Krigsplakat Advarsel Skyting
 
Bilete av plakat som heng på Sogelagskontoret.
1940 - 1945 Diverse skriv

Meta-Description:HEIMEFRONTEN Heimefronten er ein realitet. Kampen for Noreg kan når som helst ta til. Då gjeld det at me kan koma oss fort i gjenge. Alle skal snarast mogeleg gjera klart utstyret sitt, så dei kan vera ferdig på ein augneblink.
Meta-Keywords:Heimefront,Vossestrand

HEIMEFRONTEN - OPPBYGGING FRÅ 1942
ORGANISERING. Fortald og nedskrive av Gunnar Engeland.
(Digitalisert av Per Husda)
Dei fårste åra vart det ikkje drive med noko organisering av Heimestyrkane. VI pråvde og å oppspora kor mykje våpen og utstyr der var i bygda og det var ikkje lite. Alt var slikt som låg att etter troppene som rømde frå Voss under samanbrotet der i 1940. Av våpen var det Krag rifler og karabinar. Det fårekom og nokre pistolar og revolverar. Det viktigaste var at desse våpena vart pussa og heldne reine for rust. Ikkje alle som har gøymt våpen var heldige med det. Dei hadde gøymt dei på fuktige plass og ikkje sett ofte nok om dei. Automatvåpen hadde vi ikkje. Ammunisjon hadde vi plent i etter at billasset ved Grotlandsbrua vart berga, men også noko av dette vart øydelagt av dårleg lagring. Dei i heimestyrkane som seinare vart leidarar, hadde ei viss peiling på kor mykje våpen og ammunisjon der var i bygda, men det var aldri nemnt.
Hausten 1942 kom Knut Gjernes ei tur på Stronde%A8. Han tok kontakt med Helge G. Engeland og Sigurd Øyestad i Harkahaugen, for kona hans, Brita, var dotter til Margreta (kona til Helge).
Han meinte ein måtte skipa kampgrupper. Kvar gruppe kunne vera på 2-3 mann og opp til 7-10 mann. Kvar gruppe skulle ha sin gruppeførar. Desse gruppene skulle vera klar til innsats mot tyskarane når det vart kravt.
Knut Gjernes var kommunist og dei nemnde kampgruppene vart difor underlagt kommunistane sin organisasjon utan at dette nokon gong vart gong vart nemnt.
Gjernes var og på Rødno der han hadde eit måte med Einar Hagen og Gustav Brekkhus. Kanskje var der fleire. Kanskje Gjernes også hadde måter andre stader i bygda og, men det kjenner ein ikkje til. Gjernes var ein ivrig og eldfull organisator. Dei fleste var oppglødde etter å ha møtt han. Desse gruppene var etter russisk mønster. Dei var ikkje oppsette som militære einingar i lag og troppar.
Kommunistane hadde i 1940 faktisk ståtta Hitler sin krig "mot kapitalismen". Pressa deira gav full tilslutning til pakta mellom Hitler og Stalin, men då Hitler gjekk på Russland i 1941, var det gjort. Da fekk pipa ein annan lyd. Organiseringa var i siget, men det gjekk ikkje fort.

5/2 1943 om kvelden tok Johan Husdal i mot eit par karar som var send til han frå Georg Borge på Oppheim.
Det vart kalla inn til eit måte på snikkarverkstaden til Anders og Olav Midtun på Vinje (Sjå foto oppe på sida).
Der samlast karane på ei lite skrårom oppe på loftet. Dei fleste sat på golvet og stødde ryggen mot veggen. Johan Husdal kom med dei to karane.
Den som leia møtet var ein eldre mann med bartar og ei gulltann framme i overmunnen. Han hadde ein ungdom med seg. Ingen presenterte seg. Den eldste heldt eit lenger innlegg og motstand og sabotasje. Han var ikkje heilt heldig. Han opp fordra til auka produksjon av mat og daglegvarer og i same andadrettet opp fordra han til sabotasje mot produksjon eg forsyning til tyskarane. Gamle ordfåraren Odd Hole Håen tok del i diskusjonen etterpå med utgangspunkt i dette og påviste at det ikkje var samanheng i parolane. Dei slo kvarandre ihel.
Gamlingen pråvde å ro seg i land, men kom heller dårleg frå det. Etter dette kalla vi gamlingen berre for "gulltanna".
Desse var med :
1. Anders Midtun 8. Odd Hole Høen
2. Olav O. Midtun  9. Sigurd Øyestad
3. Nils L Hommedal 10. Sigmund Engeland
4. Johan Husdal. 11. Gunnar England
5. Lars %C3˜. Nesheim
6 . Helge G. Engeland
7. Knut G. Engeland
Der var i alt 13 mann med på dette måtet. Vis det var med gamlingen og den som var nest- leiaer det. Var dei utanom, hugsar eg ikkje kven dei 2 siste var.
I tida framover i 1943 tok organisasjonen form. Men frå først av var alt nokså lausleg. Vi viste om grupper ymse stader på Stronde, men for å sikra mot opprulling, vart dei haldne nokså skilde frå kvarandre.
Nils L. Hommedal voks litt om senn fram som leiar. Han var dagleg til Voss med lasteruta si og fekk etter kvart god kontakt med leiarane der.

Vi vart tidleg på året lova forsyningar med flyslepp.
Olav Midtun og ein til var til fjells og tok ut slepp-plassen. Dei festa seg ved Kvitenostuftene.
Dette synte seg seinare å vera feil. Det låg for lågt og fjella rund var for håge i dårleg sikt.

Sigurd Øyestad
Sigurd Øyestad vart vald til våpeninstruktår. Han gjenomgjekk eit kurs på Almeland der han lærde britiske våpen å kjenna.
Seinare drog han rundt i bygda og heldt instruksjon for grupper på nokre mann på kvar stad.
Dette galdt våpen som stengun, Colt 4-5 og bruk av Comandokniv som var ein tve-eggja dolk til å ta vaktpostar med. Vidare hadde han med Mills hand-granatar.
Alle dessa ting var svert lett å setja seg inn i og enkle å frakta med seg.
På sagbruket Rådne var eg ein sein kveld med på ein slik instruksjon i dei nemnde våpen.
Sigurd var ein kald fisk og høvde godt til denne jobben (Meir om dette nedunder)

Seint ein kveld hadde Sigurd Øyestad hatt instruksjon av ei gruppe på Stalheim og visste ikkje korleis han skulle koma seg heimatt. Sigurd Johnsen var sjåfår for dei tyske militære og stod og venta på eit par mann som var på hotellet.
Han var ikkje klar over kva Sigurd Øyestad dreiv med og nemnde at han skulle til Voss og at Sigurd kanskje kunne få vera med ned i Holbygde.
Jau, det var det ingen vanskar med for tyskarane. Sigurd var sett inn i baksete med ein tysk offiser på kvar side. På fanget hadde han alle våpena i ein jutesekk. Tyskarane pakka eit pledd rundt han og ville ikkje at han skulle frysa. Det ramla litt i våpena, men dei trudde vel det va.r røleggjarverktåy. Då han kom til Sundve, vart han bukka ut, og sjølvsagt takka han hjarteleg for hjelpa. Var det nokon som hadde gått gjennom ein kontroll den kvelden, så var det Sigurd med sitt offiserfylgje.
Soga stadfester: Frekkheten lenge leve.

Den harde kjernen
Det skilde seg etter kvart ut ein hard kjerne av karar i Holbygde og på Vinjo. Slike som Nils L. Hommadal, Johan Husdal, Lars Ø. Nesheim, Olav O. Midtun Gavle, Anders O. Midtun, Helge G. Engeland, Einar Hagen, Gustav Brekkhus, Lars G. Engeland på Framnes, Ivar Ødegård, Sigurd Øyestad og brørne mine (Sigmund og Helge) saman med far (Knut G. Engeland).
Ein heil del andre var og involverte, men dei hadde ikkje kjennskap til sambandet og radiostasjonen. I grunnen var det litt for mange som hadde kjennskap til stasjonen. Hadde ein av dei vorte hekta, kansje på ein bagatell, og så vorte banka mest forderva av Gestapo, kunne han ha sprukke og røpa alt i hop.
CHURCHILL
Lars Øyelsen Nesheim hadde i mest heile sitt liv vore hellebergsarbeidar på Norheim. Får han var vorten pensjonist og kunne få noko trygd, slutta han der og flytte til Vinje. Nokre år budde han i huset over posthagabrua. Han kunne ta småjobbar av og til. Han var ein flink og sjøvlærd snekkar og betongarbeidar som kom vel frå alt han tok på seg. Som arbeidskar var han seig som ei vidje. Det gjekk rykter om at han hadde vunne ein hovedgevist i pengelotteriet og at han levde av det. Eg trur meir på at han hadde vore ein svært sparsommeleg kar som hadde tenkt på alderdomen i tide. Etter nokre år,bygde han seg eige hus oppe under Vinjaberget mellom hotellet og Malinen. Han var ein ekte nordmann i sinn og skinn. Var nokon var litt pasiflistisk og tvila på den allierte sigeren, sprakk det for Lars. Det fanst ikkje tvil i hans sjel korleis det kom til å gå. Tyskarane kom til å tapa med dunder og brak.Grunna denne ukuelege haldninga fekk han namnet CHUCHILL.Lars prata ikkje mykje, men augo og øyro bruka han desto betre, straks han hadde merka seg noko, kom han. og nemnde det i stille ordeleg på sin måte. Alt han sa var svært sakleg og utan den minste overdriving, ein kunne lita på det fullt og heilt.Han var svert avhengig av tobakk. Han var kunde og hadde sin faste kvote hjå Leif Vinje. Ein dag han kom innomfor å henta kvoten sin, fekk han ingen ting Truleg hadde Leif brukt kvoten til ein annan "forretning." Han var ikkje fri for det han Leif. Lars som aldri hadde bede om meir enn han hadde rett på, vart retteleg forbanna. Han slutta med tobakk for godt. Etter det, gjekk han og togg på bjørkekvist og spurde aldri meir etter tobakk.Da rømlingane frå Svorto, hausten 1944, tok kontakt med han, jaga han dei oppatt i Vinjaberget og tok kontakt med heimestyrkane som fekk dei derifrå. Lars hadde radio og miste aldri ei sending frå London. Da tyskarane kom på husrassia møtte dei han i gangen. Straks Lars skjøna at dei skulle undersøkja huset, gjekk han inn under svingtrappa i gangen og tok til å hiva fram på golvet ein gamal hestesele og gamle sko. Då vinka tyskarane han vekk, tok seg ein runde i huset og gjekk. Innanfor rotet under svingtrappa(stod radioen.Då folket på Finne og Bidne sat i Losjehuset hausten 1944, gjekk Churchill att og fram etter riksvegen og registrerte alt. Dei fleste andre såg helst at dei kom seg på avstand. Utpå dagen var det eit par karar som spurde om han ikkje var redd "Om Hitler sjøl kjem, ikkje faen skjelv eg," var svaret. Ordbruken tyder på at Lars var sint. Han bruka ikkje slike uttrykk til vanleg, Lars var nordmann med liv og sjel. Han var ein heidersmann og ein kjernekar, som vi burde hatt mange fleire av.Frå Per Husdal: Ein annan forteljing om Lars.I 1940 hadde Hitler teke kontroll over det meste av Europa. Det var berre Storbritania som sto att. Ein dag måtte Lars ei jente som ofte hadde besøk av ein tysk soldat. "Veit du kva som skjedde i Frankrike og Belgia i 1918, då 1. verdskrigen var slutt?", sa han til ho"Då vart jentene snauklypte og jaga gjennom gatene. Det kjem også til å skje har, når denne krigen er slutt!".
Meta-Description:
Meta-Keywords:

1942 Gunnar Engeland fortel om eit måte med Knut Løken FLYGEBLAD OVER HOLBYGDA.
Natt til 18. april 1942 starta det ein ekspedisjon med kodenamnet RAVEN frå England til Norge. Desse var med: William Waage.
Christian Tånseth.
Louis Pettersen.
Gustav Merkesdal.
Dei skulle hoppa ut i fallskjermar over Piksvatnet. Det polske mannskapet på flyet hadde vanskeleg for å orientera seg. Karane fekk varsel og hoppa ut.
Samstundes slepte dei ut eit lass med utstyr. Vel nedkomne skulle karane finn att utstyret, men mykje av det kunne dei ikkje finna.
Dei vanta både soveposar og ski, som var det viktigaste av alt. Dei kunne heller ikkje fatta kvar dei var nedkomne.
Ingen ting stemde med kartet. Dei fann ein stål, og tok inn der. l selet fann dei ein gamal bibel med eit namn på Trefall skrive på permen.
Dei hadde landa på Trefallstålen nordvest for Ekse og Gullbrå i Eksingedalen.
Etter droppet, skulle flyet dra mot Voss og kasta ut flygeblad over Vangen.
Ein dag eg var til Vinje,måtte eg Knut Låken på lageret til Odd Vinje på Flatebåen.
Brått tok Knut opp ein bunke med trykksaker or stikklomma på vindjakka si. "Her ska du sjao, ha ha," sa han.
Der stod han med neven full av flygeblad som var berekna på å pigga opp stemningen her i landet.
Der var fargetrykk med bilete av Kong Håkon og opprop frå Kongen til det norske folket.Der var parolar og meldingar frå regjeringa og overkomandoen for dei norske styrkane i England. Han hadde funne det oppe i skogavakset der han til vanleg hadde snarelinja si.Eg spurde han om der var meir av same slaget. "Å du mao´kje snakka.Det hekk tjukt i alde kraka", sa Knut og skratta meir enn noko sinne.
Knut Låken budde på Låkjo, ein fjellgard bakom Holalida. Til dagleg kalla vi han "Villmarkens sånn."
Han var ein svert god jæger og ein hardbalen kar.
Truleg hadde dei ikkje blenda på Låkjo. Ingen kontrollerte det der.
Då så mannskapet på Halifaxen såg ljos under seg, lempa dei ut heile lasta med flygeblad og strødde dei etter snarelinja hans Knut.
Eg pråvde å formana han, sa han måtte halda kjeft og vera forsiktig og ikkje bera slikt på seg. Jau, han var på ein måte klar over det, men han skratta godt og tok det ikkje så svært alvorleg, trur eg.
Eg høyrde aldri seinare at han hadde vist desse flygeblada til andre.
Den gongen trudde eg at eit fly hadde "mist" ei pakka ved eit uhell. Først då LINGEBOKA kom ut, der Tønseth og Waage sine bravader var omtala, skjøna eg samanhengen.
Det var sjølsagt leidt at flygeblada som var berekna på Vossavangen hamna på Løkjo, men det er slikt som hender.

Meta-Description:
Meta-Keywords:

Hallstein Humlebrekke i Gestapo sine klør
Artikkelen i pdf - format

Meta-Description: Hallstein Hummlebrekke hjå Gestapo
Meta-Keywords:Hallstein Humlebrekke,Gestapo

1945 - Brev frå Knut Bjørgaas til vener i USA
Knut Bjørgaas (1883 - 1946) var lærar i Myrkdalen, Oppheim og Sundve i tida (1906 -1940).
Han budde på Sundveshaug, der Eli og Vidar Bryn no bur.
I 1922 vart han kyrkjesongar i Vinje kyrkje og var det til 1946.
Han var ihuga målmann og heldt seg til rettskrivinga frå 1917.Dette brevet fann eg i "Vossingen", USA, frå 1946.
Han skreiv det kort tid før han døydde.

VOSSASTRONDI UNDER OKKUPASJONEN
Av Knut Bjørgaas
Tyskarane kom her den 27 april 1940 straks etter dei hadde hærsett Voss. Folket var rymt tilskogs og tilfjells.
Eg og min huslyd var heime. Eg gjekk ut på Haugen og såg på dei - og dei på meg. Alle kikkertar var retta mot meg.
Det er ei av dei tyngste stunder eg hev livt.
Men då var det som noko kviskra inn i sjæli mi:
"Du skal få uppliva den dag dei må utatt or landet!"
Seinare kom eg ofte i tvil um det.
Men det var no trui på denne lovnaden, som helt meg uppe under alt like vel, og soleis var det no med mesteparten av folket.
Den rettferdige Gud veit nok å halda dom, når timen kjem. All soga syner, at slik åtferd aldri kan halda seg uppe i lengdi.
Dei fyrste troppane braut seg inn og rana og stal mange stadar. Hjå oss var dei rimelege, vel fordi eg var heime og såg etter.
Ei tid etter fekk me innkvartering. Det var ei mengd sambandsfolk
som låg her. Hjå oss hadde me ei tid 12 mann. Dei fleste av desse var dana folk og for finsleg åt i fyrstningi.
Dei var her til ut i november 1940.
So reiste dei til Voss, men dei for her på øvingar alt som tidast.

Stalheim hotell tok dei til heim for tyskartauser med ungar. Det var brukt soleis til ut på sumaren 1945.
Etter kvart, som dei skyna det var vonlaust å vinna nordmennene for seg, vart dei meir agressive.
Det gav berre motstandsrørsla ny næring.
Her var uppbygd ein heimefront, som vart sterkare etter kvart.
Dei fåe bygdefolk, som gjekk yver i N. S. fekk merka det.

Lærar Sørestrand i Myrkdalen vart arrestert i mai 1942, og var i interneringslæger på Kirkenes til ut i november. Hine lærarane fekk arbeida i fred. Skulefronten helt.
Presten vår arbeidde og illegalt. Han vart fyrst forvist or bygdi, men fyrr han var reist kom det bod, att han skulde vera her. Han fekk ikkje løn.
Folket her la saman til upphalde åt han.

Soknerådet vart avsett, og nytt sokneråd utnemnt av N.S.
Eg var formann i det gamle rådet. Formannen i det nye rådet, som var striput, kom til meg og vilde ha bøkene. Eg nekta å lata dei. Sidan høyrde eg ´kje gjete meir.
Men eg gjekk å venta på Gestapo då eit bil, so eg var ´kje trygg.

Heile vetteren 1944-45 var heimefronten i rivande utvikling.
Ja, eg gamle mannen, fekk endå vera med i områdestaben for Vossestrand og næraste bygdene.
Eg hadde rullane, so eg fylgde godt med i det og viste kvar tid kven som var med og kva funksjon kvar mann var etla.

Me fekk våpen ved flyslepp ute i fjelli millum Strondi og Eksingedalen. Tobak og kaffi same leis, og so små radiomottakarar.
Instruksjonsofficerar frå England helt "læretur" i fjellet med gutane; meldingstenesta vart utbygd.
Me kjende berre kvar sine sidemenn, so me viste ikkje um kvarandre elles. Men dei, som var på våpenøving saman, kunde sjølvsagt ikkje anna enn kjenna til dei som var med same avdeling.

I september 1944 hadde Gestapo fenge nosi i, att der helt seg tvo offiserar på Bidnesvårstølen. Dei greidde å koma undan, men tyskarane fann radiosendaren deira.
Då brende dei stølen og arresterte folket på Bidne og Finne.
Dei fleste slapp no lause att um eit bil; berre tvo-tre unggutar vart
internerte. Og heile bygdi vart ransaka, kvart kott i bygdi; men dei fann ikkje noko.

Båe sønene mine var og med i heimefronten, den eldste, som er lærar, var politisjef for umrådet og hadde 10 mann under sin kommando.
Den yngste, som er gardbrukar, var med dei stridande.
Han var elles med bergartilleriet i Valdres under kampane der i april 1940. Då var den eldste med som friviljug i saniteten der aust.
Båe kom att uskadde, og i 1945 slapp me alle og vel frå det endå tyskarane gjorde ein rassia og arresterte umlag 30 mann på Vossestrondi. Det spøkte for att dei hadde rulla upp heimefronten her.

Fjerde april tok so den store rassiaen til, då so mange vart tekne.
Dei vart førde til Bergen og pinte på det grusomste.
Då såg det stygt ut. Dei aller fleste som var att gjekk i dekning. Hadde ´kje freden kome då, so hadde me nok vorte nøydde til å mobilisera styrkane og sett hardt mot hardt.
Karane låg i urdhol og berghellerar alle stader. Sume reiste radt åt Arnefjord i Sogn.
Eg laut halda meg i ro heime endå so fårleg det var. Eg hadde ´kje helsa til å liggja ute.

Umrådsjefen vår, Nils L. Hommedal, kunde ´kje reisa so langt. Han og ein annan låg 6 vikor i ein tom lannkumme i ein lødebygning på Vinje. Det var ein ny kumme som ikkje var teken i bruk, men det kunde ikkje vera nokon koseleg plass likevel-myrkt og kaldt og trongt.
Kvelden den 7. mai kom han ut og tok styringi yver styrkane.

Og so kom freden.
Den 7. mai satt eg i den vesle radioen og lydde og fekk veta um at tyskarane hadde kapitulert, og so laut flagget upp. Stongi hadde stende tom sidan 1940.

Vakter og ordonansar vart sette, og me helt oss samla natt og dag, me i staben, og venta på mobiliserings ordren.
Helgatorsdag 10. mai samlast karane.
Dei fleste arresterte var då og attkomne, og sume av dei møtte og upp - især dei som var bilførarar.

Dagen etter rykte kompaniet fullt væpna, 102 mann, nedetter til Vossevangen, og endå hadde me att 50 mann til vakt og polititenesta.
Saman med troppor fra Bordalen og Viki hersette dei Voss.

Og so tok arrestasjonen av N. S. og stripute til. 11 mann vart fyrebels fastsette på Vossestrondi.
Raundølene hadde vakthaldet yver jarnbana ovanfor Ygre.
Borstrand, avdelinga vart ikkje mobilisert. Eg hev høyrt, det skulde
koma av att offiserane deira ikkje var å lita på, men kva som er sant veit ikkje eg. Der var i allfall noko mudder.

Tyskarane trudde det var fallskjermstroppor som kom, då dei såg strendingane rykte inn på Vangen. Men dei helt seg rolege og såg helst
nedslepte ut.

Jubelen på Voss var veldig den dagen. Ikkje mindre liv var der dagen etter då polititroppane kom med arresterte svikarar. Det var nett og nett
folkemengden ikkje tok dei or nevane på polititroppane.

Varemangelen var leid heile okkupasjonstidi og vart verre til etter kvart. Alle matvaror under streng rasjon. Inkje kaffi og små rasjonar med tobak.
Bøndene kan ikkje klaga. Det var ikkje råd å føra so nøgje kontroll med dei i alle deler. Men andre trur eg greit svolt til sine tider. Og svarthandelen gjekk nok for seg trass all kontroll.

Det var tyske soldatane, som skulde forsynast fyrst av alle måvita, og dei livde flust og let matvaror forfarast, so det er ilt å tenkja på det.
Pengesetlar tok tysken ut or Norges Bank. Det fløymde med nye pengesettlar. Men kva er dei verde?
Det kjem til å taka lange tider fyrr alt kjem i lage att.
Men det hev bestna med mangt. Brødet er no både godt og rikeleg og fisk er her godt um, so svært som fisket hev slege til dette året. Kjøt og hev det laga seg mykje med sidan me vart fri dei tyske soldatane.

Det er som ein draum no, både det vonde og det gode. Det syner alt Guds uforskyldte miskunn, att me slapp so lett.
Stakkars Finnmark laut verta krigsskodeplass og ligg som ei øydemark endå.
Nett i desse dagar er her ein storstila aksjon for innsamling av hjelp til dei, som sit att etter dei fallne.
Landsinnsamling varar denne vika ut (30te mars) og hev alt nått 16 millionar kronor. Truleg når det upp i 20 millionar, når det vert uppgjort.

Forklaring:
N.S., Nasjonal Samling, var partiet til Vidkun Quisling, som var "Ministerpresident" i Noreg under krigen.
Striput var ein som ikkje var med i N.S., men likevel samarbeidde med okkupasjonsmakta.
Samla og redigert av Per Husdal
Meta-Description:Eit brev frå Knut Bjørgaas til USA i samband med at krigen var slutt
Meta-Keywords:Knur Bjøegaas,Knur Bjørgås,Vossestrand,Vossastronde,Heimefront

Brev frå "Malina-Marta" til onkelen i USA
Her er eit brev trykt i "Vossingen" i USA 1946.
Det er skrive av Marta L. Vinje ("Malinamarta" 1913 - 1985), datert 25. mai 1945.
Far hennar Lars S. Vinje ("Malinen" 1875 - 1958) har vel sete attmed Marta og diktert ein del på riksmål, slik han lærde det, då han gjekk på skulen. Det er nok grunnen til språkblandinga i brevet.

Kjere onkel Olav og alle der borte i U. S. A. Ja, endelig, endelig er han kommen den dagen, som vi har lengtet så sårt efter. Krigen er slut, Noreg er fritt, og me er frie.
Ingen, som ikke har prøvet det kan forstå de følelser vi hadde den 7. mai, da vi fik høre det første budskap.
Flaggene - det rene norske flag - gikk til tops alle stader. De, som ikke hadde store flagg, satte opp sine små. Kirkeklokkerne ringte, og folk sprang, som de var galne og handtrykte, og tillukka med freden! - var det kvar ein kjem.
Vi kan nu sige det vi vil, skrive det vi vil og slippe legge os um kvelden og stå opp um morningen med den trykkende angst, at tyskerne kan komme og arrestere eller mishandle oss.
Og me sender ei varm takk til alle, nest etter Gud, som har arbeidet for oss alle disse årene for at kunne få oppleve den dagen. Så får vi håpe, det lager sig litt etter hvert både med det ene og det andre.
Vi og vore herhjemme, såvidt vi ved har vært heldige og sluppet tortur; men hadde det ikke no blit slutt, så hadde det ikke vært Vossestrand mere, for tyskerne hadde fåt rede på hjemmefronten her.
Fem uker før krigen blev slutt vart her fengslet 21 mannfolk, Odd og Leif Vinje var iblandt dem. Desuten mange ihøst i september (1944?). Men der var berre tvo gutter igjen hos Gestapo De var fra Bidne, og den ene satt nå i Oslo og var dømt til døden og har lidt forferdelig. Det har de andre også. Men som vel var, var det så kort stund før de kom hjem igjen.
Vi skal sende aviserne, når det blir råd, så de får lese det som har gått for sig. Og så har de sikkert hatt radio og der, så de vet masse.
Ingeborg, faster, døde for næsten tvo år siden og Knut Saue døde året efter krigen; det har de vel hørt. Desuden er gamle skredderen, bakeren og Knut Flatebø døde. Jeg sender brevet i din gamle adresse. Håber dere er friske og i bedste velgående. Der er vel ute i krigen av gutter der og.
Her skal komme amerikanske tropper til Noreg siges der.
Guri og hendes familie er i behold; Ingebjørg og mannen er bosat i Ål i Hallingdal, der Peder er banevokter. De har fire barn. Sjur er hjemme hos foreldrene.
"Gud signe vårt dyre fedreland."
Marta.
Meta-Description:Eit brev frå Malinamarta til Onkelen i USA
Meta-Keywords:Malinamarta,Malinen,Odd Vinje,Vossestrand,1945,Vossestrand

Brev frå Odd L. Vinje (butikk på Vinje), Vossestrand
Dette var trykt i avisa "Vossingen" i USA i 1946Landhandler Odd Larsen Vinje, Flatebø,
Vossestrand, skriver til sin gamle ven, Olav S. Vinje,
Madison, Wis., følgende om sin erfaring under krigen:
Kjære Olav! Ja, eg hev mang ei gong tenkt å sende deg ei helsing yver havet; men det hev ikkje vorte før.
No hev det gjenge fleire år og me hev ikkje havt høve til å fenge høyrt frå kvarandre.
Det er underleg å ikkje vera sin eigen herre; men no hev me fenge prøvt det i Noreg og.
Men du kan tru gleda var stor då me fekk det budskap, at Noreg var vorte fritt att.
Me som var bundne både på hender og føter, me hadde ingen ting og seia. Dei kunde behandla os akkurat som dei vilde. For det fekk me sandeleg røyna, då me var i fengslet hjå Gestapo.
Dei kunde banka oss soleis, at me var blåe kringum heile kroppen. Var det soleis at me mukka oss, var det berre meir bank og få. So ein kunde aldri hava noko tanke for, at dei kunde handsama folk på den måten. Men det var råheit utan like - Difor kan ein aldri fulltakka for, at me verkjeleg kom ut or dette slaveriet. Det er ingen som skynar, kva det er og koma i henderne på slike. Difor takkar ein aldri nok for friheite heller.
Ja, no hev de havt mange av ungdomarne ute i krigen i Amerika og.
Den krigen er en forbandelse.
Ja, du kan true det var godt og få smaka kveite og ein liten dråpe kaffi att og no. Det var då ein 4 år siden me fekk det. Me hadde berre ein sort mjøl,
og det var ikke rosverdigt; men underlig nok, me van igjønom det og.
Då ein no tenkjer attende på desse åri som hertekne folk, må ein reint beundre, at me klarte det so passe.
Men me får sanna dette ordet som skrifti seier, at som dagen er, så skal styrken være. Med hans kraft skal me vinna yver alt. Det er godt og få altid setja si lit til han, som hev sagt, at han vil vera med oss alle dagar.
Meta-Description:Odd Vinje sitt brev til venen Ole L. Vinje i USA i 1945
Meta-Keywords:Odd L. Vinje,Vossestrand,Vinje,1945,krig

Heimefronten - Skriv nr. 1 - april 1945
HeimefrontenHeimefronten i vårt distrikt, er eit kompani på 130 mann.
Kampgruppa består av 4 troppar à 33 mann, og ein tropp er delt opp i 3 lag à 10 mann. Som reserve er det 4 lag à 10 mann.

Distriksjef
Nils Hommedal. Nestkommando Sigurd Øyestad.

Stab
Odd Hole Høen, Knut Engeland, Knut Bjørgås, og Georg Borge

Kompanistab
Kaptein Sigurd Øyestad. Nestkomando Gunnar Engeland
Etterretning og sambandsjef Sigmund Engeland
Fast ordinans Sigurd A. Nesheim

Andre tropp
Andre tropp som omfattar indre Holbygda, Myrkdalen, Vinje og Bidne står under leiing av ein troppssjef.
Troppssjef Andris Gavle. Nestkommanderande Olav K. Tveite.
Fast ordinans, Birger Meland.
Troppen er delt i 4 lag, som har kvar sin lagførar.
Lagførar nr. 1 Andris Hirth
  "  2 Johannes Knapstad
  "  3 Olav Midtun
  "  4 Kolbein Flisram
Troppen skal ha 3 sprengingsspesialistar, som troppsføraren tek frå kvart lag.
Me har sett opp dette etter vår beste evne. Så vil me vona at alle forstår oss.
Så går me til strid for å rydja og byggja landet vårt oppatt.
Så er det ein ting me vil seia ein gong for alle, alle må lyda sine overordna befal, dersom du ikkje gjer det, så har dei full rett til å skyta deg ned der du står. Dette er ein ordre.
Når dagen kjem at me mobliserer, så er alle pliktige til å møta som det står i orginasjonen. Dersomm du ikkje møter, vert du førd fram for Norsk krigsrett, så snart dei får tak i deg, og der får du din dom.

Andre Tropp
Troppsførar Anders Gavle. Nestkommando Olav K. Tveite
Lag nr.1 
Lagførar Anders Hirth 
Per Armot 
Olav Armot 
Lars Bystøl 
Gjermund Helgeland 
Lars Hirth 
Sjur Hirth 
Mikkel Bystøl 
Kjell Skjervheim 
Lars Vinje
Kolbein Flisram
Lag nr.2 
Lagførar Olav Midtun 
Asbjørn Thorsen 
Gulleik H. Engeland 
Helge K. Engeland 
Olav S. Sundve d.y. 
Nils O. Midtun 
Ingebrikt Refsdal 
Johan Ø. Nesheim 
Olav Ø. Nesheim 
Sjur O. Nesheim 
Lars A. Nesheim

Lag nr.3
Lagførar Johannes Knapstad
Oddvar Bidne
Sivert Bidne
Arne Dolve
Eirik Knapstad
Sjur L. Vinje
Odd L. Vinje d.y.
Anders L. Vinje
Sigurd Ø. Nesheim
 
Lag nr.4
Lagførar Kolbein Flisram
Lars Norekvål
Johan Mørkve
Sjur Kb. Skjervheim
Sivert Bystøl
Olav Ulvund
Olav O. Bygd
Olav O. Mørkve
Knut A. Hirth
Anton Myrland


Desse som er oppført nedanfor står som reserve
Albert Ulvund, Torstein Bygd, Gulleik Helgeland, Knut Nesheim, Olav L. Skjervheim, Olav O. Bygd, Johannes Nesheim, Lars O. Mørkve, Oskar Bystøl, Johan Bidne, Olav K. Mørkve, Ivar Overland, Ivar Bygd, Lars Myrland, Olav P. Vinje, Mons Vinje, Ingvald Nåsen, Lars Herheim d.y., Olav Herheim, Ingvald Frønningen, Olav O. Høen
Meta-Description:Heimefronten i vårt distrikt, er eit kompani på 130 mann. Kampgruppa består av 4 troppar à 33 mann, og ein tropp er delt opp i 3 lag à 10 mann. Som reserve er det 4 lag à 10 mann.Distriksjef Nils Hommedal. Nestkommando Sigurd Øyestad.Stab Odd Hole Høen, Knut Engeland, Knut Bjørgås, og Georg Borge Kompanistab Kaptein Sigurd Øyestad. Nestkomando Gunnar Engeland Etterretning og sambandsjef Sigmund Engeland Fast ordinans Sigurd A. Nesheim
Meta-Keywords: Anders Hirth,Per Armot,Olav Armot,Lars Bystøl,Gjermund Helgeland,Lars Hirth, Sjur Hirth,Mikkel Bystøl,Kjell Skjervheim,Lars Vinje,Kolbein Flisram,Olav Midtun,Asbjørn Thorsen, Gulleik H. Engeland,Helge K. Engeland,Olav S. Sundve d.y.,Nils O. Midtun,Ingebrikt Refsdal, Johan Ø. Nesheim,Olav Ø. Nesheim,Sjur O. Nesheim,Lars A. Nesheim,Johannes Knapstad,Oddvar Bidne, Sivert Bidne,Arne Dolve,Eirik Knapstad,Sjur L. Vinje,Odd L. Vinje d.y.,Anders L. Vinje,Sigurd Ø. Nesheim, Kolbein Flisram,Lars Norekvål,Johan Mørkve,Sjur Kb. Skjervheim,Sivert Bystøl,Olav Ulvund,Olav O. Bygd, Olav O. Mørkve,Knut A. Hirth,Anton Myrland,Albert Ulvund,Torstein Bygd,Gulleik Helgeland,Knut Nesheim, Olav L. Skjervheim,Olav O. Bygd,Johannes Nesheim,Lars O. Mørkve,Oskar Bystøl,Johan Bidne,Olav K. Mørkve, Ivar Overland,Ivar Bygd,Lars Myrland,Olav P. Vinje,Mons Vinje,Ingvald Nåsen,Lars Herheim d.y., Olav Herheim,Ingvald Frønningen,Olav O. Høen

Eit skriv
Heimefronten og fedrelandet vårtAlle me som står i organisisjonen heimafronten har ei god fedrelandsånd i oss. Di meir me arbeider med den, di meir vert me glade i landet vårt. Me får augo opp for kva fedrelandet har å seia for alle oss normenn. Me kan ta songbøkene fram for oss. Der vil me finna den eine songen etter den andre om vår dyrebare fedreland. Me må då hugsa på at det er Noregs søner som har dikta dei. Når ein syng eller les dei med ettertanke, så merkar ein at det ikkje er tomme ord. Dei har kome frå hjarta og går til hjarta. Dei som har dikta dei, dei har hatt slike fedrelandsånd at det har brusa ut av dei. Dei har fryda si sjel og gledt seg med tåror i augo. Slik lyt det kjennast hjå oss og. Me må vera glad i fedrelandet vår av hjarta.
Dersom me tenkjer attende på Noregs si soge, så veit me alle at det ikkje alltid har vore så greidt å vera nordmann. Me veit kor dei danske futane herja landet og heldt folket nede i fattigdom og kunnskap.
Sidan fekk me vårt eige storting, men hadde den svenske kongen over oss.
Så kom 1905 då Noregs storting med Kristian Mikkelsen i spissen slo i bordet og sa seg laus frå Sverike. Då var alle nordmenn som ein mann. Dei ville verta fri menn, og Noreg skulle vera fritt, og me vart frie. Det var nordmenn som skulle styra landet og ikkje utlendingar.
Til 1940 levde me under vår eigen konge som frie menn i eit fritt land, og det var stor framgang i arbeid og kultur. Me hadde tale og pressefridom og fekk gjera med vårt eige som me sjølv ville.
Men våren 1940 kom tyskarane til landet. DEI erklærde ikkje krig, men tok oss sovande. Difor gjekk det som det gjorde.
Me nordmenn skal aldri gløyma desse menn, heller ikkje dei som forrådde fedrelandet sitt , QUISLINGANE. Dei må me hata så lenge me lever og prenta det inn i vår slekt kor låkt dei stelte seg mot landet som hadde fostra dei, og lagnaden deira må verta ein advarsel for alle nordmenn.
Me som står i heimefronten har berre eit mål, å rydja landet vårt for tyskarar, setja fast våre quislingar og dei "stripete" og skapa ro og orden i landet.
Meta-Description:Om Heimefronten og tida når freden kjem. Alle me som står i organisisjonen heimafronten har ei god fedrelandsånd i oss. Di meir me arbeider med den, di meir vert me glade i landet vårt. Me får augo opp for kva fedrelandet har å seia for alle oss normenn. Me kan ta songbøkene fram for oss. Der vil me finna den eine songen etter den andre om vår dyrebare fedreland. Me må då hugsa på at det er Noregs søner som har dikta dei. Når ein syng eller les dei med ettertanke, så merkar ein at det ikkje er tomme ord. Dei har kome frå hjarta og går til hjarta. Dei som har dikta dei, dei har hatt slike fedrelandsånd at det har brusa ut av dei. Dei har fryda si sjel og gledt seg med tåror i augo. Slik lyt det kjennast hjå oss og. Me må vera glad i fedrelandet vår av hjarta.
Meta-Keywords:Heimefront,Vossestrand

1945 på Vossestrand
Einar Midtun har hatt besåk av dotter og svigerson til Olav K Vassenden, Marit Vassenden og Arild Tumyr. Dei har hytta i Kroken.
Fårst så kunne dei opplysa om at person nr. 95 på bilete, "17. mai 1945 Heimefronten frå Vossestrand og Reppen", er Olav K. Vassenden.
Han var stabssjef i Mil.-org. avd. Vossestrand. Dette er no fårt inn i namnelista..
Sjå på bilete ved Oppheim Kyrkje 7. juni 1945.
Mannen som går på Sigmund Engeland si venstre side (til hågre på biletet) også Olav K Vassenden (med båtlua). Dette er no retta.. 
Mannen som heldt festtalen under festgudstenesta på Vinje 7. juni 1945 (bileteSE3007 og gm0020) er Martin Birkeland, som var styrar ved Fana Folkehågskule. Dette er lagt til i teksten for biletet. (Det var Olav K Vassenden som hadde fått han som talar).

Dei hadde også med seg kopier av eit innlegg i eit blad, som Olav K. Vassenden (1915-2001) hadde tatt vare på, dei visste ikkje kva for eit blad, men det handla om "Mil.-org. avd. Vossestrand". (Dette finn de som vedlegg i form aveit PDF-dokument nedanfor).
Merknadane er påfårt av Olav K. Vassenden. Dokumentet har sogelaget fått av Marit Vassenden, dotter til Olav.
Olav K. Vassenden sine forteljingar (PDF)
Meta-Description:
Meta-Keywords:

I krigsåra måtte alle ha pass - grenseboerbevis. Her er nokre
Meta-Description:
Meta-Keywords:

2 Diplom for teneste i Heimefronten
Meta-Description:
Meta-Keywords:Leif O. Vinje,Oddo-Leif, Odd L. Vinje


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger