Gamle Vinje Kyrkje (1670-1872)
Frå "Midnatsolens land" av Paul DuChaillu: Den fransk-amerikanske turisten Paul Du-Chaillu rapporterer frååra rett etter 1870: ”Like ved bygda Vinje står ei fin, tømrakyrkje som er bygd for to hundre år sidan. Taket er boga og prydamed stjerner, og veggane malte i frodige fargar. To krossar, ein av jarnog ein av tre, er dei einaste monumenta på kyrkjegarden. Det vertikkje halde gudsteneste lenger i kyrkja.”
Har du kommentar skriv direkte til Vossestrand Sogelag
Oppdatert 11.04.2011
Meta-Description:
Meta-Keywords:Gamle Vinje Kyrkje

Gamle Vinje Kyrkje (1670-1872)
Frå "Midnatsolens land" av Paul Du-Chaillu. Den fransk-amerikanske turisten Paul Du-Chaillu rapporterer frååra rett etter 1870:
”Like ved bygda Vinje står ei fin, tømra kyrkje som erbygd for to hundre år sidan. Taket er boga og pryda med stjerner,og veggane malte i frodige fargar. To krossar, ein av jarn og ein av tre,er dei einaste monumenta på kyrkjegarden. Det vert ikkje halde gudstenestelenger i kyrkja".
Meta-Description:
Meta-Keywords:Vinje Kyrkje,Paul Du-Chaillu

Vinjakyrkjo, laurdag 29. juli 1826
Vingje Anex til Vos 1826 Akvarell av M.W.EckhoffEckhoff var militær teiknar, alle detaljar skulle vera rett. Steinen framføre kyrkja ligg der enno og er rett teikna. Eit spørsmål er tårnet. Det er ikkje heilt likt Knud Knudsen sitt foto frå 1869. (Mathias Wilhelm Eckhoff 1791-1891 oberstløytnant)
Dette kan ha hendt laurdag 29. Juli1826:
Målaren J.C. Dahl og M.W. Eckhoff var på gjennomnreise til Sogn.
Medan Eckhoff teikna sin akvarell gjekk J.C. Dahl omkring for å finne eit bjørketre han kunne teikna ei skisse av.
Over 50 år seinare kom gamle lensmannen Lars O Vinje (1815-1885) ned til Lilletun (til venstre bak kyrkja) for å ha ein prat med gamle Anders Lillethun (1809-1886). Der skulle sonen Lars (1860-1944) til å sage ned ei bjørk. "Den må du lata stå, ho er så fin" sa lensmannen. Og gamle Anders sa trulig dette:"Den bjørka teikna målaren Dahl same året som far min døde, eg var 17 år då". No i år 2000 står bjørka der enno.
Seinare på laurdagen omlag klokka 18.00 kom Eckhoff og Dahl opp mot Stalheim. Der teikna Dahl skissa for målarstykket "Stalheim". Det heng no i Nationalgaleriet i Oslo.
Meta-Description:
Meta-Keywords:Gamle Vinje Kyrkje,Vinjakyrkjo

Brudlaup på Vinje onsdag, 16. juni1869
Den 16. juni 1869 gifta Orlaug Kolbeinsdtr. Tveite(1) og Anders EiriksonOverland(2) seg. Dei var begge frå Myrkdalen. Vegen frå Myrkdalenvar lang. Difor kledde folk seg in sin finstas fyrst når dei var komnetil Vinje. Huset i framgrunnen står enno på Vinje. Vielsen fannstad i Vinje gamle kyrkje.
Orlaug og Anders fekk tre søner som alle vandra ut til Amerika. Anders døde i 1875. Orlaug gifta seg oppatt med Kjel Olson Nesheim(3) i 1876. Dei fekk fire born. Orlaug var oldemor til Ingeborg Backer, som arbeideri Voss kommuneadminstrasjon.
Ættebok for Vossestrand: (1) Tveite Md 40f. (2) Overland 46. (3) Nesheim 124
Meta-Description:Brudlaup til Orlaug Kolbeinsdtr. Tveite og Anders Eirikson Myrland i 1869
Meta-Keywords:Vinjakyrkjo,Gamle Vinje Kyrkje,Orlaug Kolbeinsdtr. Tveite,Orlaug Myrland,Orlaug Nesheim,Winje

Vinje gamle Kyrkje onsdag, 16.06.1869
Tårnet

Vi kan her sjå at tårnet er spissare enn på Eckhoff sin teikning frå 1823.
På ein teikningfrå 1948 av gamle Vinjo med kyrkja har teiknaren, Arne Berg,ikkje visst om krossen.
Krossen og hanen
Kva skjedde med tårnet, krossen og hanen? (frå "Or gommol tid V" av Knut Bjørgaas)
So rive dai ne gamlakyrkjo. Eg hugsa naor tårnet datt. Fystù rive dai tao tak å skjentil, so berre grindæ sto attù. So va da han Knut Rausst%F2 so saga ao grindæ. Hansaga pao sné. Dao druste tårnæ å spire te radt paomarkje å slo seg i knas.
Da va syndalæ dai skulde riva dan gamla kyrkjo!
Fortald til Knut Bjørgaas av Lars Person Egdetveit (1852- ) Sjå også Ættebok frå Vossestrand, Igdetveit 52f.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Gamle Vinje - 1870(teikning frå 1948 av Arne Berg)
Legg merke til det korte tårnet utan kross -
Arne Berg hadde ikkje sett Knud Knudsen sitt fotofrå 1869 eller Eckhoff sin akvarell frå 1826

Meta-Description:
Meta-Keywords:Vinjatunet

Forskjellige saker som er teke vare på
Det gamle tømmeret
Foto: Ivar Lydvo
Eit Alterbilete

Eit Glasmaleri (Historisk museum, Bergen)

(1) Ein Kross står att Foto: Ivar Husdal

(2) Ein Kross står att Foto: Knut Markhus
Oppdatert 25.12.2002
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Soga om gamlakyrkjo på Vinjo, Vossestrand. 1670-1872
Byggekontrakt medMagne Essem (for Gamlekyrkja på Vinjo)
Roald Lyngvær og Kjell Nese : (Oppheim og Vinje kyrkjer, Voss 1971)
Etter at middelalderkyrkja hadde vore i bruk i fleire hundre år, varkyrkja ikkje lengre tidhøveleg. Kring 1670 vart det teke avgjerd omat nye kyrkjer skulle reisast på Vinje og Oppheim. Alt i kyrkjerekneskapen for 1668/69/70 (kvart kyrkjerekneskap femner om 3 år så ein finnikkje det nøyaktige året) finn ein desse opplysningane: "Betalttil Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfangtil Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl" "Iligemaader er Betalt Magne Essen,med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhuss af nyeat opbygge efter Contract, 70 Rdl". Denne «Magne Essen» er ikkjenokon annan enn Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger på Strilelandet,og bror til lensmannen og sageigaren Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheims-karanehadde sjølv sagbruk, og var blant del fyrste bønder som toktil med byggjeverksemd i Bergen i større omfang. Som det gårfram av kyrkjerekneskapen held han sjølv material til kyrkja og haddemed sine eigne arbeidsfolk. Ein må tru at «Contacten» vartslutta i Bergen anten av bispen, eller av stiftsskrivaren som er nemnt nokoseinare i rekneskapen.


Kvar kom tømmeret frå?
Om Kyrkjeteigen og tømmer fløyting frå Sygnastrond (Oppheim sokn) i siste halvdel av det 15. århundre.
Tømmeret til "Nye Vinjakyrkja" blei hogge i 1869-70. Vinje sokn harhar altid hatt ein skogeigendom i Oppheim sokn, "Kyrkjeteigen". Kyrkjeteigen ligg nordaust for Brandset. Skogen der veks seint.Kyrkjetømmeret vartmest trulig hogge der. Ei nærare gransking av tømmeret vil visaom dei grove tømmerstokkane, som er kløyvde på midtenog deretter øksa til, kjem derifrå.
Aslak T. Helleve skriv dette i Gamalt frå Voss 1994: Skogsdrift og sagbruk på Voss på 1600-tallet:
På tinget 15. november 1680 vart spørsmålet om kven somfyrst hadde kjøpt tømmer frå Sygnestrond teke opp. (Sygnestrondvar då Oppheim sokn, som den gongen høyrde til Sogn.) Dei tilspurdesvara at Hans Larssen var den fyrste som kjøpte tømmer frå"Søgnestrand schoug". Dette tømmeret vart flota etter Strandaelvaog vidare etter Vosso.
På same tinget var "Lisbet i Fotlandsvågen" saman med Anders Garman,Klaus Miltzow og Hans Larssen innstemnde for å ha kjøpt ulovlegsagtømmer. Lisbet i Fotlandsvågen er nemnd fleire gonger fyrstpå 1680-talet. Ho hadde sak med lensmann Rasmus Hanstveit om avgiftfor ei sag Hanstveit hadde. Lisbet åtte noko av grunnen ved elva, ogdet gjeld vel då leiga av grunn til saga. 25 På tinget påVoss orsakar Lisbet seg med at ho ikkje visste at det ikkje var lovleg åkjøpa smått sagtømmer. Lensmann Johannes Andersson ØvreMjelde (1660-1731) dreiv også tømmerhandel. Han reiste sjølvtil Voss og henta tømmeret og flota det etter elva og fjorden framtil Bergen. Han slo seg opp og vart ein velhalden mann. Me ser her omritetav det som seinare vart ein vanleg trafikk: Strilar kjøpte tømmerpå Voss, skar det til og sette opp hus heime, sidan tok dei ned atthusa og førde materialane til Bergen der husa vart sette opp pånytt. Tømmerstrilane kom til Voss på tømmerkjøppå haustparten eller førejolsvinteren og tinga seg tømmerfor hogging og framdrift til Vosso til våren kom. Stundom kjøptedei skog på rot og dreiv tømmeret fram sjølve eller medleigehjelp, andre gonger vart tømmeret kjøpt på elvebardenom våren. Men i dei fleste høve var tømmeret tinga føreåt,difor vart desse tømmerhandlarane gjerne kalla "tingingsmenn".
Merknad: Lisbet i Fotlandsvågen som er nevnt var seinare oppattgiftmed bror til Magne Essen. Magne Essen hadde kontrakt om bygging av kyrkjapå Vinjo.

Ola Botolvson Sundve (1632 - 1711)
Ola var med og bygde den gamle kyrkja på Vinje. Han var og postbod. Av ein underoffiser frå Jämtland lærde han å brenna jern, og han fekk seg omn på Sundve. Han var ein god smed. Ei øks han laga er enno på Sundve.
Bilete av øksa (Foto Svein Ulvund)
Bilete av ein tømmestokk som truleg sto over døra. (Foto Svein Ulvund)
Kva skjedde etter 1871
Kyrkja vart rive i 1872.
Innbuet vart selt på auksjon.
Tømmeret vart brukt til nytt soknehus i Vinje sokn - og i bruk til1964.
I 1984 vart huset rive etter oppdrag frå Voss komune - tømmeret var tiltenkt som fyringsved.
Tømmeret vart berga av nokre eldskjeler og lagra privat fram til 1995. (Les meir nedunder om korleis tømmeret vart berga) Frå 1995 er tømmeret teke vare på av Voss Folkemuseum.
Foto av tømmeret
Meir om korleis tømmeret vart berga
I 1866 vart vart Vossestrand eige prestegjeld
Vedtak om bygging av ny kyrkje vart gjordt i 1867
Vossestrand vart eige herad i 1868, det var då to valkrinsar. Vinjesokn valde sitt soknestyre, og Oppheim sitt soknestyre. Saman valde dei formannskapfor Vossestrand herad.
Fyrste store oppgåva for soknestyre i Vinje sokn var byggjinga av nykyrkje.
Gamlekyrkja vart rive, og tømmeret frå gamlekyrkja nytta deiså til å byggja soknehus på Draugsvoll.
I Oppheim sokn bygde dei sitt soknehus av kyrkjetømmer der. Heradshuspå Vossestrand vart fyrst bygd i 1936.
Etter samanslåing av Voss, Vossestrand og Evanger kommunar tilein kommune i 1963 gjekk råderetten over soknehuset over til Voss kommune.
I 1984 vart det avgjort at huset skulle bort. Idrettslaget Ørnar fekkoppdraget med å sage det opp til ved.
Soknehuset på Vinje
Soknehuset og kyrkja på Vinje
Ivar L. Løne leia arbeidet. Då dei tok av kledningensåg han hovudet av ein engel og litt av vengene.
Han sa stopp og tok telefonisk kontakt medl Voss kommune, men reaksjonenvar negativ.
Men noko måtte bli gjort for å stoppe øydelegginga ogIvar L. Løne telefonerte til Ivar K Lydvo for hjelp. Ivar K. Lydvoringde så til Fylkeskonservator Nils Georg Brekke. Fylkeskonservatoren kom same dagen og stogga vidare øydelegging, meir kunne han ikkje gjera.
Ivar K. Lydvo, Styrkår Hirth og Sigmund Engeland drøfta kva som kunne gjerast vidare. Voss kommune var ferdig med saka. Voss Folkemuseum kunne på det tidspunkt ikkje ta seg av tømmeret.
Tømmeret vart så teke ned på dugnad og lagra mellombels i løer tilhøyrande Sigmund Engeland. Ivar, Sigmund og Styrkår prøvde lenge med å få nokon til å interessera segfor tømmeret.
Lars Kjønnagard ville bygga eit kulturhus av tømmeret på eigedomen sin på Oppheim. Dette vart hindra av formelle årsakerog Lars Kjønnagard fekk tilslutt Voss Folkemuseum til å ta varepå tømmeret.
sist oppdatert 26.07.2000
Meta-Description:Soga om gamlakyrkjo på Vinjo
Meta-Keywords:Vinje,Vossestrand,Gamle Vinje Kyrkje

Vinjakyrkjo - vegen vidare
Mange vil spørja, kva vil ein med det gamle tømmeret og andre deler frå kyrkja som er teke vare på?Nokre eldskjelene, som før er nemnde, og andre ynskjer:
1. Å få fagfolk til å registrera tømmeret og ta fram att veggmåleria som no er dekte med "kommune"-farge.
2. Å få laga ei informasjonstavle ved den gamle kyrkjegarden som ligg ved Kongevegen. Kongevegen vert meir og meir brukt av vandrarar, og dei vil gjerne ha informasjon om det dei går forbi.
3. Det endelege målet deira er å få sett oppatt ei kyrkje der den gamle sto. Det kan ta tid, men dei vonar å få sjå den nye-gamle kyrkja reist. Og klarer ikkje dei det, så vilandre som kjem etter få det til.

Det kan synast urealistisk å byggja oppatt kyrkja - mener det det?
I 1747 vart Øye stavkyrkje i Valdres rive. 200 årseinare fann ein att 57 stokkar av den gamle kyrkja. Nokre bygdefolk villepå dette grunnlaget setja opp ei ny kyrkje. Umogeleg og fantasi vartdet sagt.
I dag står Øye stavkyrkje der og er ein av dei fremste kulturminna i Valdres.
Meta-Description:
Meta-Keywords:Vinje gamle Kyrkje

Avisartiklar om gamle Vinjakyrkja
Kan gamle-kyrkja på Vinjereisa seg frå dei døde?
Av Knut Markhus. Avisa "Hordaland" 8. juli 2000
I 1872 vart den då to hundre år gamle kyrkja på Vinje riven,og Vossestrand mista eit viktig kulturminne. Men kyrkja er aldri blitt gløymt,og kanskje er ho heller ikkje tapt for alltid. Mykje av tømmeret oginventaret er teke vare på, og mange meiner at Voss i dette sit påein rik kulturskatt. I beste fall kan kyrkja gjenreisast.
I denne artikkelen skal me sjå på historia til Vinjekyrkja. Seinareskal me møta dei som engasjerer seg i denne heilt spesielle kyrkjesaka,og sjå på kva som er gjort og på dei djerve planane vidare.
”Da va syndalæ dei skulde riva ned gamla-kyrkjo. Ho skuldefenge stende ho, ho var so fin. Ho va maolt inni og da va fine skjeldringapao glasruto, bade-engla og adla handu. Rutna stod i blyliste. Døypefonten va mesta so ein storu kobb med eit messing fat.”
Dette skriv Knut Bjørgås i ”Or gommol tid”. Han skildrareit bygg som var alt anna enn enkelt og fattig, slik kyrkja kanskje kunnesjå ut frå utsida.
”Kyrkjo va blaomaolt inni. Pao veggjo va dar maolt billete tao apostla ogprofeta. Unde himmlingjæ va maolt so mykkje stjedne. Sjaustjedno vadar, og ei stjedna so rasa. Ho kom ifrao aust, og dar va nokko lysande strekette henne so sprikte ut tilsies.”
Kyrkja blir til
I Roald Lyngvær si soge om Strandakyrkjene kan me lesa om korleis Vinje-kyrkjavart til: Ei middelalderkyrkje hadde trufast gjort si teneste på Vinjei fleire hundre år, men i slutten av 1660-åra vart det teke avgjerdom å byggja ny. Kyrkjerekneskapen for 1668-70 rapporterer: ”Betalttil Magne Essen efter fortinging for Thømmer bord och adshillig Træfangtil Winnie kierkes nye biugning 70 Rdl». «Iligemaader er BetaltMagne Essen, med sine medarbeidere for samme kirches Chor, Thaarn och Waabenhussaf nye at opbygge efter Contract 70 Rdl”.
Denne ”Magne Essen” er den same som Magne Knutson Eidsheim frå Hosanger,bror til lensmann og sageigar Mogens Knutson Eidsheim. Eidsheim-brørne var blant dei første bøndene som dreiv med byggjeverksemd iBergen i større omfang. Når det gjaldt ”Thømmer” og ”Træfang”trong ein ikkje reisa langt for å finna det. I Kyrkjeteigen ved Brandsetstod to hundre år gamal skog hogstklar.
I 1671 vart så kyrkja reist. Byggmeister skal ha vore Ola Botolvson Sundve (1632 - 1711) - ein hendig kar som også var både postbod og smed. Sirleg signerte han verket på ein bjelke, som vart gjenfunnen i 1985. Det blir sagt at same mann bygde kyrkja på Oppheim også.
Nytt prestegjeld - ny kyrkje
Og så rann åra. Born vart døypte, salmar sungne ogtårer tørka, medan folk bad sine bøner under denblå himmelkvelven i Vinje-kyrkja.
Slik levde kyrkja sitt rolege, trygge liv heilt fram til 1866. Då vartVossestrand eige preste-gjeld, og året etter gjorde det nye soknestyretvedtak om at det skulle byggjast ny kyrkje.
Den fransk-amerikanske turisten Paul Du-Chaillu rapporterer frå årarett etter 1870: ”Like ved bygda Vinje står ei fin, tømra kyrkjesom er bygd for to hundre år sidan. Taket er boga og pryda med stjerner,og veggane malte i frodige fargar. To krossar, ein av jarn og ein av tre,er dei einaste monumenta på kyrkjegarden. Det vert ikkje halde gudstenestelenger i kyrkja.”
Riving og auksjon
Den nye kyrkja stod ferdig i 1870, og gjorde gamlekyrkja til overs, slikturisten stadfestar. Dermed var det ikkje von for det gamle bygget, og i1872 låg gudshuset demontert på bakken.
Soknestyret hadde gjort vedtak om at tømmeret frå gamlekyrkje skulle nyttast til soknehus på Draugsvoll - så stort hus som detvar materialar til.
Innbuet og resten av materialane vart seldt på auksjon, og dermed spreiddut over mange bygder. Mykje vart respektlaust handsama, men nokre familiartok godt vare på det dei skaffa seg.
Kyrkjesølvet og eit krusifiks vart teke vare på i den nye kyrkja,og dei vakre glasmaleria finst på Historisk Museum i Bergen.
Oppdaginga av ein skatt
I seinare tid vart soknehuset på Vinje brukt som kommunehus for gamleVossestrand kommune. Men i storkommunen Voss vart snart det gamle kommunehusettil bry og måtte bort. Under rivinga i 1985, oppdaga årvaknearbeidsfolk dei mest underlege ting då dei tok ned kledningen. Førstdukka fram ein engel med venger, og sidan såg dei bokstavleg talt stjerner!For maleria frå gamlekyrkja hadde greidd seg godt, både englaneog stjernene. Arbeidsformannen Ivar L. Løne stogga arbeidet straks,og med hjelp av Ivar K. Lydvo vart Fylkeskonservatoren kopla inn. Det vidarerivingsarbeidet vart gjort på dugnad, og tømme-ret lagra privati mange år.
I dag ligg tømmeret i trygg forvaring hjå Voss Folkemuseum. Meningen veit heilt omfanget av det som ligg lagra, og kva verdi det eigentleg har. Ingen veit heller omfanget av veggmaleria, som framleis er gøymt bak kommunegul maling. Og kor mykje restar og gjenstandar frå gamlekyrkja finst spreidd rundt på bygdene?
Denne spesielle kyrkjesaka fell mellom alle byråkratiske stolar. Menlokalt er det no stor vilje til å gjenreisa respekten for gamleVinje kyrkje, og kanskje til og med reisa opp igjen sjølve bygget.Dette skriv me meir om i neste veke.

Av Knut Markhus. Avisa "Hordaland" 15. juli 2000
”Dette er saken-ramme”: I 1671 vart den gamle stavkyrkja på Vinje erstattaav den kyrkja som i dag har fått ny merksemd - eit lite, men sværtfint dekorert gudshus. I 1872 vart dette rive, og kort etter sett opp attsom soknehus på Draugsvoll. I 1985 vart også dette rive, og arbeidsfolkaoppdaga kva materialar huset var sett saman av. No ligg dette lagra hjåVoss Folkemuseum, men er ikkje gjennomgått av fagfolk på kyrkjekunstog kyrkjebygg. Det knyter seg difor stor spenning til verdien av det somligg i materialstablane.
ENGASJEMENT I BLOMEENGA: -- Det er mange som er opptekne av lagnaden til den gamle Vinje-kyrkja, og derfor er det viktig for oss å få fram opplysningar om kyrkja, seier brørne Ivar og Per Husdal. Her stårdei ved grinda inn til den gamle kyrkjegarden på Øvre Vinje.Foto: Knut Markhus
KVA FINST PÅ GARDANE?: Mange gjenstandar frå den gamlekyrkja finst truleg i privat eige rundt på bygdene. Mesteparten avinventaret vart nemleg selt på auksjon då kyrkja vart riven i1872. Her ser me Odd Vinje og Olav Vinje halda noko som kanskje kan veraenden på ein kyrkjebenk? Privat foto
I VINJE-TUNET: Ivar og Per Husdal saman med Bjørn Løne og Arnhild i det gamle Vinje-tunet. Det er Løne som no eig bruket derkyrkjegarden ligg. Foto: Knut Markhus
Ei sak for heile, vide Voss.
-- Me ser for oss at arbeidet med gamlekyrkja på Vinje kan verta eisamlande oppgåve for heile bygda, og då meiner me heile Voss,seier brørne Ivar og Per Husdal. I første omgang ønskjer dei å få registrert materialane frå det rivne bygget. Menden store draumen er å gjenreisa kyrkja der ho ein gong stod.
Av Knut Markhus
-- Ivar K. Lydvo skreiv for ti år sidan ein artikkel i ”Hordaland” derhan tala varmt for at Vinje-kyrkja måtte byggast opp att. No er detpå tide at me arbeider vidare med dette, seier Ivar Husdal. Han harvakse opp med forteljingar frå det gamle Vinje-tunet.
-- Eg kan framleis hugsa Knut Bjørgås sitja og fortelja om dengamle kyrkja som han meinte aldri burde vore riven. Ho skal ha vore særskiltvakker.
Ivar Husdal sitt forhold til gamlekyrkja er mest som ei forelsking, vedgårhan, med dei følgjer det har for prioriteringane.
-- Blir du forelska i ei fin jente, er ikkje det første du tenkjer på kva ho kjem til å kosta deg i kroner og øre. Slik erdet også i mitt forhold til Vinje-kyrkja. Prosjektet handlar om mykjemeir enn økonomi, sjølv om også dette naturlegvis blireit tema etterkvart.
Det går an!
Nøkkelen til suksess for saka ligg hjå Riksantikvaren. Det erpresserande å få fagfolk til å sjå på materialanesom ligg lagra, og slike fagfolk har Riksantikvaren. Tømmeret måi første omgang registrerast. Dernest må det avdekkast kva somfinst av gamle maleri under malinga som vart stroken på den gongentømmeret var soknehus. Riksantikvaren må også godkjennaalt som eventuelt blir gjort med det gamle tømmeret seinare.
Men Ivar Husdal reknar med det blir ein kamp for å få tak i hjelphjå Riksantikvaren. Til vanleg syslar ekspertane her med bygg som allereiestår, medan Husdal ikkje har noko eksisterande bygg å visa til.Difor manar han både bygdefolk og det offentlege til å engasjeraseg i saka.
Det ligg ein inspirasjon i at det har skjedd før at ei kyrkje somlåg i grus har reist seg igjen. Øye stavkyrkje på Vangi Valdres har ei slik historie. Denne vart riven i 1747, men då valdrisenei 1993 skulle reparera den nye kyrkja fann dei under murane til kyrkja 156delar av den gamle stavkyrkja. I 1996 var den gamle kyrkja reist og innvigd.
Treng brei støtte
Ivar Husdal inviterer blant anna kommunen til å koma på banen.Han innser at det er urealistisk å venta noko økonomisk hjelpderfrå, men meiner det er ein stor vinst om kommunen verbalt støttarprosjektet.
Sjølv om dei som arbeider for denne kyrkjesaka har operert idet stille til no, er det eit au-kande engasjement blant bygdefolk. Ivar B.Løne har allereie samla inn 113 underskrifter frå folk som seierseg interesserte i at kyrkja skal byggjast opp att.
Løne har elles ei særskilt interesse i eit sidespor av prosjektet.”Djevelen frå Vossestrand” er ein treskulptur som stod ved inngangsdøratil den aller første kyrkja på Vinje. No finst denne påNordiska Museet i Stockholm.
-- Kanskje dei har lyst å koma heim til Vinje no, både dennedjevelen, det lagra tømmeret og gjenstandar frå kyrkjasom finst rundt på bygdene, undrast Løne, men meiner at om djevelenno trivst best i Stockholm, så kan ein laga ein kopi som kan plasserasti kyrkja når ho er gjenreist.
home.no.net/vinjo
Per Husdal har laga ei eiga heimeside på internett for gamle Vinjekyrkje. Her er det lagt ut ei mengd med informasjon om kyrkja, og om plananesom finst for ho. Her kan ein også på web-siders vis skriva innsi eiga meining om tiltaket.
Per Husdal fortel at internettsatsinga er planlagt ikkje minst for åfå interesserte norskamerikanarar med på prosjektet. Han gårut frå at pengepungane er tunge ”over there”, og håpar pådollarsponsing frå folk som ættar frå Voss.
Vegen vidare
Det vil snarleg verta skipa eit interrimstyre som skal driva arbeidet vidare,og ikkje minst øva press på styresmaktene.
Sjølv om gjenreisinga av den gamle kyrkja ikkje står øvst på arbeidslista, så er likevel dette det store målet. Meneldsjelene Husdal veit at vegen er lang fram til dette.
-- Men om ikkje me som arbeider med saka no greier å realisera dettepunktet, så ønskjer me iallfall å leggja til rette slikat dei som kjem etter oss kan fullføra verket, seier dei. Det er vårplikt til å bringa vidare den arven me har fått - at me ikkjeforspiller denne.
Oppdatert 26.12.2002
Meta-Description:
Meta-Keywords:Gamle Vinje Kyrkje,Avisa Hordaland

 

Meta-Description:
Meta-Keywords:Jakobskyrkja,Vinje,Vossestrand

Vandregudstjeneste til ”Jakobskyrkja” på Vossestrand 2001
I "Pilgrimen" nr 1-2 2000 var det ein artikkel om ”Jakobskyrkja” på Vossestrand. Den er ei berghole som ligg ovanfor Vinje på 800 m høgd. Avstanden i luftlinje til Vinje kyrkje er ca 2 km, og same avstand til Oppheim kyrkje. Nemnde artikkel i Pilegrimen fortel om kva plass ”Jakobskyrkja” har i folkeminne og tradisjon.

Jakùps-kjyrkjo. (Frå "Or gommol ti" av Knut Bjørgaas)
Dan Jakùps-kjyrkjo, dai kadla, da é ai bergholauti Finnesmarkjinne. Ho é dar unde Bjønnsfjedlæ, i samo bergalagjæ so Helgabergje yve Vinjo, men nokko lengur ute, mair mot Svort´ne.
Ho è kje stor. Dar è kje plass te mair eld´ ai fem-seks samne me ai gong. Dar è graidt so ain port in te´ne, å ain trekantaglugg uppyve. Ho skifte seg i tvaug rùmm instù.
Dar ha laie so mangt i skorto i bergjæ: ongla å spikra, hestskosaum å koparpenga. Å so è dar manga trespila me nobn pao.
Dai ha brukt da, ungdommane i grendo her, attù dai ha vo aot Jakùps-kjykjinne ai venda um summar´n, å dao ha dai hatt dan skjikkjinn attu adle so komma dar, sku leggja attu inkat, ka so kann treffadai gao mè i lummo. Å naor dai inkje ha nokko anna, soskriva dai nabne sitt pao ai trespil å stinga burti ai glovra i bergjæ.Datta bruka dai endao, dai so komma dar.
Dar skulde vè ain huldaklokkar so aitte Jakùp, so heldt seg dar. Nai, prest ha eg aldre haurt gjete dar
ha vo - han skulde berre ve klokkar. Men han skulde vè so goù te syngja. Dar va so framifrao maol i´an. Naor han tok i pao da likaste, so kunde dai hoyr´an radt ne pao Fugl-laikane, å da è ait drjugt stykkje. Da ha lote vo nokko te klokkar, da! - Ja, hanaitte Jakùp, å d´è vel dify da è Jakùps-kjyrkjo.

Til berghola ”Jakobskyrkja” vart det i 1990 og 1995 organisert turar i etterkant av friluftsgudstenester på den gamle kyrkjetufta på Vinje. No når det er vakse fram ei større forståing av pilgrimvandringar, fann soknepresten i Vossestrand, John Ove Thaule, det naturleg å gjennomføra ei eiga vandregudsteneste med ”Jakobskyrkja”som mål.
Det vart året si lengste og mest opplevingsrike gudsteneste ! Vi gjekk i 4 timar med 600 m stigning. Det var innlagt 15 stopp med tekstar og salmesong. I tillegg var det ei matøkt m/ ”kyrkjekaffe” midt i gudstenesta.
Gudstenesta byrja i Vinje kyrkje med orientering om pilegrimsvandring.Kyrkjerommets ”Via sacra” vart understreka ved at ein starta ved døypefontennede ved døra, gjekk så mot alteret, ut sakristidørabak altertavla og ut i Guds store katedral, naturen. Der møtte vimange visualiseringar som på ein god måte komplettertedet som vart lest, talt og sunge. Vi gjekk opp Kongevegen, hovudvegBergen - Oslo 1780 - 1884, mot den gamle kyrkjestaden på Vinje.


På den gamle kyrkjegarden tok vi ein kort pause og minnest den gamle kyrkja, som vart riven i 1872 med salmen "Kyrkja ho er eit gamalt hus, stend om enn tårna mun falla" - "endå kan klokkene kalla". Kyrkjeklokkene er no i den nye kyrkja.
På andre kanten av Vinjetunet ligg Kortufta og tufta til Prestestova. Her stod truleg det fyrste gudshuset på Vinje. Tufta har vore verna om og minnet har vore levande. Det er truleg meir enn 600 år sidandet sto nokon kor her. (Ein av prestane som budde her var Sira Erlingpå Vinje, han er nemnt i fleire mellomalderbrev frå åra1342 til 1347. )

Den tradisjonelle vegen til Jakobskyrkja gjekk rett opp Korbakken. Den vegen er skildra i Pilegrimen 1-2, 2000. No er den ikkje rydda og den er elles tung å gå. Vi gjekk ein omveg og fylgde den gamle kyrkjevegen til folk frå Myrkdalen, brukt i åra 1100 -1800.
Neste stopp, med kvilepause, var på Kvinnestigen. Sokneprest Thaule fortalde der om apostelen Jakob og las frå Pilegrimen legendenom St. Jakob si gravferd fram til Santiago de Compostela
På 600 m høgd gjekk vi bortom ”Tonæ” for kvile og matpause. Det er ei grasslette med utsikt til begge kyrkjesokna på Vossestrand. Det var ein gamal skikk på Vinje at ein på Jonsokaftan skulle brenna bål på Tonæ. Vår vandringsdag var Jonsokdag, Døyparen Johanes sin fødelsedag, og vi tende opp bål. Og medan kyrkjelyden var samla rundt bålet, held soknepresten ein kortmeditasjon over sundagsteksten om Døyparen Johannes og hans Kristus-vitnesbyrd.
Etter Tonæ kom tyngste stigninga under Helgaberget, eit avlandemerka på Vossestrand. Namnet kjem frå heilag, og er eitkjent namn fleire stader i landet. Frå Island kjenner ein %F2gnamnet. Der heiter det. "Du skal ikkje sjå på det fjellet meduvaska andlet om morgonen" Her veit vi berre det at på høgresida av Helgaberget ligg Jakobskyrkja.
Opp under det mektige Helgaberget las presten frå Salme 121: "Eglyfter mine augo mot fjellet og spør kvar skal mi hjelpkome ifrå ", og i Trygve Bjerkrheims attdikting kunne me syngja samesalme (NoS 317) der orda i vers 2 vart aktuelle og nære :”Han styrkjerstegi mine / og fast på fot eg gjenge”.

Mot nest siste stasjon skulle alle finna ein stein og bera med seg. Steinen vart brukt til å bygga ein liten varde med eit krossforma vegvisar-skilt der det stod ”Jakobskyrkja” på. Denne bolken i den lange gudstenesta var eit symbol på at den som hadde ”tungt å bera”(Mt.11,28),
kunne legga frå seg byrda under Krossen . Songen ”Takk at du tok mine byrder..” gav ny kveik, og med påminninga frå Fil.3,13 om å ”jaga mot målet” tok vi fatt på siste kneika,opp ei bratt ur.
Der låg målet : Berghola på skap av ei kyrkje, med portal og vindauga, skip, kor og ”side-sakristi”. Berre om lag tre meter djup, menved eit tidlegare høve trykte vi saman 35 personar der inne !
Her kunne vandregudstenesta avsluttast med pilgrimssongen ”Fager er jordi”.
Etter velsigninga kunne kyrkjelyden setja kursen ned att til bygda etter ei annleis og rik gudsteneste-oppleving
John Ove Thaule og Ivar Husdal (tilbake)
Fotograf: Ruth Døssland Thaule<
Meta-Description:
Meta-Keywords:Old Vinje Church

Meta-Description:Ivar Husdal. Han kom med ideen til denne sida og har samla mykje informasjonar og foto som eg har brukt.
Meta-Keywords:Ivar Husdal,Ivar Lydvo,Ivar Løne, Ivar B. Løne, Ivar B Løne,Sigmund Engeland,Styrkår Hirth,Carole Sass,Solveig Greve,Knut Markhus,Gamle Vinje Kyrkje,Vossestrand
Korleis finn du Vinje?
Vinje ligg ved E16, 120 km aust for Bergen, 20 km nord for Voss, 25 km vest for Gudvangen
Korleis finn du staden der Gamle Vinje Kyrkje sto?
Start ved VinjeTuristhotel. Gå til fots. Fylg vegen bak hotellet forbi eit fjøs.I vegkrysset ovanfor fjøset står eit skilt "Kongevegen"Fylg Kongevegen vidare oppover forbi fleire gamle hus. Du kjem dåopp til gamle Vinje der det enno står mange gamle hus. Vegen gårder litt nedover og etter 60 meter kjem ein til ein gamal kyrkjegard medmur omkring. Der låg Gamle Vinje Kyrkje.
Meta-Description:Vinje ligg ved E16, 120 km aust for Bergen, 20 km nord for Voss, 25 km vest for Gudvangen
Meta-Keywords:Vinje Kyrkje,Gamle Vinje Kyrkje,Vossestrand,kart,veg


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger