9. mai 1945. Samling av heimefrontfolk på Vossestrand
11 Foto er utlånt av Knut Engeland, Agnes Hommedal, Gunnar Midtun og andre
Informasjon om biletet ovanfor. Eigar av foto: Tor Lone (USA)
Ingrid Arnetveit: Fv. Signy Arnetveit gift Grindheim og busett i Mosterhamn, Anna Hommedal gift m/Torstein Repål og busett i Ålvik, Magnhild Arnetveit ugift og busett på Vossevangen, Brita Egdetveit gift m/Sjur (Gjerde?) busett i Jostedalen.
Marit Lise Arnetveit: Dette bilete er tatt på Egdetveit flyne,veit ikkje sikker dato,men mai dagar 1945.Desse damene kokte lapskaus til heimafronten frå Reppen (Tvinne-Løno)Lapskausen vart kokt på Egdetveit, og dei bar den ned i 15 l. spann. Tallerkar og bestikk vart henta i Ungdoms huset her.Det var 25 mann som fekk mat på Flyne den dagen.Etterpå fekk damene nytt oppdrag.Det var å sykla til Vinje Hotell,der dei skulle sy knappar i uniformene deira.Damene blir tatt bilete av med skikkeleg gevær,det skulle vera som ei takk for at dei stilte opp.Det vart litt oppstuss her,for alle gevera skulle ikkje vera ladde,men det var eit gevær som var ladd,men sikra! Dette er etter samtale med Magnhild Arnetveit.
Odd Henry Hommedal: Løa oppe til venstre er Oppistovo på Holo. Biletet er truleg fredsdagen frå 8.mai 1945. Mor seier at dette som Marit Lise skriv er rett. Ho sjølv var i ungdomshuset og hugsar godt alle folka nede på Egtveitsflyane..
Meta-Description:
Meta-Keywords:


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger