Jon Lilletun


Frå Wikipedia: 

 

Jon Lilletun (23. oktober1945 - 21. August 2006) var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han også var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.

Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 1981 til 1985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.


Då Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.


Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.


Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte som vara.




Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger