Framhaldskulen, Vossestrand
Framhaldskulen heldt lenge til i det gamle kommunehuset på Vinje
Framhaldsskular
Av Einar Midtun
Kjelde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Framhaldsskular av Bjarne Skjervheim.
Inntil framhaldsskulen vart gjort pliktig i 1959, vart det halde mange variantar av framhaldsskulane, teoretiske kurs på 12 - 14 veker kombinert med sløyd og/eller sy/vevkurs på 6 - 12 veker. Her var det plass til alle som ynskte noko opplæring/ utdanning etter folkeskulen.

Tidleg på 1900-talet vart det oppretta både kveldsskular og framhaldsskular.
Det vart søkt om å halda kveldsskule i Hauge krets vintrane 1906-1907. Og like eins vart det søkt om å få ein 6 månaders framhaldsskule vinteren 1909-1910, som vart stetta. Frå den tid vart framhaldsskular skipa om lag årleg og gjekk på omgang i krinsane.
Med nedgangstidene som sette inn i 1920 åra, minka ”interessa” for framhaldsskule noko, og i 1925 våga ikkje skulestyre setja i gang. Berre 8 elevar hadde meldt seg på kurset i Hauge (grensa var sett til 10). Men året etter i 1926 melde det seg 14 elevar til framhaldsskulen på Vinje med O. Grindeland som lærar.

Nyttår 1926 søkte Oppheim ungdomslag om tilskot til arbeidsskule. Skulestyret rådde til, og Olav N. Berge vart lærar. Dette var opptaket til ein bolk med arbeidsskular.
Myrkdalen ungdomsslag skipa til arbeidsskule på 12 veker i Myrkdalen i 1928. Lærar var Eirik A. Bygd.
Vinteren 1929/30 fekk Egdetveit ungdomslag liknande kurs med Nils Th. Midttun som lærar.
Første arbeidsskulen for jenter var på Egdetveit i 1933, med Dagny Aardalsbakke som lærar.
Arbeidsskulane var tydeleg populære og det var rift om dei i krinsane.
Jamvel Jordalen, som kunne mønstra 12 elevar, fekk arbeidsskule vinteren 1936/37.

Under krigen ”blomstra” framhaldsskulen oppatt og vart årviss. Desse var lærarar:
1940-41: Magnus Kolås, 1941-42: Hans Hansen, 1942-43: Nils Ruset, 1943-44 og 1945-46: Hans Hansen.
Framhaldsskulen ambulerte mellom Oppheim og Vinje.

Den siste framhaldsskule-klassen før nyeskulen på Sundve vart teken i bruk i 1957, (vinteren 1956/57) heldt til i det gamle kommunehuset på Vinje. Medan sløyden heldt til i IOGT sitt ljosehus på Vinje. Lærar var Lars Prestegard frå Granvin.

Framhaldsskulen og 4. og 5. skuledagen på Sundve
Av Einar Midtun
Kjelde:
”Strandaskulane” frå dei eldste tider til 1964, prenta 1989. Sundve skule. Av Olav Hole.
Då det nye skulebygget på Sundve stod ferdig i 1957, fekkog framhaldsskulen fast tilhald på Sundve. I 1960 starta ein opp med 4. skuledagen og seinare også 5. skuledagen.
Første året 1957/58 var Bjørg Draugsvoll lærar, og året etter 1958/59 Terje Håkon Kaldestad. Frå 1959/60 og til framhaldsskulen gjekk ut i 1970, var Olav Hole framhaldsskulelærar og sløydlærar.
Elles har desse vore handarbeids- og sløydlærarar fram til 1964:
Annlaug Åsebø, Anna Hegland og Ingebjørg Sausjord, Hallstein Ure og Martinius Årmot.
Husstllærarar: Brita Ulvund, Ragnhild Ødegård og Gerd Ingrid Sundsvoll.
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Framhaldskule i Haugsvik omkring 1918 - Kjende og ukjende
Dette biletet skal vera teke ved Haugeungdomshus omkring 1918. 
1.Lærar Tormod Vinsand, 2.Knut Berge, 3.Olav A.Kvarme, 4.OlavL.Heggland, 5.Knut L.Løen, 6.ukjend, 7.Nils B.Kvamme, 8.Brita Bygd(Kari-Brita),9.Gudrun Flisram (g. Mård), 10.Gudveig L.Ure, 11.GjørginaL.Løen (g. med nr4), 12.Barbro P.Stalheim (g. med Anders Tveite),13.ukjend, 14.Sigrid O.Løen (g. med Mikkel Ure), 15.Georg J.Borge,16.ukjend, 17.Nils L.Flisram, 18.ukjend Eigar av foto:Albert Lunde
Samlar av foto: Per Husdal
Er det nokon som veit fleire namn, så ta kontakt med Oddvar Drevsjø
Meta-Description:Dette biletet er teke ved Hauge ungdomshus omkring 1918-1919.
Meta-Keywords:Olav Heggland, Jørgina Løen,Sigrid O. Løen, Sigrid løen,Sigrid Ure,Haugsvik,Vossestrand,Albert Lunde

Framhaldskule 1940 - 1941 i beduset Sion på Vinje, Vossestrand
Bak f.v. Ingebjørg Tveite (Grindeland), Ingebjørg Løn (Fyrde), Sigfrid Kvamme, Marta Sausjord-Kroken, Marta Sundve (g.Bidne), Målfrid M. Ure, Guri Mæland.
Framme Olav O. Draugsvoll (Posten), Helge K. Engeland, Lærar Kolås, Anders Herheim, Anders Haga, Anton Vinje (Åsen), Hans Naasen.
Heilt framme f.v. Olav Stora-Høen og Leif Nesheim.
Eigar av foto: Solveig Engeland. Samlar av foto: Per Husdal
Informasjon oppdatert 2009 og 2016. Takk til Johannes Bruland og andre.
Meta-Description:
Meta-Keywords:Framhaldskule,Ingebjørg Tveite,Grindeland,Ingebjørg Løn,Fyrde,Sigfrid Kvamme, Marta Sausjord-Kroken,Sundve,Guri Mæland,Helge K. Engeland,Lærar Kolås,Anders Herheim,Anders Haga,Anton Vinje,Hans Naasen,Olav Stora-Høen,Leif Nesheim,Solveig Engeland,Per Husdal

Framhaldskule 1941 - 1942 på Oppheim, Vossestrand
Framme frå venstre: Johannes Borge, Sigmund Kaldestad, Nils K. Bidne. Bak frå venstre: Sjur Ure, Lars Hemre, Martin Grindeland, Agnes Sundsvoll, Hallstein Teigen, lærar Hans Hansen, Nils L. Draugsvoll (Bidne) Jørgina Bidne, Lars K. Ure, Peder Dregelid.
Eigar av foto: Martin Grindeland. Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:
Meta-Keywords:Framhaldskule,Martin Grindeland

Framhaldskule 1943-44  i det gamle kommunehuset på Draugsvoll
Bak frå venstre: Viking M. Tveite, Olav O. Hole, Gisle Bruland, Henrik Straume, Martin Herheim, Nils Bidne, Johannes Naasen. Framme frå venstre: Birger S. Bidne, Anna O. Draugsvoll (Posthagen), Hans Hansen, Borghild M. Ure, Margit N. Hommedal. Læraren , Hans Hansen, var frå Voss. Han hadde eit litesmåbruk på Flatekval, Skulestadmoen, men etter artium dreivhan mykje som lærar utan fast tilsetjing. Mellom anna var han påOppheim, dels som vikar i sjukdomstilfelle, dels som framhaldsskulelærar.  Framhaldsskulen var ambulerande mellom Oppheim og Vinje. Hansen haddeog kveldskurs i engelsk på Oppheim. Og så var han organisti Oppheim og Vinje kyrkjer, innanfor eit tidsrom frå 1939 til eitpar år etter krigen.
Foto utlånt av Gisle Bruland Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:
Meta-Keywords:

Framhaldskule 1944-45  i det gamle kommunehuset på Draugsvoll, Vossestrand
Bak frå Venstre: Erling Dregelid, Gudleik Engeland, Lars B. Opheim,  Lars Hegland, Harald Tufte, Magne Kaldestad, Anders Kvarme,
Anders A. Ure (Markusteig).
Framme frå Venstre: Johannes Borge, Guri Bidne, Gudny Bidne, Hans Hansen (lærar), Kari Taulen, Aslaug Engjaland, Gunnar Ure.
Eigar av foto: Gudleik Engeland.  Samlar av foto: Norodd Hagenson og Oddvar Drevsjø  foto1436
Meta-Description:
Meta-Keywords:Vossestrand sogelag,Framhaldskule,Gudleik Engeland

Framhaldskule 1945-46  i det gamle kommunehuset på Draugsvoll
Bak frå venstre: Hilmar Hommedal, Trygve Skjervheim, Jens N.Naasen, Johannes A. Naasen, Olav Hole, Leif Ure, Sigurd Dugstad, Anders Skjervheim. 
Framme frå venstre: Sigvor Kvamme, Aslaug Opheim, Hans Hansen,Gerd Ottesen, Ingebjørg Sausjord.
Læraren , Hans Hansen, var frå Voss. Han hadde eit litesmåbruk på Flatekval, Skulestadmoen, men etter artium dreivhan mykje som lærar utan fast tilsetjing. Mellom anna var han påOppheim, dels som vikar i sjukdomstilfelle, dels som framhaldsskulelærar. 
Framhaldsskulen var ambulerande mellom Oppheim og Vinje. Hansen haddeog kveldskurs i engelsk på Oppheim. Og så var han organisti Oppheim og Vinje kyrkjer, innanfor eit tidsrom frå 1939 til eitpar år etter krigen. Foto utlånt av avdøde Peder Naasen, Sundve.
Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:
Meta-Keywords:Framhaldskule,Hans Hansen,Draugsvoll,Vinje,Vossestrand

Framhaldskule 1957 - 1958 på Vossestrand
Første rad f.v.: Klara Skjervheim, Kjellaug Mørkve, Bjørg Hommedal (Handarbeidslærarinne), Lars Prestegard (lærar), Sigrunn Heggland, Ingebjørg Lilletun.  Andre rad f. v.: Knut Magne Bjørgaas, Arne Oppheim, Bjørg Stalheim, Dagny Jordalen, Sigfrid Varberg, Ingunn Hirth-Nesheim, Olav K. Nesheim.  Tredje rad f.v.: Einar Midtun, Bjørn Brandseth, Øystein Opheim, Henrik s. Hommedal, Erling Lunde, Håkon Dregelid, Anders Indrelid, Gunnar Gjerald og Jon Husdal.
Eigar av foto: Einar Midtun.  Samlar av foto: Per Husdal
Meta-Description:
Meta-Keywords:Framhaldskule,Vinje,Draugsvoll,Vossestrand,Jon Husdal


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger