Per Sivle - fremste merkesmannen på Vossestrand 

Vossestrand Sogelag ynskjer å samle muntlege tradisjonar om Per sin oppvekst slik som dette:

"Bestemor fortalde at ho mange gonger sat på fanget til Per når han rende på kjelke ned  frå Vinjatunet til Draugsvoll"
*********************

Per Sivle.

(Kåseri av Einar Midtun på Stalheim den 8. desember 2014.)

Først så vil eg fortelja litt om mora - og Per sin dramatiske start på livet.

Mora heitte Susanna Ryum, og var frå Flåm. Ho kom til Stalheim for å stella ei sengeliggande tanta, som heitte Sigrid Persdotter Hylland. Ho dreiv brennevinshandel på Stalheim, og Susanna hadde vore hjå henne heilt sidan konfirmasjonsalderen. Det var her på Stalheim at Susanna trefte Eirik Sivle. Han kom frå garden Sivle på Stalheim.

Susanna og Eirik var forlova i mange år, men foreldra hennar sette seg imot at dottera skulle gifta seg med han Eirik.

Etter ei tid så oppdaga ho Susanna at ho skulle ha barn med han Eirik, noko som ho tykte var ei stor skam.

Han Eirik dreiv med fe- og hestehandel, og var på den tida på Austlandet, og var ikkje ventande heim att før til våren.

Ho Susanna vart reint nedfor og bygdafolket sa at ho sat ofte og gret utpå stupet ved Stalheimsberget.

Utpå vinteren kom bror hennar, Anders Hylland, for å henta ho.

Nærøyfjorden var islagd, så ho vart dregen på ein høykjelke utetter fjorden.

På turen passerte dei fleire opne råker, og i ei plutseleg innskyting, i ein augneblink av desperat fortviling, kasta Susanna seg av kjelken og ned i ei av desse råkene. Ho hadde då bestemt seg for at ho ikkje ville føde barnet. 
Broren kasta seg då etter henne og kjempa for å berga systera opp att av isvatnet. Etter å ha fått ho i sikkerheit viste det seg at ho hadde slått seg kraftig og brote lårhalsen. Broren la ho så attende på kjelken, pakka ho godt inn i teppe og klede, og drog ho vidare til Flåm.

Heima på Ryum i Flåm var ikkje ho Susanna velkomen. Skamma over graviditeten stengde ho ute. Då reiste Anders og Susanna til halvsystera si, ho Gjertrud, som var gift i Frammigarden i Flåm, og der fekk Susanna bu dei siste vekene mens ho venta på fødselen.

Den 6. april 1857 fødde ho tvillingar - to gutar.

Om fødselen så fortel dottera til Per Sivle, Susanna (eller Sussi som ho vart kalla), fylgjande: ”Far ble født sammen med en tvillingbror. Det stod dårlig til med dem begge to ved fødselen. De la bort far og strevde med broren. Så ga far fra seg et sukk, og de begynte å streve med ham. I mens så døde broren”.

Sju veker seinare, den 24. mai 1857, vart han boren til dåpen og fekk namnet Peder Eriksen Sivle.

Eirik Sivle, som hadde vore på Austlandet, kom ikkje heim att før utpå sommaren. Då han så fekk høyra kva som hadde hendt reiste han straks til Flåm.

Den 9. november same året gifte dei seg og slo seg ned i ei stove på Stalheim.

Her levde Per dei fyrste barneåra.

Året etter at Per var fødd, fødde mora eit nytt tvillingpar, 17. september. Det var også to gutar, men begge døydde i fødselen.

Så gjekk det endå eit år, og mora fødde på nytt eit tvillingpar, 14. oktober 1859. Denne gongen var det også to gutar som døydde ved fødselen. Og berre fem dagar etter den siste fødselen døyr og mora den 19. oktober 1859, berre 38 år gamal.

Ho hadde då hatt tre tvillingfødslar på 2 ½ år. Dei tre svangerskapa og dei seks fødslane hadde tært hardt på kroppen. Dessutan hadde lårbeinsbrotet etter det misslukka sjølvmordsforsøket i Nærøyfjorden aldri grodd skikkeleg. Etter den siste fødselen hadde ho og hatt eit stort blodtap.

Han Per var berre 2 ½ år då mora døydde. Og han hadde alt mista 5 brør.

Per seier at han hadde berre eit uklårt og veikt minne om mora, liksom ein skimt eller ljoskje av ansiktet hennar”.

10. juni 2007 vart det avduka eit minnesmerke over ”Mor si grav” på Oppheim gamle kyrkjegard, der mor til Per er gravlagd.

Faren til Per var som sagt fe- og hestehandlar, og reiste mykje, så derfor hadde han lita tid til å ta seg av son sin.

Per vart difor sett vekk til slektningar. Fyrst budde han hjå morbror sin, Torstein Hylland, i Nærøydalen, sidan hjå ei faster på Fyre, grannegarden til Stalheim.

Men då Per var 6 år gamal kom han til Brekke, ein gard mellom Stalheim og Sivle, der voks han opp hjå fosterforeldra, Bottolv og Brytteva Brekke.

Eirik Sivle var ein halden mann, så dei fekk god betaling for å ta vare på sonen.

Per var svært skuleflink, og då han 25. april 1872 vart konfirmert i Vinje kyrkje stod han fremst på golvet. I bygda vart det sagt at ”Per var den flinkaste konfirmanten som nokosinne hadde vore på Vossestrand”.

Draumen til faren var at Per skulle bli prest. Og alt som liten hadde han stått på kjøkkenbordet heime på Brekke og preika som den gjevaste prest.

Jau, prest var ein lønsam og ærefull framtidsveg, og faren hadde råd til å koste guten fram, og fram skulle han!

Hausten 1872 reiste Per, 15 ½ år gamal, til folkehøgskulen i Sogndal, som den unge teologiske kandidaten Jakob Sverdrup hadde gått i gang med året før.

Det var berre gutar som hadde tilgjenge, og alder og bakgrunn varierte frå unge uerfarne 15-åringar som Per, til gifte familiefedrar på godt over 30 år.

Per gjekk to skulevintrar på høgskulen i Sogndal. Deretter gjekk han på Aars og Voss’ Latin - og Realskole i Kristiania (som Oslo heitte på den tida).

Han hoppa rett inn halvvegs i den sjette og siste mellomskuleklassen - på privatistplass - og håpa at han kunne greia mellomskuleeksamen allereie i juni og byrja på gymnaset same stad til hausten.

Han fekk ein god mellomskuleeksamen med mellom anna blank 1,0 i norsk stil, og kom dermed inn på det treårige gymnaset ved Aars og Voss’ skule, så hausten 1876 vart Per gymnasiast.

Per studerte flittig, men nytta og tida til å skriva dikt. Han gjekk på Stortinget for å følgje debattane der, og han gledde seg stort då hans gamle lærar Jakob Sverdrup vart vald inn på Stortinget.

Han hadde eit stort sakn etter mor si heilt frå han var liten, og den 4. januar 1876 skreiv Per i dagboka si:

”Havt en forunderlig drøm. Drømte at jeg var hos min moder medens hun laa og strævde med døden. Hun døde og hendes lig var saa rørende skjønt. Jeg kyssede mange gange den kolde pande, og var slet ikke bange ---”

I religiøst tunglynne, i einsemd og vanmod steig morsbiletet fram i sinnet og minte seg både natt og dag. Lengten etter mora forma han i sitt første dikt på norsk, som han kalla ”Den fyrste songen”.

Dette diktet vart prenta i ”Fedraheimen” 21. november 1877. Men diktet hadde han truleg skrive mens han gjekk på folkehøgskulen i Sogndal, for Lars Eskeland skriv fylgjande om Lavik-gutane Johannes og Andreas, som gjekk saman med Per på folkehøgskulen i Sogndal:

”Dei hadde mykje å fortelja då dei kom heim att derifrå. Og dei hadde med seg ein song som Andres vart svært glad for. Det var ein av skulekameratane deira som hadde dikta songen um mor si, som han hadde mist tidleg. Denne guten var frå Vossestrondi og heitte Per Sivle, og han og Lavik-gutane hadde vorte gode vener. Soleis kom ”Den fyrste songen eg høyra fekk” til Lavik fire år fyrr han vart prenta i ”Fedraheimen”.

Dette skulle difor tyda på at songen ikkje er skriven seinare enn i 1873. Per var då 16 år.

I mars 1878 flytta Bernt Andreas Støylen også til Kristiania, målet hans var å bli prest. Støylen og Sivle vanka mykje i samma miljøet, og dei vart gode vener.

Hausten samma året kom også Anders Hovden til Kristiania. Han skulle byrja på same skulen som Støylen, og alt fyrste sundagen at Hovden var i Kristiania så introduserte han Hovden for Sivle.

”No skal eg føre deg saman med ein du vil like,” sa Støylen, og han fekk rett, for Hovden og Sivle vart vener for livet. Begge to var brorlause, ”Men, me vart som brør”, skreiv Hovden seinare.

Om dette fyrste møte skriv Hovden i boka si om Per Sivle:

”Det var ein vakker kar, med noko så mjukt og hjartevarmt over seg, greitt og evnerikt. Og så var han så ulik alle andre.

Det banka slikt hjarta i målet hans, så det tok meg straks, og atterljoden i min barm tonar endå av det, og vil tona så lenge eg lever.”

Per håpte på å ta artium i 1879 og deretter studera historie eller teologi ved universitetet, for så å bli universitetslektor i historie eller prest - eller kan henda satsa alt på det litterære talentet og bli forfattar.

Per gjorde det svært bra på skulen, men så vart han sjuk og fekk meslingane med påfylgjande ettersjukdom med nervefeber, som igjen førde til kraftig hovudverk.

Effekten av medisinane var ikkje varige, og han var ofta dårleg. Han fekk og morfin som medisin, men etter kvart så måtte han lære seg å passe seg. 
Då rådde legane han heller til å bruke alkohol mot smertene.

Per klarte ikkje å ta opp att skulegangen, og alt dette førde til slutt til at han måtte slutta å studera, til stor sorg for faren som hadde håpa at guten skulle bli prest. Men så var det altså diktar han skulle verta.

Han vurderte og forresten ei stund på å emigrere til Amerika.

Så litt om hans diktning og livet vidare:

Per Sivle har eit vitt spenn i diktinga si, kor det skiftar mellom sogedikt, nasjonale dikt, tunge dikt og fine vare dikt. Det er vanskeleg å nemna berre nokre få, men av det mest kjende er vel: ”Den fyrste song”, som har vore mykje brukt, også nå mykje nytta ved gravferder. Vidare: ”Vesle lerka”, Vår-von, ”Vi vil oss et land” og ”Me heisar vårt flagg”. 
Dei siste dikta hans var: ”Ja, no skal Noreg ha takk for meg”, som vart kalla ”Eit ord”, og ”Gøym meg, mor!”. 
Av sogedikta er vel ”Tord Foleson” det mest kjende, og som handlar om slaget på Stiklestad. Elles kan ein nemna ”Svolder” og ”Varde”.

Av forteljingar så er det nok ”Berre ein hund”, ”Ein treskilling” og ”Fanta-Nils” som er mest kjende. 
Lokalt så er han mykje kjend for vossa-stubbane, m.a. ”Slumpelukko” ,”Tobakks-svolt” og ”Vossingjen” aa mor hans.

I 1891 kom roman ”Streik” ut. Handlinga i romanen byggjer på ein verkeleg streik som fann stad på sagbruka i Drammen i 1881. (10 år før). Romanen kom også ut i Sverige i 1892, Danmark i 1895 og vart også oversett til tysk i 1906.

I tillegg til sin dikting arbeidde Per Sivle fleire år som redaktør, m.a. i ”Kristianiaposten” i 1887-1891. Men som redaktør havna han ofte opp i politiske stridigheiter.

I 1884 reiste han til Danmark, fyrst til København. Her gjorde han ferdig forteljinga om ”Berre ein hund” og sogediktet ”Tord Foleson”.

Sommaren 1885 reiste Sivle vestover på foredragsferd til Jylland og slo seg ned på Askov Højskole.

Her møtte han Wenche von der Lippe Nilsen frå Bergen. Ho var dotter til skipsreiar Randolph Nilsen og Wenche Mowinckel.

Wenche var lærar for borna til rektoren ved Askov Højskole.

Wenche og Per vart etter kvart godt kjende, og gjekk mange turar i bøkeskogen.

Den 17. mai 1886 vart Sivle beden om å halde foredrag i København. Invitasjonen var eit lukketreff, for då kunne han samstundes slå fylgje med Wenche, som skulle reise tilbake til Bergen via København.

18. mai spurde Per om Wenche ville gifte seg med han, og Wenche sa ja.

Per var no i ein lukkeleg periode, og skreiv det optimistiske kjærleiksdiktet ”Vårvon”. Sjølv seier Per om diktet:

”Så kom der en vise og meldte seg. Og jeg tegned den på stedet opp i min lommebok. Det er egentlig en hymne til livet, vårlivet især”.

I omkvedet til siste verset skriv han:

Han Per, han Per

å hei! Hurra, tralala! - han er her.

Og det kan han kjenna i kveld, i kveld,

at livet det er no det likaste lell!

Lukkeleg kjærleik pregar no dikta hans, og 14 dagar etter at han skreiv ”Vår-von” skreiv han diktet ”Te kjærasten min”.

Wenche og Per gifta seg i Bergen 1. august 1887, og året etter den 6. august fekk dei ei dotter som vart døypt Susanna (Sussi).

Per fekk dei komande åra reisestipend og var mykje på farten i utlandet m.a. i Danmark, Tyskland og Scotland, noko som førde til at Wenche vart mykje åleine, så i 1893 reiste ho heim til familien i Bergen.

I juni 1894 møtte han venen sin Anders Hovden i hovudstaden. Per var då mykje sjuk. Og Hovden, som såg at det stod dårleg til, spurde kvar han budde. Då svara Per med ein underleg smil: ”Reven har hi og fuglane reir, men eg .....”, lenger kom han ikkje. Hovden tok han då med seg til Lista, der han då var prest.

Per budde hjå Hovden på Lista fram til juli 1895, og det vart eit godt arbeidsår for han. Samværet vart til gjensidig gleda og gav begge inspirasjon.

Denne vinteren kom Per ut med ei en ny bok, med tittelen ”Nye Vossa-stubbar”.

Med mellom anna:

”Tobaks-Svult”, ”Naali”, ”Ei feit steik”, ”Lumhunden”, ”Kvepsabølet og ”Kompaasen”.

Då den nyrestaurerte Håkonshallen i Bergen skulle opnast til Olsok 1898, vart Sivle invitert til å opptre ved gjenopninga. Han vart begeistra for invitasjonen, men visste ikkje om han kunna reisa frå faren, som på den tida var dødssjuk. 
Han klarte likevel ikkje å halda seg heime, og drog til opninga.

Der las han historiske dikt på historisk grunn framfor folk som visste å verdsetje både han og dikta hans, og i salen sat det mange vener, mellom anna: 
Lars Eskeland, Johannes Lavik, Sjur Helgeland med fleire.

I referatet frå opninga står det å lesa at Sivle avslutta med ”eit leve for fedrelandet, og fagningi braka gjennom hallen”.

Faren hadde i 1880 kjøpt garden Langum ved Drammenselva, ei halv mil frå Drammen, og hadde slått seg ned der. Så då faren døydde i 1898, 74 år gamal, vart Per einearving av Langum gard, og familien flytta då dit. Familien kom no saman att etter å ha levd frå kvarandre i fleire år.

Men han Per var ikkje nokon bonde. Dottera, fortel at ”Han kunne ikke omgås en rive uten å bli slått i hodet av riveskaftet, han kunne ikke slå i en spiker. Han var av det slaget som hadde ti tommeltotter”.

Han var og ein heller dårleg økonom og var svært ømfintleg på sinnet.

Etter at familien hadde budd på Langum i 2 år så selde han Per garden i 1900 for 9000 kroner og flytta til Drammen, der dei budde dei siste åra.
Etter at all gjeld var betalt, var det lite att av arven, og det vart ei tung tid framover.

I snart 30 år hadde han slite med kraftig hovudverk og svake nerver. Han hadde trassa meir enn dei fleste , men no orka han ikkje meir. Den 27. mai 1904 skreiv han diktet ”Gøym meg, Mor!”

Per var no prega av både sjukdomen og missmotet, og var sterkt deprimert.

Og då han i juni 1904 mista forfattarstipendiet, etter å ha motteke stipend nokre år, skreiv han diktet ”Testamentet”.

Den 14. juni 1904 trykte Buskeruds Amtstidende diktet, men tittelen ”Testamentet” vart for makabert for avisa, så det vart endra til ”Eit Ord”.

Siste verset lyder slik:

Og so skal daa Noreg ha Takk fyr meg.

Og so fær daa kvar ein syta fyr seg.

Men eg vil Noreg so indarleg vel,

at hugheilt so gav eg det Hjarta og Sjæl.

Per Sivle sitt liv enda tragisk ved at han skaut seg i Kristiania Bad 6. september 1904, 47 år gamal. 
Laurdag 10. september vart han gravlagd i Drammen frå Strømsgodset kirke.

Per var ein av dei fremste talsmennene for det nasjonale sjølvstyret, men han fekk ikkje oppleva unionsoppløysinga i 1905.

Dottera, Susanna, vart gift i 1923 med James Collett. Susanna døydde, barnlaus, 11. mars 1981. Det er derfor ingen direkte etterkommarar etter Per Sivle. 

Kilder:

Eit halvt liv. Ein biografi om Per Sivle av Alfred Fidjestøl

Per Sivle. Av Bjarte Birkeland

Per Sivle. Av Anders Hovden

På Klårfjell. Av Lars Eskeland

Per Sivle - Skrifter




Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger