Helena Dagestad


(Frå eit skriftstykke utgjeve av Voss Kunstlag i samband med ei utstilling i 1988)



Biografiske opplysningar:
Helena Dagestad hadde slektsnamnet Bu og var fødd i 1867 på Busnes ved Ringøy. Ho voks opp i Hardanger og vart i ungdomstida sterkt påverka av miljøet omkring treskjeraren og målaren Lars Kinsarvik, som hadde skule i Kinsarvik på desse tider. Utdanning i rosemåling hadde ho frå farbror sin, rosemålaren Knut Ottosen Røynstrand (1846-1919). Ho gjekk også på kurs som vart skipa av Vestlandske Kunstindustrimuseum og fekk fleire offentlege stipend for å studera rosemåling.
På Kinsarvikskulen møtte ho treskjeraren Magnus Dagestad frå Voss (1865-1957). Dei gifta seg, og etter nokre år i Hardanger og i Bergen, flytta dei til Voss i 1902. Her bygde dei verkstad, der han skar og ho fargela.

I 1905 oppretta Vestlandske Kunstindustrimuseum ein snikkar -og treskjerarskule på Voss, der Magnus vart styrar og Helena vart lærar i måling og fargelegging.
11912 drog dei seg ut av skulen, og i 1916 vart han nedlagd. Dei freista så å reisa ein ny skule i samarbeid med Hordaland Ungdomssamlag, men så kom dei i økonomiske vanskar med verkstaden og gjekk konkurs
Helena miste alt ho åtte. I 1920 vart dei skilde, og Helena flytta til Vossestrand. Her livnærde ho seg med rosemåling og dekorasjonsoppdrag til ho døydde i 1947.

Helena Dagestad som kunstnar:
Fram til 1920 arbeidde ho nært saman med Magnus Dagestad, slik at dei fleste av arbeida deira frå denne tida er gjort i lag. Det var perioden for den såkalla drakestilen som var ein freistnad på å føra vidare tradisjonane frå mellomalderornamentikken. Det nye var at utskårne gjenstandar og møblar vart fargelagde, noko som var svært særmerkt. Dei nytta mykje grønt og brunt som botnfargar, medan ornamentikken og figurane kunne ha svært varierte fargar. Dette vart laga for salg, og møblar og andre gjenstandar vart selde over heile landet.
Etter ein lang periode då denne stilen hadde liten interesse, har den no kome i fokus att, og gjenstandar frå denne stilepoken går i dag for høg pris på auksjonar.
Den andre hovudretninga i arbeidet hennar var rosemåling. Her var ho påverka både av Telemarks- og Hallingdalsstilen. l tillegg kan ein sjå påverknad frå Jugendstilen, der ho ofte nytta svært tilfelde verkemiddel.
 

I rosemålinga innførde Helena grønt som botnfarge, noko som var uvanleg   på desse tider.
Ho var og ein viktig fornyar av rosemålarkunsten på indre Vestlandet. Stilen hennar er særmerkt og lett å kjenna att, der ho særleg utmerkar seg ved uvanleg lange fine bogar.
Av andre aktivitetar dekorerte ho smågjenstandar som vart laga for salg, slik som flasker, småskålar og brosjer. Ho fargela også fleire større arbeid av treskjeraren Styrk Hirth i Myrkdalen.

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger