Vossestrand, ei pionerbygd for utbygging av elektrisk kraft

I årboka ”Gamalt frå Strondè” for 2009 har Ingvald Midtun ein artikkel om utbygging av elektrisk kraft på Vossestrand. Her kjem eit lite utdrag av det som er skrive om dei første kraftverka på Vossestrand.

Kraftverka til Stalheim Hotell
Det er noko tvil om når det første kraftverket vart bygt, men mest truleg var det i 1892. Det var direktøren på Stalheim hotell den gongen, Albert Patterson, som då bygde eit mindre kraftverk som forsynte hotellet med elektrisk ljos. Dette var eit av det første på Vestlandet, om det då ikkje var det første. Kraftverket vart bygt i Stalheimselva, like ovanfor Stalheimsfossen, og vart i 1894 ombygt slik at det og kunne levera straum for motordrift.
Likestraumsaggregatet var på 10kW.
I 1933 bygde direktør Tønneberg nytt kraftverk i Sivleselva, og det var plassert mellom brua over til Sivle og Sivlefossen. Kraftverket vart no utbygt med to aggregat på til saman 70 kW og utnytta ei fallhøgd på 90 m.

Vossestrand Meieri på Vinje
I følgje NVE vart dette kraftverket sett i drift i 1917. I full drift kom det likevel ikkje før i 1931 då meieriet tok i bruk kjølelageret sitt.
Kraftverket utnytta eit 4,5 m høgt fall i Oppheimselva (Vetleelva), og kraftstasjonen vart bygd som ein del av meieribygningen. Det var laga ein kanal frå elva og inn til eit inntak mot kraftstasjonen. Det ytte 12 kW med eit likestraumsaggregat. Krafta vart nytta til maskinene, oppvarming og ljos i meieriet. I tillegg vart den elektriske krafta nytta til maskinene og ljos til snikkarverkstaden, som Anders O. Midtun bygde ved sida av meieriet i byrjinga på 1930-talet. Familien hadde husvære i andre etasjen i verkstaden, som også hadde innlagt straum.

Vinje Hotell på Vinje
Kraftverket vart sett i drift i 1919 og utnytta eit mindre fall på nokre meter i Oppheimselva. Kraftverket låg like nedanfor Vossestrand meieri. Her var det også laga kanal frå elva inn til eit betongbasseng med vassmagasin like ved kraftstasjonen. Restar av dette ligg i dag like ved elva. Installert effekt var her 17 kW med likestraum, og krafta vart nytta til koking, oppvarming og ljos i hotellet. Nokre husstandar i nabolaget fekk også straum frå dette verket.

Tre kraftverk i Sundsvollselva på Oppheim

Det var lensmann Brørvik som bygde, eigde og drifta det første kraftverket i Sundsvollselva. Det vart sett i drift i 1919. I følgje NVE vart kraftverket seinare eigd og drifta av eit andelslag eller lutlag: Oppheim elektrisitetsverk. Kven luteigarane og brukarane var, er ukjent, men forbruket gjekk truleg til privat ljos og litt oppvarming for husstandane like ved kraftstasjonen på Oppheim. Kraftverket utnytta eit 54 m høgt fall i Sundsvollselva og det ytte 20 kW i eit likestraumsaggregat.

Kring 1931 vart det bygt eit anna kraftverk i Sundsvollselva like ovanfor inntaktet til Brørvik. Dette kraftverket leverte likestraum til husstandane i Vinjahagen, Finne, Bidne, Urheim, Løn og Heggland. Det var abonnentane som eigde dette kraftverket. Storleiken og andre tekniske data er ukjende.

Eit tredje og mindre kraftverk stod i Raunelia på Oppheimsdalen og vart bygt og eigd av Hallstein Raunelid og Knut Berge. Storleiken på likestraumsaggregatet var 2 kW, men kva straumen vart brukt til er ukjent.

David Birkelid Skjelvik sitt kraftverk på Skogstad

David Birkelid Skjelvik bygde eit kraftverk i Skorsetgroa som kjem ned frå Skorsetvatnet og renn ut i Strandaelva mellom Skogstad og Rinden. Med unntak av generatoren (dynamoen) bygde han heile kraftverket sjølv. Det første kraftverket sette han i drift i 1921 og var på 0,5 kW. Under den store uverskatastrofen på Vestlandet den 9. februar 1928 der fleire snøskreder tok liv også på Strondè, sopte ei snøskrede med seg kraftstasjonen hans David Skjelvik. Både turbinen og dynamoen fann han att like heile, men etter ein brann i smidja like etterpå, måtte han kjøpa seg ein ny dynamo og bygde seg seinare eit større kraftverk i 1929. Igjen gjorde han alt arbeide sjølv. Det vart eit lite kraftverk på om lag 2 kW likestraum, og fallhøgda var 35 m. Det vart truleg nytta til eige bruk.

Framnes Kursted sitt kraftverk i Vinjadalen

Dette kraftverket vart sett i drift første gong i 1923, først med ein likestraumsgenerator på 17 kW. I følgje NVE skulle straumen nyttast til: ”Anvendelse til lys og oppvarming for kuranstalten.” I 1932 vart det bygt nytt kraftverk med vekselstraumsgenerator. Den ytte 80 kW og nytta eit fall på 20 m i Oppheimselva med kraftstasjonen i Vinjadalen. Det var Framnes kursted som eigde og drifta kraftverket. I 1941 vart det inngått kontrakt med alle grunneigarane kring Oppheimsvatnet. Den gav Framnes kursted rett til, utan vederlag frå dåverande og framtidige eigarar av kraftverket, å tappa Oppheimsvatnet ned til 75 cm under dåverande middelvasstand. Dette kraftverket var det einaste på Strondè som hadde eit visst reguleringsmagasin og såleis kunne produsera elektrisk straum sjølv når det var lita vassføring i elvane. Det er også det einaste av dei gamle kraftverka som er i drift i dag, truleg på grunn av at dette var eit kraftverk som genererte vekselstraum og såleis overlevde revolusjonen i 1954 då det kom vekselstraum til bygda. Då Framnes kursted vart lagt ned for nokre år sidan, vart kraftverket selt til private eigarar. Det vart då rehabilitert og er i dag i fullgod stand.

Kraftverket og leiketøyfabrikken på Rødno

I slutten av 1920-åra bygde dei fire brørne på Engjaland, Helge, Knut, Lars og Anders ein snikkarverkstad ved Holeelva på Rødno. Dette er omtala i eit eige stykke i ”Gamalt frå Strondè”, 2008. I tilknyting til verkstaden vart det bygt eit lite kraftverk. Helge Engeland, som var med og bygde dei fleste kraftverka på Strondè den tid, bygde også dette kraftverket. Det låg i kjellaren under verkstaden. Kor mykje dette kraftverket ytte veit me ikkje i dag. I tillegg til å driva maskineriet til snikkarverkstaden sytte den også for drift av tømmersaga like ved. Det vart også bygt linjer til nokre gardar i nabolaget slik at desse fekk seg elektrisk ljos. Desse var: Harkahaugen, Hjellen, Hydningen, Meland, Brattholo og Haga.

Ljospærene den gongen var som oftast svært små, som regel 15 watt. Det er difor grunn til å tru at dette kraftverket ytte berre nokre få kW, kanskje opp mot 5 kW.

Myrkdalen Elektrisitetsverk

Halle Skjervheim skreiv ein artikkel om dette kraftverket i jubileumsboka til Voss elverk i 1976. Her er litt sitat frå denne artikkelen:

”I Myrkdalen vart det gjort opptak til å få bygt eit elektrisitetsverk i 1930 åra. Planane vart gjennomførde, og hausten 1937 kom elektrisitetsverket i drift. Det var plassert like ved Bygd bru, og produserte 44 kW likestraum. På førehand var om lag halvparten av straumen borttinga. Folk var ikkje vane med bruk av elektrisitet, og tidene var dårlege, så det var naturleg at folk var forsiktige med å tinga straum. Om lag alle som budde i Myrkdalen sytte for å få straum til ljos, og mange til litt koking, motorkraft og anna.”

”Då Vossestrand og Nærøydalen Kraftlag skulle skipast, var det delte meiningar i Myrkdalen om dei skulle halda fram med det elektrisitetsverket dei hadde. Som ein veit, gjekk myrkdølene inn i Vossestrand og Nærøydalen Kraftlag, som overtok Myrkdalen Elektrisitetsverk etter takst. Økonomisk kom myrkdølene godt i frå det. Etter at all gjeld var betalt, var det enno att ein del pengar som vart delte ut til abonnentane.”

Kraftverket til Lars P. Draugsvoll

Lars P. Draugsvoll (1902-1971) var ein fargerik og initiativrik person, og ein pioner på mange område i bygda. Ikkje rart då kanskje at han bygde eit kraftverk ved Strandaelva nedanfor Hyttetreet mellom Vinje og Sundve (Rossaneset). Både grunn- og fallrettane tilhøyrde bruket til Olav S. Sundve som også hadde ei sag der. Som leiga for desse rettane fekk Olav S. Sundve rett på fri straum både til saga og til bruket sitt på Sundve.

Kraftverket vart sett i drift seinhaustes 1947 og linje vart bygd frå brua på Draugsvoll ut til Haga i Holbygda.
Dette var eit kraftverk med likestraumsaggregat og kunne yta maksimalt 95 kW. Kraftverket var ofte plaga med krying av is i inntaket, og Lars hadde mykje arbeid med å halda inntaket fritt for is. Det vart også ofte straumstans på grunn av dette, så han Lars brukte nok mykje av tida si om vinteren for at abonnentane hans skulle få ljos i pærene sine og litt varme. Dei fleste av straumabonnentane til Lars kopla seg til vekselstraumsnettet då dette kom i 1954. Lars heldt drift i kraftverket til sin døyande dag, og kraftverket vart nedlagt i 1972.

Utbyggingsplanar som ikkje vart noko av

Jernbaneprosjektet Voss-Vangsnes gjennom Myrkdalen, som vart stikka og kostnadsrekna i 1918, var planlagt med elektrisk drift. Elektrisk kraft til toga rekna ein med skulle leverast frå vidare utbygging av Vik kommunale elektrisitetsverk, frå Voss kommunale elektrisitetsverk og frå to nye kraftverk. Det eine skulle utnytta fallet i Åsbrekkefossen og det andre skulle utnytta falla i Sendo og Grungen. All kraft skulle produserast med likestraum og lokomotivet skulle yta 730 hestekrefter som tilsvarar ein effekttrong på 550-600 kW.

Fleire lokale ”grundarar” filosoferte også om å byggja kraftverk. Mellom dei var nokre frå Holbygda og Vinje, Nils O. Midtun på Gavle, Nils Draugsvoll og Nils Hommedal. Planane var så å seia klare like før krigen. Kraftverket skulle byggjast i ”Svartespenen”, eit par hundre meter nedanfor der som Lars bygde kraftverket sitt. Men krigen kom og slo beina under planane deira. Av fleire årsaker vart det vanskeleg for dei å få gjennomført utbygginga like etter krigen. Mellom anna vart Nils Midtun sjuk og døydde i 1950.

Så kom krafta frå BKK!

L/L Vossestrand og Nærøydalen Kraftlag vart skipa i 1951. Bakgrunnen til at kraftlaget vart skipa var å sikra tilstrekkeleg med nok levert elektrisk kraft til Vossestrand og Næeøydalen.

Etter at semja om kraftlevering frå BKK var i orden vart det sett i gang med bygging av ny 20 kV kraftlinje med betongmaster i 1952. Bygginga heldt fram i 1953, og våren 1954 var det klart for tilkopling av krafta frå BKK.

Dette førte til ein kraft-revolusjon i bygda. Alle kraftverka som hadde vore i drift til no, var små. Dei var utan magasin som kunne sikra god vasstilgang og med det trygg straumforsyning om vinteren, og dei var stort sett utan spenningsregulatorar. Iskjøving om vinteren gjorde også sitt til at vassføringa svikta og spenninga gjekk ned.

Dei aller fleste av gamle kraftverka med likestraumsaggregat vart no nedlagde, og med dei var ein viktig bolk i soga om bygdeutviklinga på Strondè slutt.

Skriftlege kjelder:

NVE: Utbygd vannkraft i Noreg, 1922

NVE: Utbygd vannkraft i Noreg, 1946

Bernet Lorentzen: Vi følger strømmen. Bergen elektrisitetsverk 1900-1950.

Matias Steine: Soga om kraftutbygginga i Voss, 1979

Voss bygdeboknemnd, m.fl.: Gamalt frå Voss, hefte XX, 1988

Johannes Gjerdåker: Ålmenn soga for Voss, 1991

Jubileumsbok med ymse forfattarar: Framnes Kursted 75 år, 2001

Gamalt frå Strondè. Årbok for Vossestrand Sogelag, 2008

Knut K. Mørkve: Personleg notat, 2009

Munnlege kjelder:

Per Husdal, Sverre Sundve og Viking M. Tveite, 2009


E.M.

 

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger