Røva - viso 1935
Her, oppao Skjervheim sto ein røvagard.
Sylvrøv hadde dei og so eit blaorøvpar.
Pengane dei skulde strøyma inn so berre sand og gras,
"Penga sovande so sa han Anna-Lars". 

Kjeringane skinn om halsen skulde fao,
både helg og vyrkja dei i skinn sku gao.
Og med tidæ skal dei fao ein pels tao berre røvaskinn,
naor me fleire dyr i garden setja inn. 

So de veit so ska´ no røven stjornast godt,
her ingjen ting var spart pao, maten han var flott.
Søtamjelk dei fekk å drikka, og so kjøt tao beste sort,
og so egg, so kullet skulde verta stort. 

Fyrsta aoret gjekk og fyrsta vonæ sprakk.
Røven fekk kje ungar, berre aot og drakk.
Men, da berre e´ te venta, da te aors vel lagar seg.
Dao dei sikkort unga faor, da sei´ eg deg. 

Men da andre aoret ikkje betre vart.
Blaorøvprisane gjekk ned i skiten radt.
Men sylvrøvane dei fekk unga, du skal hava lov og takk,
dei redda foreløbig i frao kunk og krakk. 

Men dei ungane dei detta aoret fekk
dauda kvar og ein so syrgjeleg da gjekk.
Gamle hannen laut dei slakta fø pao helsa han vart ring,
og fø dan pelsen fekk dei næsten ingjen ting. 

(No dan eina vone etter andra seig,
medan utlegget pao røven berre steig.
Røvamaten vart og dyro dao dei ingi vending fekk.
Redde vart dei no at detta gale gjekk.) 

No da vart for dyrt å stjorna dei so flott,
so dei gav dei vomb og anna mindre godt.
Og, han Anna-Lars fann pao han skulde slakta galten sin.
Kvar ein rubb og stubb da gjekk i røven inn. 

Men mæ tide´ vatt og galtaflesk for feitt.
Gamle katta, sild og raoslag i dei smatt.
Penga no dei måtte spara fø budsjettet dårleg va´
og prisane pao røvaskjinnæ segje har. 

Da va´ greidt da måtte adle sjao
at detta her so reint pao krukso måtte gao.
Røven no dei måtte slakta og budsjettet greida ut.
Eigong måtte detta eventyr ta slutt. 

Dao da stora oppgjer so dei hadde hatt,
da so lite tao fortenesta vart att.
Da, so vilja folkjet seia men da gjengje ha i duld...;
rundt om femtan-hundra kvar dei fekk i skuld. 

Skriven til ein revy i Myrkdalen Ungdomslag, ca.1935/36
Forfattarar: Lars Skjervheim, Sigurd Dugstad, Knut Akselson Hirth, Olav Tveite, Sjur Mørkve (som ifylgje han sjølv eigenhendig dikta siste vers) og Lars Bystøl (sekretær, som bidrog med å nedskriva det dei andre dikta)
Kjelde: Sjur Mørkve
Lagt ut på vossestrand.sogelag.org  24.07.2009

Nest siste versjon (12.07.2009)
Røva - Viso (1935?)  
 
Ogso dei her pao Skjervheim starta røvagard
Sylvrøv hadde dei, og so eit blaorøvpar
Pengane dei skulde strøyma inn so berre sand og gras
«Penga sovande,» so sa han Anna-Las. 

Kjeringane dei om halsen skinn ska fao
både i helg og vyrkja dei i skinn ska gao.
Og med tiè ska dei fao ein pels tao berre røvaskinn
naor me fleire dyr i garden setja inn. 

So alle veit so ska no røven stjodnast godt
da vat kje spart pao nokko, maten han var flott
Søtamjelk dei fekk å drikka, og so kjøt tao beste sort
og so egg, so kullet skulde vetta stort.

Fysta aoret gjekk og fysta vonè sprakk
røven fekk kje unga, berre aot og drakk.
Men her e berre te å venta, da te aors vel laga seg
dao dei sikkùrt unga faor, eg seie deg. 

Men da andra aoret ikkje bere vatt.
blaorøvprisane gjekk ned i skiten radt.
Men sylvrøvane fekk ùnga, du ska hava lov og takk
dei redda foreløbig i frao konk og krakk. 

Men dei ùnga so dei dette aoret fekk
daua kvar og ein, so syrgjeleg da gjekk
Gamle hannen laut dei slakta fy hans helsa ho va ring
og fy pelsen fekk dei nesten ingjin ting. 

No dan eina vonè itte andra seig,
medan utlegget pao røven berre steig.
Røvamaten vatt og dyro dao dei ingjè vending fekk
redde vatt dei no at detta gale gjekk. 

No da vatt fy dyrt å stjodna dei so flott
no dei gav dei vomb og anna mindre godt
Og han Anna-Las fann pao han skulle slakta galten sin
og kvar ein rubb og stubben gjekk i røven inn. 

Men med tidè vatt og galtaflesk fy feitt
gamle katta, sild og raoslag i dei smatt
Pengar no dei maotte spara, fy budsjettet dårleg va
og prisane pao røveskinnè segje ha. 

Det va greidt, da maotte adle sjao
at detta her so reint på krukso maotte gao.
Røven no dei maotte slakta og budsjettet greida ut
eingong maotte detta eventyr ta slutt. 

Dao da stora oppgjer so dei hadde hatt
da so lite tao fortenesto vatt att.
Da so vilja folkjè seia, men da gjenge ha i dùld:
rùndt om femtan hundrad kvar dei fekk i skùld. 

11.07.2009
Meta-Description:
Meta-Keywords:Skjervheim,Vossestrand,Anna-Las,Anna-Lars


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger