Olav P. Draugsvoll Stor-Ola)
Les om Olav nedunder biletet.
Olav fødd på Draugsvoll 13.05.1897. Døypt i Vinje Kyrkje 01.08.1897.
Han var det første barnet til Peder O. Draugsvoll, (01.05 1844 - 02.06.1927), og Olina L. Draugsvoll, fødd Humlebrekke (13.06.1869 - 10.01.1956).
Fadrar var:Anders L. Humlebrekke (onkel), David O. Humlebrekke (halvonkel), Nils A. Draugsvoll (nabo),  Ingeborg P. Draugsvoll (Kona til bakar Høen) og Susanna O. Høen (tante).
I 1902 eller 1903 flytta foreldra fyrst til Skoger ved Drammen. Seinare til garden Tverdal i Botne nær Homestrand. Der gjekk Olav på skule og vart konfirmert i Botne Kirke 16.10.1912.
Olav var svært intellegent. I sin fyrste ungdom hadde han opplevingar som gav han psykiske problem. Han kom over det, men  seinare var han alltid annleis enn andre.
I 1917, då Olav var 20 år flytta familien tilbake til Draugsvoll. Olav måtte læra å snakka "Strandamaol". Riksmålet og vestfolddialekten gløyde han aldri. Han song ofte viser og då på riksmål. Han er den einaste som hadde lese alle bøkene i Vossetrand Folkeboksamling (Meir enn 2000).
Olav var ein av dei sterkaste mennene i Vossabygdene og vart kalla Store-Drøsvodl eller Sterk-Ola.
I 1930-åra var det ein gong det var eit sjøfly på Oppheimsvatnet. Der kunne ein få rundturar mot betaling. Det var mange ungar der. Olav var der og, og ville ta ein flytur. Var det nokon av ungane som ville vera med, spanderte han turen. Gunnar Engeland vart med. Då han kom heim om kvelden fortalde han om det og fekk ein ”helsike skjennepreik” av mora, fortalde han seinare.
Vinteren 1952/1953 var han sjukeleg og kjende seg svak (det kunne vera leukemi).  Ein kveld  i juni gjekk han langs elva nedover mot Sundve og fiska. Han vart funnen drukna nokre dagar seinare.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Olav P. Draugsvoll
Olav P. Draugsvoll
(1897 - 1953)
Draugsvoll 76a
Peder O. Draugsvoll
(1844 - 1927)
Draugsvoll 76

Olina L. Draugsvoll
f. Humlebrekke
(1869 - 1955)
Homlabrekk 30b
Eigar av foto: Per Husdal

Samlar av foto: Per Husdal

opd002
Meta-Description:
Meta-Keywords:Olav P. Draudsvoll,Stor-Ola,Sterk-Ola,Sterke-Draugsvollen

Olav P. Draugsvoll
Olav P. Draugsvoll
(1897 - 1953)
Draugsvoll 76a
 
Han var son til
Peder O. Draugsvoll
(1844 - 1927)
Draugsvoll 76

Olina L. Draugsvoll
f. Humlebrekke
(1869 - 1955)
Homlabrekk 30b
Eigar av foto: Per Husdal

Samlar av foto: Per Husdal

opd003
Meta-Description:
Meta-Keywords:Olav P. Draudsvoll,Stor-Ola,Sterk-Ola,Sterke-Draugsvollen

Jonsokbryllaup på Draugsvoll - omlag 1900
Guten framme i kjole er Olav P. Draugsvoll (I den tida var det vanleg at smågutar gjekk i kjole til dei var turre).
Eigar og samlar av foto: Per Husdal opd004
Meta-Description:
Meta-Keywords:Olav P. Draugsvoll,Stor-Ola

Olav P. Draugsvoll
Foto: 1940
Olav P. Draugsvoll
(1897 - 1953)
Draugsvoll 76a
 
Han var son til
Peder O. Draugsvoll
(1844 - 1927)
Draugsvoll 76

Olina L. Draugsvoll
f. Humlebrekke
(1869 - 1955)
Homlabrekk 30b
Eigar av foto: Per Husdal

Samlar av foto: Per Husdal

opd003
Meta-Description:
Meta-Keywords:Olav P. Draudsvoll,Stor-Ola,Sterk-Ola,Sterke-Draugsvollen

På Flåten, Vinje - omlag 1933
Olav P. Draugsvoll (f.1897), Ingebjørg P. Draugsvoll (f.1900) med Orlaug Husdal (f.1931) og Olina Draugsvoll (f.1869) med Anna Husdal (f.1929). Huset bak er ein av revegardane på Draugsvoll.
Eigar av foto: Per Husdal. Samlar av foto: Per Husdal opd006
Meta-Description:
Meta-Keywords:Olav P. Draugsvoll,Stor-Ola

Olav P. Draugsvoll - Vossestrand omlag 1935
Olav var son til Olina og Peder O. Draugsvoll.  Han var den sterkaste mannen på Vossestrand.
Eg har møtt fleire som har fortald at dei såg han lyfta 12 kunstgjødselsekker (600 kg)
Han vart kalla: "Store-Draugsvollen".

Han var ungkar og svært snill og hjelpsam. Ein vårdag i 1953 han var ute og fiska, fall han i elva ved Sundve og drukna.
Eigar av foto: Ingrid Haga.  Samlar av foto: Per Husdal
bildb023
Meta-Description:Draugsvoll, Vossestrand med Vinje Kyrkje omlag1904, Huset til bakar Lars Høen til venstre (seinare Vossestrand Handelslag)
Meta-Keywords:Draugsvoll, Vossestrand Handelslag, Vinje Kyrkje


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger