Vossestrand Sogelag prosjekt "Kyrkjevegen"
  Sogelaget har søkt om kulturmiddlar for rydding og merking av dei gamle kyrkjevegane frå Ulvund til Vinje og Oppheim. Ein føreset at alle grunneigarane samtykkjer.         
5 km Ulvund - Vinje gamle kyrkjegard. 7km Ulvund - over Tone til Oppheim kyrkje.    
Nedunder er det skrevet om vegen ut frå eit møte på Oppheim 20. september 1702.
     

Myrkdølene på kyrkjeveg år 1702
Av Ivar Husdal

Vossastronde er ei bygd med 2 soknekyrkjer som ligg i 4 km avstand. Heilt uvanleg i grisgrendte fjellbygder. Midt i mellom kyrkjene gjekk
Fylkesgrova som lenge delte bygda på 2 fylke og 2 sokn og som ofte delte folket i verdsleg strid.

 Men strendingane har alltid følt seg som ei bygd. Presten, Hr. Hount, seinare Eidsvollsmann, tvinga i 1795 igjennom avskilte konfirmasjonar i Vinje og Oppheim Kyrkjer. Det blei berre dette eine året.
 Alle prestane fram til våre dagar hatt ynskje om 2 konfirmasjonsundagar med fulle kyrkjer, men folket seier nei, no som då. I 1865 fekk Vossestrand eigen sokneprest med  preik annakvar sundag i Oppheim og Vinje kyrkjer.  Men konfirmasjonen var felles.

Med den sterk veksten i folketalet rundt 1700 blei det trongt i kyrkjene. Endå om Vinje og Oppheim kyrkjer då var berre  30 år gamle. Ein kan tenkja seg at myrkdølene som hadde lang veg, var lite blide når dei kom fram og såg at det var ikkje plass i kyrkja.

I møte på Oppheim 20. september 1702  blei dette bestemt:
Faste sitteplassar for alle på Stronde  i  Oppheim og Vinje kyrkjer:

1. benk:  Øvre Vinje  åleine  i begge kyrkjene, (gamal prestegard).
2. benk:  Tveite i Holbygda og Hauge,
3. benk:  Nesheim, Herheim og Øvre Oppheim.
4. benk:  Hole, Bygd, Stalheim og Rygg.
5. benk:  Løen, Mørkve og Store Høn.   - og så vidare
Det var i alt 11 benkar, pluss 2 på lemmen (galleriet).
 
Lese meir  i boka om strandakyrkjene av Roald Lyngver 1971


Det var ikkje veg frå Myrkdalen langs vatnet og elva der vegen no ligg, men myrkdølene brukar å ta raskaste vegen til kyrkje. Kyrkjevegen til Oppheim gjekk om Ulvund, Øyaset over Tone til Finne og ned til Oppheim. Denne naturlege vegruta ser ein best når ein er på Brileset eller Skottfjellet, og kan sjå både mot Myrkdalen og Oppheim.
 ( Skottfjellet ??, det står ikkje på kartet no !, men mange veit ennå kvar det ligg).

 Vegen var ikkje heilt den same året rundt. Om våren fylgde den tremmene, det vil seie utpå bergknausane der snøen blir borte eit par månader før enn på flat mark. På seinhausten og vinteren gjekk den strake vegen over myrar. Elles fylgde den dei game vegane,  som vises godt i terrenget.

Frå Ulvund til Vinje var det og ein anna type kyrkjeveg, likvegen, der ein med hest og slede med tremeier kjøyrde den siste reis til kyrkjegarden på Vinje. Den er lenger enn ridevegen, og mykje lenger enn snarvegane som er raskast. Ved Øyeset-elva kan ein vise at dei 3 veg-typane  kryssa elva på ulike stader.


 

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger