Oskar Draugsvoll, Vossestrand (1908 - 2003)<
Foreldra til Oskar var Peder O. Draugsvoll (1844- 1928) og Olina Larsdtr, f. Humlebrekke (1869 - 1955)
Oskar var fødd på 64 års dagen til faren. Han var den yngste av seks sysken.
I 1903 selde Peder Oppistovebruket på Draugsvoll til syster si, Marta, og flytta til Vestfold. Der kjøpte han garden Tverdal, i Botne kommune (No ein del av Holmestrand). Der voks Oskar opp.
I 1917 kjøpte Peder garden tilbake frå syster si og flytta tilbake til Draugsvoll. Oskar var då 9 år og lærde å snakka strandamålet utan aksent. Dei eldre syskene lærde også strandamålet, men ein kunne høyra at dei hadde vokse opp ein annan stad.
Som ungdom fekk Oskar ein kraftig halsinfeksjon som øydelagde stemmebanda. Det vart ikkje tenkt på å gå til lege, når han ikkje var dødssjuk.
Oskar hadde ei farsyster, Susanna Høen (1852-1934), som var enke og budde på Glytthaugen. Mannen hennar, Lars Høen hadde vore lærar og bankkasserar. Dei hadde ikkje born. Ho ville at den to eldre broren til Oskar skulle overta småbruket hennar. Han heitte Per og ho ville at at han skulle studera. Men så døde Per av lungebetennelse 20 år gamal.
Deretter testamenterte Susanna eigedommen sin til Oskar.
Susanna var sengeliggjande dei siste åra. Gjørid Bruland var i mange år (10?) tenestejente hjå Susanna. Ho slutta omkring 1933. Susanna ville ikkje gje henne lønspålegg.
Susanna kjøpte, som alle andre, på kredit og hadde i Vossestrand Handelslag ei "Kontrabok" (buabok), som vart betalt ved måndsende.  Den boka gjekk diverre tapt ved brannen i Ulvundsøynè i 1987.
Det var mykje interessant å lesa der. Ei spekesild kosta til dømes 1 øre eller 2 øre. Det mest interessante var at då Gjørid slutta og ei ny tenestejente byrja, vart dei månadlege innkjøpa dobbelt så høge, som i den tida då Gjørid gjorde innkjøpa.
1937 flytta Oskar frå Draugsvoll til Glytthaugen.
Han var ikkje vant med å stella seg sjølv, så det vart mykje uorden. Då gjekk Johan Husdal, svogeren til Oskar, til Gjørid og spurde om ho ville vera tenestejente hjå Oskar. Det sa ho ja til og var der omlag 1975. Då flytta ho til syster si, Synneva, som trengde pleie.
Dei fyrste åra kom ho ofte innom til Oskar for å ordna i huset. Seinare vart det mindre tid til det. I staden kom Oskar ofte på besøk til Gjørid for å få ein prat og eit godt måltid mat.
Dei siste åra Gjørid levde budde ho på aldersheimen på Oppheim. Oskar vart ein trufast gjest hjå henne i den tida.
Seinare flytta også Oskar til Aldersheimen på Oppheim.
I samband med bygging av ny aldersheim på Oppheim flytta Oskar til Vetleflaten Omsorgstun på Voss. Der sovna han inn i 2003.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Glytthaugen med Oskar Draugsvoll 1928 og 1998
Oskar var fødd på garden Tverrdal i Botne i Vestfold1. mai 1908 - på 64 års dagen til far sin. Foreldrene var PederO. Draugsvoll og Olina (fødd Humlebrekke) frå Draugsvoll,Vossestrand. Då Oskar var 8 år gamal, kom familien tilbaketil Draugsvoll på Vossestrand. Han arva småbruket, Glytthaugen(Solvang) etter tanta Susanna, som ikkje hadde born. Ho døde i 1934.Oskar flytta til Glytthaugen i 1936 og budde der til han flytta påaldersheimen på Oppheim i 1989. Han var aldri gift og hadde ingen born. Ættebok for Vossestrand: Draugsvoll 76f. Husa påbiletet var Draugsvoll bruk 263/5
Fotograf: Svein Ulvund. Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:Oskar Draugsvoll var fødd på garden Tverrdal i Botne i Vestfold 1. mai 1908 - på 64 års dagen til far sin.Han flytta med foreldre tilbakr til Draugsvoll, Vossestrand, då han var 9 år gamal, Seinare busette han seg på Glytthauge
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Glytthaugen,Tverrdal,Botne,Vestfold,Glytthaugen,Vinje,Vossestrand,vein Ulvund,Olina Humlebrekke,Peder O. Draugsvoll

1940 Oskar Draugsvoll, Vossestrand  - Pass
Norge var okkupert av Hitler sine soldatar. Alle måtte pass (Grenseboerbevis)
Samlar av foto: Per Husdal  bildf008
Meta-Description:1940. Oskar Draugsvoll, Vossestrand
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Grenseboerbevis,Per Husdal

Glytthaugen med Oskar Draugsvoll omlag 1950
Oskar var fødd på garden Tverrdal i Botne i Vestfold1. mai 1908 - på 64 års dagen til far sin. Foreldrene var PederO. Draugsvoll og Olina (fødd Humlebrekke) frå Draugsvoll,Vossestrand. Då Oskar var 8 år gamal, kom familien tilbaketil Draugsvoll på Vossestrand. Han arva småbruket, Glytthaugen(Solvang) etter tanta Susanna, som ikkje hadde born. Ho døde i 1934.Oskar flytta til Glytthaugen i 1936 og budde der til han flytta påaldersheimen på Oppheim i 1989. Han har aldri vore gift og har ingenborn.
Eigar av foto: Ingvald Midtun. Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:Oskar Draugsvoll var fødd på garden Tverrdal i Botne i Vestfold 1. mai 1908 - på 64 års dagen til far sin.Han flytta med foreldre tilbakr til Draugsvoll, Vossestrand, då han var 9 år gamal, Seinare busette han seg på Glytthauge
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Glytthaugen,Tverrdal,Botne,Draugsvoll,Vinje,Vestfold

1958 huset på Glytthaugen, Draugsvoll, Vossestrand - der Oskar Draugsvoll budde
Oskar budde på Glytthaugen, Draugsvoll, Vossestrand frå 1936 til 1999. 
Her erhuset hans 1. mai 1958
Fotograf: Per Husdal. Samlar av foto: Per Husdal bildf011
Meta-Description:Oskar budde på Glytthaugen, Draugsvoll, Vossestrand frå 1936 til 1999. Her er huset hans 1. mai 1958
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vinje,Vossestrand,Glytthaugen

!958 Oskar Draugsvoll og Eirik Sundve Draugsvoll
Dette fotoet er frå 1. mai 1958 på 50 års dagentil Oskar. Husa i bakgrunnen er Draugsvoll. Eirik budde i det store kvitehuset i framgrunnen. Fjøset hans er nærast Oskar. NærastEirik er fjøset til Lars P. Draugsvoll, bror til Oskar. Bak Oskar ser ein Glytthaugstova, der Ingebjørg "Glytthaugen"budde.
Per Husdal.  Samlar av foto: Per Husdal
bildf012
Meta-Description:Dette fotoet er frå 1. mai 1958 på 50 års dagen til Oskar. Husa i bakgrunnen er Draugsvoll. Eirik budde i det store kvite huset i framgrunnen. Fjøset hans er nærast Oskar. Nærast Eirik er fjøset til Lars P. Draugsvoll, bror til Oskar.Bak Oskar ser ein Glytthaugstova, der Ingebjørg Glytthaugen (Ingebjörg L. Draugsvoll) budde.
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Ingebjørg Glytthaugen,Ingebjørg L. Draugsvoll,Vinje,Vossestrand,Glytthaugen,Eirik Sundve Draugsvoll,Lars P. Draugsvoll

1958. Oskar Draugsvoll, Vossestrand 50 år
Frå venstre: Eirik Sundve,Draugsvoll, Ingebjørg P. Draugsvoll, Gyrid G.Bruland, Oskar P. Draugsvoll, Jørgina P. Husdal (f.Draugsvoll), Ivar J. Husdal,Johan Husdal. Framme: hunden, Ruska
Fotograf: Per Husdal. Samlar av foto: Per Husdal bildf014
Meta-Description:Frå venstre: Eirik Sundve,Draugsvoll, Ingebjørg P. Draugsvoll, Gyrid G.Bruland, Oskar P. Draugsvoll, Jørgina P. Husdal (f.Draugsvoll), Ivar J. Husdal,Johan Husdal. Framme: hunden, Ruska Fotograf: Per Husdal. Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Keywords:Eirik Sundve,Draugsvoll,Ingebjørg P. Draugsvoll,Gyrid Bruland,Oskar P. Draugsvoll,Jørgina P. Husdal,Jørgina Draugsvoll,,Ivar Husdal, Johan Husdal,Ruska,Per Husdal,Glytthaugen

1959-60 Oskar Draugsvoll, Vossestrand på veg opp til huset sitt
Fotograf: Per Husdal. Samlar av foto: Per Husdal  bildf013
Meta-Description:1959-60 Oskar Draugsvoll, Vossestrand på veg opp til huset sitt
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vinje,Vossestrand,Glytthaugen

Oskar Draugsvoll og Gjørid Bruland, Vossestrand - 1960
Oskar og husholderska hans, Gyrid Bruland, (Gjøri Bruland) med eit par av sauene deira.
Fotograf: Per Husdal.  Samlar av foto: Per Husdal  bildf005
Meta-Description:Oskar og husholderska hans, Gyrid Bruland, (Gjøri Bruland) med eit par av sauene deira
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Gyrid Bruland,Gjøri Bruland, Vossestrand

1961 Glytthaugen, Vossestrand - der Oskar Draugsvoll budde
Oskar budde på Glytthaugen frå 1936 til 1999. 
Frammetil høgre ser ein "Glytthaugstova" der Ingebjørg L. Draugsvoll(Glytthaugen) budde.
Eigar av foto: Ingvald Midtun. Samlar av foto: Per Husdal bildf010
Meta-Description:Oskar budde på Glytthaugen frå 1936 til 1999. Framme til høgre ser ein
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Ingebjørg Glytthaugen,Ingebjørg l. Draugsvoll,Ingvald Midtun,Vinje,Vossestrand

Omlag 1964 Oskar i lag med syskenbarnet, Olav Kant
Olav Kant, frå Odda, var son til Marta (f.Humlebrekke) og Nils Kant frå Røros. Nils arbeidde med bygginga av Bergensbanen i Raundalen. Familien busette seg seinare i Odda.
Fotograf og samlar: Per Husdal  bildf021
Meta-Description:Olav Kant på besøk på Vossestrand
Meta-Keywords: Olav Kant,Oskar Draugsvoll,Ole Kant,Vinje,Vossesrand

Eit bilete hjå Vossestrand Sogelag
Oskar Draugsvoll med gåva si
til
Jørgina og Johan Husdal

Gullbryllaupsdagen deira.
Fotograf og samlar:
Per Husdal  
1978-17
Meta-Description:
Meta-Keywords:

1978 Oskar Draugsvoll og systera Jørgina Husdal
Bilete frå Gullbryllupet til Jørgina og Johan Husdal. Fotograf: Per Husdal  1978-18.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Oskar med kjenningar
Kolbein A. Tveite, Oskar Draugsvoll og Henrik Jordalen
Eigar av foto: Asbjørn Løno
Meta-Description:Kolbein A. Tveite, Oskar Draugsvoll og Henrik
Meta-Keywords:

Omlag 1964 Oskar i lag med syskenbarnet, Olav Kant
Olav Kant, frå Odda, var son til Marta (f.Humlebrekke) og Nils Kant frå Røros. Nils arbeidde med bygginga av Bergensbanen i Raundalen. Familien busette seg seinare i Odda.
Fotograf og samlar: Per Husdal  bildf021
Meta-Description:Olav Kant på besøk på Vossestrand
Meta-Keywords: Olav Kant,Oskar Draugsvoll,Ole Kant,Vinje,Vossesrand

Omlag 1986-87 Oskar Draugsvoll, Vossestrand på Øyaset
F.v. Oskar Draugsvoll, Sjur Hommedal og dyrlege Olav Hellesnes.
Eigar av foto Henrik  Hommedal. Samlar av foto: Per Husdal bildf016
Meta-Description:
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Sjur Hommedal,Olav Hellesnes,Henrik Hommedal,Per Husdal

Oskar Draugsvoll 80 år - avisartikkel i Horda Tidend
Samlar av avisartikklar: Henrik S. Hommedal 1988HordaTidend
Meta-Description: Oskar Draugsvoll 80 år - avisartikkel av Joans. Foto Nils Lyngnes.
Meta-Keywords:Nils Lzngnes,Oskar Draugsvoll,Henrik S. Hommedal,Joans

Oskar Draugsvoll, Vossestrand i 1990 -åra
1990 - åra
Oskar Draugsvoll,
1908 - 2003
Vossestrand.
Fotograf:  Ukjend

Samlar av foto: Per Husdal

bildf018
Meta-Description:1993. Oskar Draugsvoll, Vossestrand, i 1990-åra
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Draugsvoll,,Per Husdal

Oskar Draugsvoll, Vossestrand i 1990-åra
1990 - åra
Oskar Draugsvoll,
1908 - 2003
Vossestrand.
Fotograf:  Ukjend

Samlar av foto: Per Husdal

bildf019
Meta-Description:1993. Oskar Draugsvoll, Vossestrand, i 1990-åra
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Draugsvoll,,Per Husdal

1993 Oskar Draugsvoll
Oskar i midten. Til venstre for han, Olav P. Vinje (Persen)
Samlar: Per Husdal  1993Oskar1
Meta-Description:Oskar P. Draugsvoll
Meta-Keywords: Oskar Draugsvoll,Vossesrand

1993 Oskar Draugsvoll
Oskar Draugsvoll vert intervjua av NRK
Samlar: Per Husdal  1993Oskar2
Meta-Description:Oskar P. Draugsvoll
Meta-Keywords: Oskar Draugsvoll,Vossesrand

Oskar Draugsvoll, Vossestrand 1993 - 85 år gamal
1993
Oskar Draugsvoll, Vossestrand.
ved begravelsen til systera
hans, Jørgina Husdal.

Oskar var då 85 år gamal.
Fotograf: Jørn-Johan Jonassen

Samlar av foto: Per Husdal
bildf017
Meta-Description:1993. Oskar Draugsvoll, Vossestrand, ved begravelsen til systera hans, Jørgina Husdal. Oskar var då 85 år gamal. Fotograf: Jørn-Johan Jonassen. Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Draugsvoll,Jørgina Husdal,Jørn-Johan Jonassen,Per Husdal

1994 Oskar Draugsvoll, Vossestrand mokar snø av løetaket sitt
Oskar Draugsvoll mokar snø av loetaket sitt.
Fotograf: EliHommedal. Samlar av foto: Per Husdal  bildf015
Meta-Description:Oskar Draugsvoll mokar snø av loetaket sitt. Fotograf: Eli Hommedal
Meta-Keywords:Glytthaugen,Vossestrand,Oskar Draugsvoll,Eli Hommedal,Per Husdal

Oskar Draugsvoll, Vossestrand på moped, 89 år
Oskar køyrde på mopeden sin til han var 89 år.
Fotograf: Ivar Husdal. Samlar av foto: Per Husdal
bildf004
Meta-Description:Oskar Draugsvoll køyrde på mopeden sin til han var 89 år.
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Ivar Husdal,moped

Oskar Draugsvoll - 1997 med ein hest (89 år gamal)
Fotograf: Sjur Herre. Samlar av foto: Per Husdal  bildf007
Meta-Description:Oskar Draugsvoll med hest. Fotograf: Sjur Herre
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,hest,Sjur Herre

Oskar Draugsvoll på sykkel - 1997 (89 år gamal)
Fotograf: Sjur Herre. Samlar av foto: Per Husdal  bildf008
Meta-Description:Oskar Draugsvoll på sykkel - 1997 - 89 år gamal. Fotograf: Sjur Herre
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,sykkel,Sjur Herre,Per Husdal

Oskar Draugsvoll, Vossestrand på sykkel 1987 - 89 år gamal
1997 
Oskar Draugsvoll, Vossestrand,
på sykkeltur til Voss
Oskar sykla 2 gonger til Vossevangen i 1997. 
Det er ein strekningpå 21 km med 200 meter høgdeskilnad.
Oskar var då 89 år gamal.
Fotograf: Sjur Herre

Samlar av foto: Per Husdal

bildf009
Meta-Description:1997 Oskar Draugsvoll på sykkeltur til VossOskar sykla 2 gonger til Vossevangen i 1997. Det er ein strekning på 21 km med 200 meter høgdeskilnad.Oskar var då 89 år gamal. Fotograf: Sjur Herre
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,sykkel,Sjur Herre

Hordaland1997 Oskar på sykkeltur
Avisa "Hordaland", mai 1997. Fotograf og journalist: Sjur Herre
90-åringpå to hjul Oskar Draugsvollfrå Vinje på Vossestrand er ein råtøff typeav eit mannfolk. I sitt 90. å brukar han sykkelen meir enn dei fleste.Ein sykkeltur på Vangen og hei-matt - ei strekkje på til saman4 mil - er heller ikkje noko uvanleg for den spreke strendingen.
MIL ETTER MiL: Oskar Draugsvoll har mange mil bak seg på to-hjulingar-
om så det er moped, eller vanleg tråsykkel. Her er han”fanga opp” av kameraet på Løne på veg heimatt fråVangen.Av SJUR HERRE (TEKST OG FOTO)
- I fjor sykla eg 15 gonger på Vangen.
Dette er fyrste turen i å fortel Oskar når me ”kaprar”han på heimveg på Løne torsdag denne veka.
Oskar har korkje rasarsykkel med 20-30 gear, eller fantomdress, menhan meiner ein tilårskomen damesykkel og vadmaolsklede gjer same nytten,Slikt å gjera
-Men kvifor sykla, når det går buss?
-Eg har slikt å gjera på, og så rekk eg no påarbeidet mitt likevel. Denne gongen hadde eg heller ikkje noko ærendpå Vangen. Del var rett og slett berre ein "heisatur”, kjem det turtfrå den tettvaksne 90-åringen.
Nå Oskar er i godt slag tek han seg berre ein pustepause påvegen, og det skjer gjerne i Åsbrekkegjelet,
- Kva med all tungtrafikken som rasar forbi?
- Eg held meg heilt inntil vegkanten, og då går det bra.Men trafikken har endra. seg kolossalt ifrå den tida - i 20-åra,- då eg dreiv med hesteskyss på denne strekkja, frå Vossestrandtil Vangen, fortel Oskar.
Ein tur på Vangen og oppatt tok den gong ca fire timar, minnest90-åringen.HESTEKAR: Hestehald har vore Oskar si store interessegjennom alle år. Få veit så mykje om hest som han.Annerkjend hestekar
Oskar Draugsvoll var også ein vidgjeten hestekar, Det vert påståttat han var den
beste i heile bygda. Skulle ein handla hest, om så det var tråvar-eller arbeidshest, måtte ein gå til han Oskar for å fågode råd.
- Kva var det du la vekt på når du saumfor ein hest?
- Fyrst og fremst var det augnalaget. Hadde hesten harde og kvasseaugo, så var han ikkje god å ha med a gjera. Vidare skulledei ikkje vera turre, men godt "kjøta" over ryggen. Viktigvar det også å ha ein slett og fin overgang mot halsen. Skikkelegeføter og god muskulatur la eg sjølvsagt også stor vektpå, seier hestekjennaren med dølahesten som sin favoritthest.Varmblodsaren karakteriserer Oskar meir som eit leiketøy. Den eignarseg lite til arbeidshest.
Med den hestekunnskapen som Oskar sat inne med. var det naturleg athan også tok på seg temjing av hest. Og etter kvart vart detmange unghestar som gjekk i skule hjå meister Draugsvoll.Bonde, feiar og kyrkjetenar
I tillegg til å driva det 20 mål store småbruketsitt på Vinje, der han dreiv ei stund med mjølkeproduksjon,og seinare smale, hadde også Oskar jobben som feiar.
- Feiarjobben hadde eg i 20 år, og då farta eg over storedelar av vossebygda og vart kjend med mykje folk. Framkomsreiskapen minvar mopeden. Ein moped som eg framleis nyttar mykje for å forflyttameg, seier den spreke strendingen.
- Det har vorte mange skorsteinar, og mange tak å klatra på?
-Ja, men bank i bordet, det har gått bra, eg har ikkje "dotte"ned ein einaste gong
Oskar har også vore kyrkjetenar og gravar ved Vinje kyrkje gjennomei årrekkje.Ungkar
- Og du bar vore ungkar heile ditt lange liv, og aldri hatt nokon kjærast?
 -Å eg har no smaka på dei, ler Oskar hjarteleg,
Han fortel elles at han likar godt å besøkja dei eldrepå aldersheimar- og det hender rett som det er at han slengjer segpå mopeden og putrar opp til Oppheim Aldersheim,
-Helsa har vore bra?
- Det har no vore litt ymest med det. Røysta sviktar litt no,men den held til heimebruk når eg snakkar med meg sjølv, lerhumoristen Draugsvoll.
Oskar er også vide kjend for å målbinda nokon kvar,med sine raske og slåande replikkar.Sterke Oskar
- Det går rykte om at du var litt av ein kraftkar i yngre år?
- Nei, her tek du nok feil, det var bror min Olav det- Eg var ikkjesterkare enn litt over middels.
- Men kva med historia om den gongen du sykla heimatt med ein sykkelpå ryggen, som du hadde kjøpt på smalaauksjonen. Ellerkva med den gongen då du med berre nevane lyfte fronten påtraktoren ut av vegen for at sognabussen skulle koma forbi på densamle vegen?
- Dette er rein bløff, ler Oskar med ein lur smil.Slektsgransking og kulturverning
- Nei, då likar Oskar betre å snakka om slektsgranskingsom han er svårt oppteken av. Si eiga slekt har han rekt opp mangeslektsledd attende i tida.
Eit anna interesseområde er vern av gamle kulturminne. Han tenkjerdå spesielt på Voss Mylne. Oskar var også den som tokopp at ein måtte restaurera og få i stand den gamle mylna vedstrandavegen. For, som han seier, så veit ein aldri kor tid det kanverta bruk for dei gamle mylnene att. Oskar minnest så alt for godtkva mylnene kringom i bygda har betydd gjennom ulike krisetider.Råta seg
- Kva går elles kvardagen med til i ditt velvaksne pensjonstilvære?
- Ingen ting, eg rotar meg Økonomisk klarar og meg ogsåbra.
- Kva med vedhogst, og potetdyrking?
- Jau, slikt til husbruk driv eg på med, men det er no meir forå halda appetitten i orden, ler Oskar Draugsvoll - før hankastar seg på sykkelen.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Oskar Draugsvol, Vossestrandl 90 år
Den 1. mai 1998 fyllte Oskar 90 år. Han feira dagen påVossestrand Aldersheim på Oppheim. Gro Husdal serverer kake. Fotograf: Ivar Husdal.  Samlar av foto: Per Husdal bildf003
Meta-Description:Den 1 mai 1998 fyllte Oskar 90 år. Han feira dagen på aldersheimen på Oppheim
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand,Ivar Husdal,Oppheim,Gro Husdal

Oskar Draugsvoll, Vossestrand i 2002, 92 år
Oskar på Vossestrand Aldersheim, Oppheim.
Fotograf: Ivar Husdal. Samlar av foto: Per Husdal bildf006
Meta-Description:Oskar 92 år på Vossestrand Aldersheim, Oppheim, Vossestrand.Fotograf: Ivar Husdal.
Meta-Keywords:Oskar Draugsvoll,Vossestrand Aldersheim,Oppheim,Ivar Husdal


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger