. I hytta budde mange mus som heldt oss vakne.
Klokka tre om natta skjedde ein liten sensasjon. Martin har fanga ei mus og som han let dingla etter halen. Noko søvn vert det ikkje meir - det er for kaldt.
Om morgonen ligg det 10-15 cm nysnø. Lukkast ikkje jakta no, så vil ho vel aldri lukkast.
I strålande sol går me atter opp på toppen. Me ser oss rundt over alt, men ingen dyr er i sikte.
Så borte ved ein annan topp ser me spor. Fagkunnig stadfestar Martin at det er spora av omlag 40 dyr. Me er overraska av at han kan sjå det, men han har kunnskapen. Men, me er enno ikkje der. Me må over eit gjel og opp eit brattlende før me kjem så langt. No går det i rasande tempo. Dei to nordmennene kan ein ikkje halda tilbake. Dei spring i veg gjennom snøen utan å sjå seg tilbake ei einaste gong. Me bak så godt me kunne - heit utkøyrt kjem fram.
I mellomtida har vår gode Martin funne ut at flokken må vera i nærleiken. Spora er heilt friske. Me går vidare og ser til alle sider. "Der er dei" ropar korporalen som er med meg. Me kastar oss ned og ser på dei med kikkert. 500 meter borte beiter dyra i ein solskråning. Dei er spreidd over ei breidde på 1000 meter. Eg kan ikkje så meg mett på dei fargerike dyra, som fyrst grev snøen vekk me horna og så med klauene. Eg gløymde likevel ikkje å søkja meg ut ein stor bukk. Medan eg låg der i eigne tankar, kjende eg Martin sin kraftige neve i nakken. Han rista meg kraftig og synte framover mot dyra. Han fyrst og eg etter. Me smyg oss framover mot kanten av ein skråning. Men så får dei dyra som beiter øverst lukta av oss og spring nedover. Vi skundar oss fram mot kanten. Eg brukar korporalen som støtte for geværet. Martin brukar ein stein. Det er enno 200 - 250 meter til dyra. Me skal telja
til tre. Martin er så oppjaga at han skyt på to i staden for 3. Eg trefte bukken min, men han falle ikkje og gjekk sakte avgarde. I ein skråning stogga han så eg kunne skyta ein gong til, men skotet berre streifa han. Fyrst den tredje kula la han ned.
No spring me opp. Martin ropar av glede. Han viftar med hendene i lufta, så vil han omarma meg og ristar til slutt hendene mine. Så er han borte. Også han hadde treft ein bukk som hadde ramla nedover skråninga. Martins bukk var litt mindre enn min, men begge hadde like prektige horn.
(o.a. Dei som kjende Martin er ikkje einig med forteljinga korleis han oppførde seg. Det var vel heller tyskaren som hoppa og dansa. Sjå forteljinga om Major Klein på jakt i 1940)
Så kjem det tyngste arbeidet. Dyreskrottane vert dregne over høgda og ned på den andre sida. Nysnøen er her ein god hjelpar. Skrottane pakka inn i teppa me hadde med og lagt ned i ei grop og dekka med steinar og snø for å beskytta dei mot rovdyr. Seinare skal kjøtet hentast.
Klokka 5 byrja me å gå nedover. Martin sa frå at me måtte skunda på skulle me koma ned før det vart mørkt. Me klarde det, men det var anstrengande.

Informasjon frå Olav Fyrde, son til Martin:
Ein par dagar etter jakta var Olav, med Anders Vinje som kjentmann, avgarde og henta kjøtet. Dei brukte Ingebrikt Sundve sin hest og gjekk opp frå Brandset.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Jegerar frå holbygda og Myrkdalen i åra 1930-1940
Frå venstre: Thorstein Skjervheim, Olav Sundve,Mons Straume, Lars fjeli Herheim, Lars Kb. Mørkve, David Sausjord,?, anders Frønningen.
Foto utlånt av Gunnar Midtun
Meta-Description:Nokre jegarar kviler seg og pratar.
Meta-Keywords:Vossestrand,Myrkdalen,Holbygda,Thorstein Skjervheim, Olav Sundve,Mons Straume,Lars Kb. Mørkve,Lars Fjeli Herheim,David Sausjord,Anders Frønningen

På reinsjakt i Strandafjella
av Johan Husdal
Johan Husdal (1895-1989) var meieristyrar på Vossestrand Meieri frå 1924 til 1964 .
Han var oppvaksen på ein fjellgard i Lindås og
 levande interessert i alt som hadde med fjellet å gjera. I mange år var han med på reinsjakta, og i 1985 skreiv han ned ymse minne frå jaktturane han hadde vore med på. Han kalladet ”Jaktkrønike 1934 - 1974”, og Gamalt frå Voss prentar hereit utdrag: 
  Vossestrand reinsdyrlag vart skipa i 1929. Det vart innkjøpt 10 dyr, 8 simler og 2 bukkar. Den einebukken dauda fyrste vinteren. Fleire gonger prøvde reinen ådra tilbake til Finse, der dyra var kjøpte, men kvar gong vart deimøtte og jaga tilbake til Bytningane, der dei var sleppte. Fyregangsmennenefor kjøpet og sleppinga av reinen i Horgafjelli var Nils O. Midttunog Anders Arnfinnsen Gavle. Det var dei som passa på reinen og såg etter dyra, både sumar og vinter. Luteigarar i laget var berre deisom hadde skyldsett jord. Fyrste kalvinga gjekk fyre seg i Bytningane, ogder heldt reinen til i mange år med kalvinga. 

 (Klikk her for å lesa om jakta i 1934) I 1935 var det fyrste gongen eg var med på reinsjakt. Eg var ikkje luteigar, men fekk løyve tilå reisa på ein annan sin lut. Me samlast seint ein fredagskveld på Hommedal og låg i løda der. Kl. 6 om laurdagsmorgonen, i fyrste halvdelen av september, starta me, 10 mann. Turen gjekk over eggi til Tvinnesstølen og Volane. Der trefte me folka frå Dyrvedalen. Etter samrøda og matpause vart det avgjort at me strendingane, unnateke ein, skulle gå til Volakroken og liggja der om natta. Me skulle samstundes sjå etter rein. Dyrvedølene skulle ta mot aust frå Volane og sjå etter rein på den kanten. Me såg ikkje rein derme gjekk, og heller ikkje om kvelden.
Sundagsmorgonen var me tidleg oppe, og fekk oss mat. Ein mann hadde ikkje mat med seg, han gjekk rundt og tok litt hjå kvar, utan å spørja om noko. Slik heldt han det gåande under heile jakta. Nei, flau var han ikkje.
So vart det start mot Kaldavatnet. Me var komne opp fyre kanten av Volakroken, mot Kaldavatnet, då det kom to mann veiftande og haukande, mot oss. Dei kom med bod om at reinengjekk ved Store Piksvatnet. Og like ned med vatnet gjekk ein reinsflokk på ca. 15 dyr og beita fredeleg. Det var tre dyr me skulle fella, og tre mann vart uttekne til å skjota, men alle skulle vera med og sjå når reinane vart skotne.
Det var tamrein som var kjøpt på Finse, og dyra var ikkje serleg vâre for menneske eller lukta av dei. Dei tre som var uttekne, Nils, Lars Draugsvoll og Anders, skulde skjotapå teljing. Folka fekk ordre om å halda seg løynde ogheilt i ro til dei fekk nærare varsel. Dei fleste hadde aldri sett reinfør, men det var mange kloke råd å høyra. Dei somhadde vore med året før, kom lite til orde. No var det samla ein flokk på ca. 30 mann.
So vart dei tre skyttarane kommanderte i stilling. Ein, to, tre: Der small skota. Heile manneflokken spratt opp, veifta og skreik, skjente, og var meir eller mindre galne. Berre ein reinsbukk låg att. Dei andre reinsdyra tok tanande floget, over berg og dal.Kven var det so, som hadde skote den reinen som låg att? Jau, han Anders melde frå at det var han. Han vart rosa i høge tonar for dette skotet, ja, like mykje som ein verdsmeister i skjoting. Og mindre med ros vart det ikkje då me kom bort til reinen og såg at kula hadde gjenge på skrå over nasen og inn i hjernen. ”Eg hadde berre hovudet å sikta på,” sa han Anders. Men ein av dei som ikkje hadde halde seg i skjol, sa at ”det var merkeleg, for alle tre reinane stod då medbreidsida til.”
Ein del av karane sette på sprang etter reinen. Me andre laga oss mat, flådde reinen og bar kjøtet ned i eitt av seli i Volane. Då me kom oppatt på høgdi, høyrde me eit ljoalag, det kunne vore frå ein heil her, somkom heim etter ein større siger. Jau, dei hadde skote ein reinsbukktil, og det var han dei song over. No hadde dei fenge ein rein til årsmøtet, og ein rein til dei i Dyrvedalen. Me strendingane fekk ta oss ut på ny leiting etter rein. Me spreidde oss, og tok føre oss Borgadalane og oppetter Piksvatna. Seint sundagskvelden møttest me på Tvinnesstølen. Der var det ikkje nok senger til alle, so det vart ein del krangel om sengeplassen. Nokre laut liggja på golvet. Men etter at me hadde fenge oss mat og kome til ro, var det ikkje lenge før ein høyrde snorking.
Personane er: 1.Lars Bjørgås, 2. Mons Straume, 3.Odd Bratthole, 4.Johan Husdal, 5.Kolbein Straume, 6.Anders Sundve, 7.Per A. Naasen eller Olav M. Rekve, 8.Knut Gjerstad, 9.Olav A. eller T. Hæve, 10.Lars P. Draugsvoll, 11.Brynjulf Herheim ellerKlaus Vehte, 12.Bjarne Røthe, 13.Henrik Hommedal Lund, 14.EirikVeka Vetlestølen, 15.Jørn Tvinde, 16.Odd Oddsen Hæve,17.Anders M. Rekve, 18.Olav N. Røthe, 19.Johannes Rongen, 20.? Gilgjarhus, 21.Anders Hirth Hæve, 22.Anders Haga Bruteigen, 23. Eirik O. Hæve. Foto utlånt av Lisa Sundve
Det hadde vore fint ver både laurdag og sundag. Då me vakna om måndagsmorgonen, var det skodda og fjellgrin. Humøret var det so som so med. Korleis skulle me finna rein i skodda? Det vart vedteke av dei som styrde med det at me skulle gå til Bytningane. Han Nils haddevore og henta kvann om kvelden, og mist pipa si, og no ville han av åsjå etter henne. Me gjekk lenger oppe. Etter ei tid kom han Nils halsande,vinka og hauka, då han kom nedfor ein hamar. Det er noko han Nils vil,sa eg. Nei, sa han Mons Straume, han vil at me skal venta på han, menhan er so godt trena i fjellet at han når oss att. Me tok til ågå att, men Nils hauka endå meir. Det vart so at me stogga forå høyra kva han ville. Han Nils kom, andpusten og sliten, ogsa at reinen gjekk nede ved Borgavatnet. Det var vanskeleg å tru. Mehadde gått der kvelden før, og ikkje sett noko. Kom no her,sa han Nils. Men han Mons, som var sjef, var treg. Ja, eg reiser ned og skyteit eit dyr, sa han Nils, so får de koma, de som vil ha reinskjøt.Det vart so at alle vart med.
Jau, so sanneleg gjekk der ikkje ein flokk på 10 reinsdyr. Storebukken var byrja å jaga. Han heldt ein ring rundt simlene so ikkje småbukkane skulle koma til og para. Det var ein vanskeleg jobb, for når han jaga ein liten bukk, var dei andre stad og para. Storebukken tok ein årsgamal bukk på horna og sende han ut på vatnet. Men bukken var ikkje verre faren enn at hansumde til lands, kom seg opp og para ei simle før storebukken vann over elva. Nokre simler var komne over på andre sida av elva.
Han Nils var for andpusten til åskjota, so det vart han Lars som skulle skjote det dyret me skulle ha. Detgjekk fort og greitt med skjotinga. Flåinga og eit matamål fekkme unna på kort tid. So var det på heimveg i skodde og fjellgrin. Men han Mons og han Nils var godt kjende i fjellet, so me slapp rota oss borti skodda.
Det var midt i september 1940. Det skulle verta reinsjakt i år og, men vilkåret var at den tyske majoren, som tok Voss, skulle vera med. Han hadde sett det kravet at dei somskulle vera med, måtte vera sportsfolk.

Det skulle vera start frå Gavle kl. 06.00. Han Nils og eg stod klare til å taka mot major Klein, når han kom. På slaget 06.00 stod han i Gavlstunet og hadde med seg ein til å bera. Sjølv bar han gevær og ein liten skuleransel. Han helste med strak arm, og so opp i handa. So spurde han meg fyrst, kor gamal eg var. 45 år, sa eg. Mykje for gamal, sa han. So spurde han korgamal han Nils var. 52 år, svara Nils. Mykje for gamal, sa tyskaren. Me lurde på om han ville snu, når han fekk med seg so gamle folk, men det vart no til at me starta.
Major Klein sette opp ein fæl fart. Eg tenkte med meg at går du, so skal eg halda fylgje med deg. Han Nils bad om at me måtte sakta på farten, for det var langt å gå. Dette høyrde ikkje majoren på. Det vart same farten ut i Reppane. Opp Reppabotnen var det ikkje vanskeleg å halda fylgje med majoren. No slo han Sigmund Engeland lag med oss, og oppå Reppeggi trefte me nokre til som skulle vera i lag med oss. Det var OlaRøthe, Kolbein Straume og Sjur Hommedal. Etter å ha kvilt litt,bar det i veg att.

Om kvelden før og ut over nattahadde det regna, men om morgonen hadde det frose, so det var glashålt på alle steinar. Oppe i Svultabotnen var det snø, og opp mot Bytningaeggi gjekk snøen over kneet. Kven som kom på kvar me skulle gå var det ingen som ville vera ved seinare. Men eg trur det var han Nils, for han var best kjend, og han var leidar for jakta. Det vart so at me gjekk på sørsida av Mykjedalsvatnet, gjenom urda. Der var det glashålt. Me andre var vane med litt av kvart. Men tyskarane, som hadde gjenge hanemarsj ut i Reppane, greidde seg dårleg. Dei gleid og dei skreid, stundom på to og stundom på fire, og ikkje sjeldan både på magen og på bakenden. Me gjekk som om me ikkje sågnoko.

So vart det snøen å vassai. Midt oppe i Svultabotnen fekk major Klein krampe i båe låra. Han kom ikkje av flekken. Han stod der og gnika på låra sine, og litt etter litt losna det til med han. Men det gjekk smått. Mehøyrde ikkje noko meir om at me var for gamle, korkje han Nils ellereg. Men so hadde me no gjenge rundt Mykjedalsvatnet på sørsidaog so burt på Strupen, før me sette i vegen opp Svultabotnen.Kva majoren tenkte, eller om han forstod det, veit eg ikkje. Men det sågikkje ut til at han ante noko.

Farten opp Svultabotnen var så liten at me andre heldt på og få frost i oss. Han Nils kunneikkje gå frå tyskarane, men eg sa til han at me andre tek ossein tur for å sjå etter reinen, so mykje me kunne få varmeni oss. Veret var fint, overskya, med ein frisk fjellvind. Ein kunne ikkjestå i ro lenge før ein fekk frost i seg. Han Sigmund og eg slolag. Det var ikkje lenge før me fann rein millom Jomarsnosi og Svartehorgi, heilt innunder berget. Me måtte heilt nedpå kanten for å sjå reinen. Me skunda oss tilbake og fekk tak i han Nils og tyskarane. Majoren var redd for å gå nedpå kanten so han kunne sjå reinen. Men til slutt våga han seg til, då me stod rundt han. Den andre tyskaren stod lenger oppe. Truleg skulle han halda auga med oss, dersom me kippa majoren utføre. Men då majoren fekk auga på reinen, var det me som vart redde. Han hoppa og skreik, og omfamna oss, so me vart redde me skulle gå utføre. Det var då både snø og is der me stod. Men me kom oss vel opp frå kanten, og so fekk den andre tyskaren gå nedpå for å sjå reinen. Det vart på ny Hitler-helsing og handhelsing og gratulasjonar, ved synetav reinen.

So var det å koma seg ned. HanNils tok til å forklåra korleis me måtte gå, og korlang tid det vilde ta. Då majoren høyrde at det tok ein timeå gå rundt, ville han vita om det ikkje var ein snøggveg. Jau, eg visste om ein veg ned frå Jomarsnosa og var nedover og såg etter om det var råd å koma ned. Eg sa med han Nils at han og eg ville noko koma oss ned, men det vart vanskeleg for tyskarane, so klønete som dei er til å gå. Han Nils til å forklåre majoren dette, men han sette på at ned der skulle dei gå. Eg hadde ein stygg mistanke om at majoren forstod norsk godt. Seinare fortalde han at hanhadde vore mange gonger i Noreg på elgjakt.

Me kom oss ned etter at me hadde boreryggsekken og ranselen til tyskarane, og geværa deira, og støtta dei både på sida og framme og bak. Reinen gjekk like roleg,og det var berre for major Klein til å skjota. Laglegare kunne detikkje vera. Det var berre til å leggja geværet nedpå, ogbrenna laust. Reinen datt. Han kunne ikkje bomma på det haldet.

Frå venstre: Sjur Hommedal, major Klein (Wehrmacht), Kolbein Straume, Nils Midtun, Sigmund Engeland, Johan Husdalog Olav N. Røthe. Foto Deutsche Wehrmacht, utlånt av GunnarMidtun. Meir informasjon om major Klein: Walter Klein, fødd 31.08.1890i Drespe, Krs. Köln. Døde 22.03.1941 i eit snøras vedMjølfjell. Tilhøyrde Stab III/Infanteriregiment 193.Er gravlagdpå gravstaden for tyske soldatar, Bergen/Solheim. Han let etterseg ei kone, som døde 29.04.1985.
No vart det ein seremoni som eg ikkje har vore med på, korkje før eller seinare. Klokka var pålag 12 då reinsbukken datt. Men me kom ikkje derifrå førkl. 15. Fyrst skulle majoren helsa med Hitler-helsing, og so helsa han oppihanda på alle oss 6 som var med. So skulle kvar av oss ha ein jaktdram,og etterpå var det same helsinga ein gong til. So skulle majoren ogbukken fotograferast frå alle kantar og stillingar, og då meflådde bukken, vart det ny fotografering. Likeeins då kjøtet låg på snøen, då kjøtet skulle gravast ned, og då det var nedgrave så berre steinhaugen viste. Alt vart gjort grundig, på tysk vis.
Major Klein skulle ikkje ha kjøt, han ville berre ha horna av bukken. Det var ein stor bukk han hadde skote, og horna var uvanleg fine. Men majoren fekk ikkje mykje gleda av horna,dei kom ikkje lenger enn til Sundve skule.
So skulle me skilja lag, dei to tyskarane skulle ikkje vera med lenger, dei skulle tilbake til Vossestrand og til Voss. Det vart ein ny seremoni, med handtrykk og Hitler-helsing. Me hadde visst synt oss verdige til å få jakta åleine.
Major Klein hadde teke Voss i aprildagane 1940, men i aprildagane 1941 tok Voss majoren. Han gjekk med i ei snøskreda i Rjoandalen. Han skulle læra tyskarane å gå påski, og å ta seg fram i fjellet.Han hadde vel i minnet reinsjakta hanhadde vore med på. Han ville vinna over fjellet, men det vart fjelletsom vann på han. Korkje dei tyske soldatane på Voss, eller mesivile, syrgde ved denne skredulukka.
I 1945 vart det vanleg reinsjakt. Me møttest på Mørkvesstølen og låg der. Menno såg det ut til at alle var skyttarar, ja, storparten bar gevær. Kor mange mann det var, veit eg ikkje, men mange var dei. Den neste natta låg me i Mørkvesgrøndalen. Dyr fekk me, men det varmykje stygg skjoting, både skadeskotne dyr og sundskotne dyr, so mykjekjøt gjekk vekk. Ein må vel helst segja at det var ei utrivelegjakt. Det var ikkje likare i 1946, eller i 1947. Me heldt til på deisame traktene, Mørkvesgrøndalen og Sendedalen. Mange og dårlegeskyttarar. Det var dei som fekk dyreskjelten, når dei såg einrein på 5 km. avstand. Noko måtte gjerast, og det vart til atdet vart valt tillitsmenn, som anten kunne skyta sjølve eller leigaein godkjend skyttar. Dette gjekk fint i fleire år.

Det var tidleg reinsjakt i 1951. Varmt var det og. Eg hadde fenge lov til å leiga Sendebu. Åleine rusla eg om Mørkvesberget til Sendebu. Om natta då det vartkjølegare, strekte barduna seg so det vart ei fæl knaking ogbraking i hytta. Eg var tidleg ute, og brukte kikkarten.Jau, der gjekk einflokk med rein, oppe i eggi over Vesle Skabotn. Det var ikkje lenge åventa før eg høyrde og såg ein flokk karar, det var reinsjegrar.Men du for eit ljoalag dei heldt. Dei kom ned til Sendebu og ville høyra om eg hadde sett rein. Eg sa som sant var at eg hadde sett rein i Vesle Skaboteggi. Dei dyra har me og sett, sa han Henrik Dugstad, men det er sauer, og det erikkje det me er ute etter. Han Sjur Nesheim (Kvasshaugen) ville høyra meir om kva eg meinte, men vart fort avfeia. Turen gjekk oppå Asbjørsdalseggi og Skjervheimseggi og attende til Sendedalen. Der sette han Sjur opp, fekk eit par mann med seg, gjekk over Vesle Skabotseggi og ned mot Skjellingastølen, der han skaut nokre dyr. Det vart myrke kvelden før dei kom tilbake til Sendebu. Der vart det kokt kjøt og ete i lange banar. Og deivar snøgge med å ha seg i seng. Då eg, som hadde leigthytta, skulle leggja meg, fekk eg plass i skotet i lag med Oddmund Nesheim,på nokre steinar. Om morgonen var dei snøgge til å komaseg avstad. Det vart han Lars Hirth Nesheim og eg som fekk vøla avetter flokken. Det såg ut som på ei slagmark. Dette var ein laurdagog eg venta eigarane av hytta.
br> Rein var det nok av den dagen. Detvart skote mange dyr. Det vart so at eg fekk han Sjur og eit par mann tilmed meg, so me kom ut frå den mølja. Det var mange som aldri hadde vore på reinsjakt. Dei stod og skreik og gaulte at skyttarane måtte koma her og her. Dei trudde visst at reinen var både dauv og blind.
br> På den turen fekk me sjå korleis to simler trena kalvane sine. Det var eit lite dalsøkk, med ei lita tjørn i eine enden. Det var to simler og tre kalvar og ein stor bukk. Fyrst sprang simla med dei tre kalvane. So måtte kalvane alle springa saman, og ut i tjørna. So ein og ein om gongen. Ein gymnastikklærar kunne ikkje ha gjort det betre. Men me øydela idyllen for dei. Han Sjur skaut den store bukken, og kalvane fekk nok bruk for lærdomen sin.

Då me kom til Sendebu, var eigaranekomne. Det vart berre eg og eit par til som fekk hus. Dei andre måttesøkja overnatting andre stader.
I 1952 samlast me på Nyestølen kvelden før jakta skulle byrja. Dei som var med, var Sigmund og Helge Engeland, Einar Husdal, Lars Engeland i lag med to mann som vart kalla Tilten og Fageren, og so eg. Me fekk ikkje lov til å skyta inn riflene før me kom i Mykjedalen. Dei sa at me kunne skremme hestane. Me kom ned til Sydalsvegen, der skulle me prøva riflene. Det vart skote mange skot, og me tok ossog ein matpause. So var det på farten att.
Då me kom so langt at me sågmot Sydalseggi, der for reinen i eitt tanande jag. Det viste seg at reinenhadde vore nær oss då me byrja å skyta. Me sette etter,og oppe ved tjørnane, ved Kvitenosi, fekk dei skote fire dyr. Dethadde vore ein hard marsj. Han Lars og eg vart litt etter, men langt bakkom Tilten. Me kunne ikkje gå frå han. Fageren var ein stor, kraftig kar. Han sette ryggsekken sin ved den fyrste skotne reinen og tok seg eit tur oppå Kvitenosi.
Tilten kom no opp til dyra som varskotne, hivde sekken og pusta ut. ”Kva skal me gjera med alt dette kjøtet?” spurde han. ”Det skal me bera med oss heim,” var svaret. ”Då lyt eg tøma noko av det eg har i sekken,” sa han, og tok til å ta opp av sekken den eine fiskebolleboksen og seikakeboksen fyre og den andre etter. ”De må hjelpa meg å eta, elles lyt eg kasta det,” sa han. So mykjefiskebollar og seikaker har ikkje eg ete korkje før eller seinare, og det trur eg ikkje dei andre har gjort, heller. Sekken hans måtte minst ha vege 35 kg.
Då dyra var flådde og kjøtet nedmura i ei snøfonn, tok me på veg att. Me skulle liggja i hyttai Volakroken. Då me nærma oss Svartavatnet, kom reinsflokken mot oss. Etter kom fire karar som sprang rett på reinen og skaut medan reinen var i vill flukt. Men det låg ikkje att noko dyr, og me fekk mistanke om at dei såra dyr. Me gjekk bort til dei so me fekk vita kvendesse villskyttarane var.
Då me kom i Volakroken, var brua vekke. Elva var stor, så det var vanskeleg å koma over henne. Men Sigmund og Einar vassa over, dei stødde seg til geværet. Vatnet gjekk oppå magen. Fageren sumde over. Han sprang naken opptil hytta etter ein planke, og med ei lina til hjelp fekk dei planken over,so Helge, Lars, Tilten og eg også kom over elva. Fageren gjekk tilbake og henta sekken sin.
No byrja det å regna. Det var godt å koma i hus, serleg for dei som hadde vassa over elva. Kvelden gjekk med å koka reinskjøt og fortelja jakthistorier. Me tok oss ein liten dram og, før me gjekk til sengs.
Det regna heile natta. Om morgonen såg me ikkje att planken som me hadde brukt til bru kvelden før. Skodda var tjukk, og det rekna like mykje, så me måtte finna ossi å liggja verfaste. Mat og hus hadde me. Ut på dagen kom karanepå at der var ei kiste som me kunne laga om til båt, og det varteit større arbeid med tetting. So skulle båten setjast påvatnet, og det måtte vera ei ordentleg sjøsetjing. Han Einarstod for namnet og dåpen. Båten skulle heita Innvolafjord. Klarardet seg ikkje med Volafjord? spurde han Helge. Nei, sa han Einar, dette erso innvikla at me må ha ”inn” med. Då båten kom på vatnet, viste det seg at han bar berre ein mann. Me var like hjelpelause.
Regnet hadde gjeve seg i 16-tida. Det hang att ein vaier av brua. Han Sigmund klatra ut på vaieren og fekk laust eit vaierlås. Me tok til å strekkja opp vaieren og laga til ein heis som me kunne sitja i. Me prøvekøyrde han omkvelden, men då me var ferdige med det, var det mørkt. Det varikkje rare reidskapen me hadde til å hjelpa oss med, men det er utrulegkva ein kan klara, når det røyner på.
Neste dag var det bortimot klår himmel. Me var tidleg oppe, so starten gjekk kl. 6. Eg var fyrste mann over. Alt gjekk etter planen. Lina som Sigmund hadde, kom vel med no, med den fekk me drege stolen tilbake.
Så kom me opp til kjøtet, fekk det oppgrave og fordelt på 7 mann, men ikkje like mykje på kvar. Fageren ville ha med seg ei reinshud og attåt kjøtethadde han sikkert ei byrd på nærare 50 kg. Men det vart tungebyrder på alle, for det var store reinar me hadde skote.
Me skulle nett til å få oss mat, då uveret sette inn. Han Sigmund tok opp kart og kompass og streka opp retningen. Me tok kjeks og sjokolade i lommene, og so bar detavstad, med Sigmund i spissen. Det var storm og snøkavar, so det varlite me kunne sjå. Ein gong skulle me prøva å kvila, menveret var so fælt at me byrja frysa, straks me stogga. Det var berreå gå på.
Kl. 15 kom me til Svultabu. Hytta var ikkje ferdig, men det var no livd, og me fekk koka oss kaffi og eta eit betre måltid. Me trong sårt om mat no. Her ved Svultabu varikkje veret so fælt som oppe på Skreieggi, men surt var det.Me stogga berre so lenge til me hadde fenge maten i oss, so var me påfarten att. Me gjekk Sundvesfjellet, til Nyestølen. Det regna heiletida, so støvlane vart fulle av vatn. Me stogga ikkje på Nyestølen, det bar beine vegen til Flyhjellen. Der lånte me telefon hjåOlav Hole og ringde etter bil, så resten av heimturen var makeleg.
div> I 1965 bygde han Ivar hytte på Vikafjellet. Me arbeidde på spreng for å få ho ferdigfør reinsjakta. Samlestaden for jakta var Svultabu, der me visstereinen heldt til. Ja, so samlast me att, gamlekarane, han Lars, Helge, Sigmund,eg og sønene mine, Ivar og Jon. Han hadde no vore med to gonger før, men det var 9 år sidan. Som sist skulle han Lars og han Helge vera kokkar,Ivar og Sigmund skyttarar, Jon og eg flåarar. Me var oppe dagen førjakta skulle byrja. Om sumaren hadde me hatt opp ved og parafin som me skullebåde få varma oss og koka maten.
Eg og han Ivar tok ein runde for å sjå etter reinen, som var alle stader rundt hytta. På nordsida av Mykjedalsvatnet kom ein mann med gevær. Då han såg reinen vart han ståande heilt roleg. Me såg etter rein og passa ikkje på mannen, han vart heilt vekke for oss. Me gjekk rundt allesteinar og haugar på nordsida av vatnet, men me såg ikkje noko.Reinen tok inn mot Svultabotnen om kvelden.
Me var tidleg oppe morgonen etter og tok oss opp Svultabotnen. Der trefte me to jegerar som spurde om me hadde sett rein. ”Nei, ikkje i dag,” sa me. Dei sette opp farten mot Bytningane, me runda av mot Steinsetnipa. Der var reinen. Ivar skaut og Sigmund skaut. Det var ikkje lenge å venta før der var mange jegerar. Ivarog Sigmund skaut kvar sitt dyr til, Jon og eg flådde og mura ned kjøtet.
Reinen vart berre gåande i ring.Kvar han kom, var det jegerar, og dei skaut. Ein av dei var riktig uvørenmed skytinga. Slike som han skulle aldri fenge gevær i hendene, ellervore med på jakt. Før kvelden kom, hadde Ivar skote 4 dyr ogSigmund 5 dyr. Lars, som i yngre dagar var reine storskyttaren, var ikkjegod til å halda seg. Då reinen kom forbi hytta, tok han geværetog skaut ein rein, han og.
Det var godt å koma i hus og få varmt vatn til vaska av seg blod og hår, og so få kvila. Ryggen verkte, for eg hadde stende for lenge kroket og flått. Det vart drukke mange liter vatn og saftblanda den kvelden. Kor mange rein som vart skotne den dagen, veit eg ikkje. Dagen etter var det att berre ein liten flokkmed rein, og nokre av den flokken måtte og lata livet.
Me avslutta jakta, for me hadde fylt den kvoten som Sigmund og eg var tillitsmenn for. Men mange heldt fram med jakta, og dermed klarde dei nesten å rydda ut reinen i Fjellheimenvest, berre eit par hundre dyr var att. Då jakta byrja, rekna ein medat der var ca. 1200 dyr. Ingen kan gjeva greida på kvar kjøtetvart av. Me trefte og på dyr som var skotne, men som ingen hadde bryttseg meir med, eller som hadde vorte borte for dei.
Reinen vart erklært til å vera villrein, og reinsdyrlaget vart oppløyst. Det vart stogg i den lovlege skytinga i fem år. Men den ulovlege skytinga heldt fram. Det viste seg på dei skadde dyra ein trefte på. Me skaut eit dyr vedSåto. Det var han Sjur som skaut, han Sigmund og eg var med. Eine bogenpå reinen var heilt overbetent og full av materie. Det var eitt dyrtil som var skadd, men det fekk me ikkje skot på. Dagen før sågeg i flokken ein stor bukk som halta, men han fann me ikkje.
Ein sundag eg var på Vikafjellet såg eg ein reinsflokk på 33 dyr. Eitt av dyra, ein bukk, hadde ein heil vase med skyteleidning rundt halsen og horna. Eg melde frå til viltnemnda, som ordra folk til fjells for å ta livet av dettedyret. Det var Sigmund, Sjur og eg som tok avstad. Me fann dyra att i Katladalen. Det viste seg at skyteleidninga hadde skore seg heilt inn i kjøtet på halsen av reinen. Det var godt at lidinga tok slutt, for det dyret.
Meta-Description:
Meta-Keywords:Johan Husdal,reinsdyrjakt,Major Klein

2005 - Artikkel av Halle Skjervheim

Meta-Description:
Meta-Keywords:


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger