Hans Skjervheim

Frå Wikipedia:

Hans Skjervheim (9. oktober 1926 - 22. februar 1999) var ein norsk filosof frå Myrkdalen.



Skjervheim studerte filosofi i Noreg og i Tyskland. Skjervheim vart professor i Roskilde i 1968, og året etter knytt til Universitetet i Bergen. Professor ved UiB 1982 til
1991 då han fekk slag (hjerneinfarkt) og var ufør til han døydde.



Han har hatt stor innverknad på norsk samfunnstenkning og filosofi. Han har vore særleg oppteken av forholdet mellom samfunnsvitskapane og naturvitskapane.

Hans ståstad er at metodane frå naturvitskapane i dei fleste høve ikkje kan nyttast i samfunnsvitskapane. Han gjekk ut mot positivismen. Han markerte seg m.a. som motstandar av Arne Næss si vitkapstenkning.

I 70-åra var han sterkt kritisk til marxismen, og seinare også nyliberalismen.


Han var ein stor essayist. Det mest kjende er truleg "Deltakar og tilskodar" som første gong vart publisert i 1957. Det gjorde ideane hans berrsynt for eit større publikum.

Dei seinara åra har det vorte halde sokalla Skjervheimseminar på Stalheim hotell, der ein i hans ånd har teke opp filosofiske og samfunnsrelaterte emne.


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger