Sogelagstur 2010
 Strandalivegen: Sjå Myrkdalen frå andre sida

Nyåpning av den gamle ferdselvegen til Myrkdalen, frå Sundve til Tveite.
Sundag 13. juni kl 13.00. Frammøte parkeringsplass ved Sundve Skule

Turen, 7 km,  er middels tung med bratte parti.
Turen blir leia av lokalkjende, og med info og matpausar, kan det ta omlag 5 timar.   Hugs gode tette tur-sko.
Frå Tveite er det gratis buss attende til Sundve,  eller frå  Treskjerartunet, for dei som vil gå litt lenger,

Vegen er rydda på dugnad, og Sogelag tar gjerne mot idear og hjelp for å rydde  andre gamle vegar.
Vossestrand Røde Kors Hjelpekorps fyl turen som sanitets-vakt  med ein stasjon med båt halv-vegs.
Turen er gratis, men Vossestrand Sogelag vil gjerne være med å gi eit bidrag til Hjelpekorpset.
Annonse og busstransport er støtta Voss Fjellandsby   (logo)

Vosestrand der gamle vegar møtest
Frå 10.000 år attende då dei fyrste nomadane, reinsdyrjegarene, kryssa fjellet mellom fjordane har Vossestrand vore ein stad der vegar møtest.
Nedunder er det tegna på eit kart nokre hovudvegar dei siste 1000 år.
På menyen til høgre står de om nokre lokale vegar. Har lesarene ei forteljing tar vi den med der.



Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger