Meisterspelemannen og komponisten Lars L. Skjervheim.


Lars vart fødd på Skjervheim 20. november 1915. Foreldra var Lars Samsonson øvre Skjervheim og Marta Kjelsdotter nedre Skjervheim. Han vart tidleg morlaus. Lars var berre 5 år gamal då mora døydde av tuberkulose i 1921.
Bestefaren, Kjel Skjervheim (1846-1928) er m.a. kjend for å ha frakta ”Sivle-steinen” over isen på Myrkdalsvatnet. Steinen vart reist til minne over diktaren Per Sivle på Stalheim i 1908.
 
Lars fekk tidleg interesse for speling, og på fela som han fekk låna av Kjell, bror sin, leita han seg fram til tonane og kunne smått om senn spela enkle slåttar. Lars har fortalt at då ei nabokona kom over han då han sat ute og spela, så sa ho til han: ”Der har du fått ei nådegåve”.
 
Lars har fortalt kor mykje han beundra Brita-Lars-Sjur då han i Lars sine barneår kom på besøk til bestefaren. Lars ville verta spelemann nett som han, og verta minst lika kraftig som han. (Lars var berre 9 år gamal då Brita-Lars-Sjur døydde i 1924).


Alt som ny konfirmert spela Lars åleine på haustfesten i Myrkdalen. Seinare skulle det verta mykje speling både til fest, brudlaup, turistspeling, turneringar og kappleikar.

Lars hadde fleire læremeistrar, m.a. Eirik A. Bygd, og Sigurd og Nils Borge, som bar vidare slåttar av Sjur Helgeland. Han var og god ven med Telemarkspelarane Gjermund Haugen og Signe Flatin, og av dei fekk han både lærdom og inspirasjon.

Voss Spelemannslag vart skipa i krigsåra, og her var Lars aktiv med både som utøvar og som styremedlem. I tillegg var han aktiv med på kursa til Ole Bull Akademiet på Voss.

Lars var ein av dei som førde arven vidare til nye generasjonar.
På Vossestrand fekk Kjell Midttun, Leif Rygg og Olav Selland gleda av å ha han som læremeistar. Her voks og spelemannen Einar Mjølsnes opp og lærde mykje i dette musikkmiljøet. Då Lars budde i Årdal hadde han fleire elevar både på kurs og individuelt. Her var også Håkon Høgemo elev hjå han.

Den første kappleiken som Lars stilte på var Vestlandskappleiken i Øystese i 1938, der han tok 3. premie, men sidan har det vorte mange førstepremiar.
I 1972 gjorde han såleis reint bord og vann alt han deltok på. Då fekk han førstepremie både i A-klassen på Landskappleiken på Gol, Hordakappleiken, Vestlandskappleiken og jubileumskappleiken i Bergen!

Heilt frå 1946 har Lars Skjervheim medvirka i radio, i folkemusikkhalvtimen og elles. Det er også gitt ut plate, kassettar og CD med spel og eigne komposisjonar.
Lars byrja å skapa sin eigen musikk alt på 1950-talet, men frå 1970 vart han svært aktiv med å laga slåttar, og han etterlet seg godt over 200 komposisjonar.
Lars kunne ikkje notar, men han tok lydbandopptak av komposisjonane og fekk hjelp til å skriva dei ned. Han har også sett tone til songar og dikt av lokale diktarar, som Martinus Sørestrand, Per Helgeland, Sjur P. Lid og Per Sivle.

I 1969 flytta Lars til Årdal i Sogn, og i 1973 vart han gift med Ragnhild Valaker frå Borgund i Sogn. Han bygde seinare ei lita stove på Skjervheim i Myrkdalen, som han kalla ”Bogadraget”, og då han vart pensjonist flytta dei dit.

Lars Skjervheim døydde 29. januar 2003 og er gravlagd på Vinje kyrkjegard.

 

Heidersteikn og premiering:

- Heiderslagsmann i Voss Spelemannslag 1973

- Heiderslagsmann i Landslaget for Spelemenn 1976

- Heiderslagsmann i Sogn Spelemannslag 1981

- Kunstnarstipend frå fylket 1982

- Kongens fortenestemedalje på 70-årsdagen (1985)

- Kongens fortenestemedalje i gull 1997

I tillegg kjem premiar frå alle kappleikane som han tok del i av ymse slag, som frå 1950 stort sett har vore førstepremiar.


Kjelder:

Spelemenn frå Voss og Hardanger: "Spelemannen og musikkskaparen Lars L. Skjervheim" v/Ingeborg Nesheim Backer.

Ålmennsoge for Voss Band I: "Spelemenn".

Ættebok for Vossestrand II

 

 

 

 

 


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger