Treskjerarar frå Vossestrand:
 

Gulleik Helgeson Brekkhus 1863-1956

Gulleik vart fødd 11. februar 1863 på garden Brekkhus i Teigdalen.
Han gifte seg i 1887 med Brita Knutsdotter Langeland (1860-1933), ho var også frå Teigdalen.

Gulleik og Brita fekk 6 born: Anna 1888-1966, Helge 1889-1956, Knut 1891-1975, Marta 1894-1975, Lars 1897-1979, Anders 1902-1961.

Gulleik budde på Engjaland. Han fekk skøyte på bruk 2 i 1894, men før det var han husmann på Leidal i Reppen i 4 år.
Han budde også nokre år i Hjellen, som han i 1927 skøytte vidare til sonen Lars. Borna tok namnet Engeland.

Gulleik var ein dyktig treskjerar.
Då Nils Bergslien sitt ridande vossabryllaup vart reist på Lindehaugen, kom Gulleik på at han skulle laga eit vossabryllaup han og. Han skar då ut meistarstykke ”Ridande Vossabryllaup” med 20 hestar. Det var brud, brudgom, kjøkemeistar, spelemann og bryllaupsgjester på hestaryggen.
Voss Folkemuseum kjøpte dette arbeidet, og det har fått plass i samlingane på Mølster.
I 1928 skar han ut eit nytt ridande vossabryllaup, som han
fekk gullmedalje for på Bergensutstillinga i 1928. Dette kjøpte Stalheim Hotell, men det gjekk med i den store brannen i 1959.

Gulleik mottok mykje heider for sitt treskjerararbeid,  mellom anna gullmedaljer for sitt arbeid på Voss i 1930-åra. På landsutstillinga i 1914 fekk han sylvmedalje og elles mange 1. premiar og medaljer frå bygdeutstllingar og varemesser. Han var heidersmedlem i Voss Kunstlag, og til 90 års dagen sin fekk Gulleik kongens fortenestemedalje i gull.

Gulleik døydde 8. mars 1956, 93 år gamal.

 

Knut Gulleikson Engeland  1891-1975.

Knut var son til Gulleik Brekkhus, han var fødd i 1891 på Engeland.
Han gifte seg i 1917 med Brita Simonsdotter Brekkhus. Dei fekk 7 born: Gunnar 1918-2003, Birgit 1920-1990, Sigmund 1922-2003, Borghild 1924- , Helge 1926-2000, Solveig 1928- , Aslaug 1930- .

Knut overtok bruket på Engeland etter faren i 1923. Han var, som faren, ein dyktig treskjerar. Mest kjend vart han nok for sine utskjeringar av dyr og då særleg hestar. I 1948 deltok han saman med faren på husflidsutstillinga på Vinje, der dei fekk 1. premie.

Knut døydde 30. mars 1975, 83 år gamal.

Kilder:
Gamalt frå Strondè 2004: Olav Engeland ”Gulleik Brekkhus 1863-1956”.
Ættebok for Vossestrand II: Hjellen 28 og Engjaland 36 og 38.

 

 

Styrk Larsson Hirth   1866-1953.

Styrk vart fødd 17. september 1866 på Vetla Hyrt. Faren, Lars Andersson Hirth (1833-1917), var agronom.
Mora, Ingri Styrksdotter Fjose (1839-1923), var frå Fjose på Voss.

Styrk gifte seg i 1902 med Marta Styrkårsdotter Helgeland (1877-1966). Dei busette seg på Mørkve og fekk 9 born: Lars 1904-1989, Styrkår 1906-1995, Inger 1907-1996, Ola 1909-1922, Anders 1910-1995, Odd 1912-1998, Maria 1913-1913, Marta 1915- , Sjur 1917- .

Alt som smågut i 7-8 års alderen tok han til å skjera ut husdyr i tre, og då han var 14 år skar han ut fleire byster, mellom anna ei byste av Nikolai Wergeland.  
I 1883-1884 var han på Lars Kinsarvik sin treskjerarskule i Hardanger, her knytte han venskap til Magnus Dagestad. Etter det reiste han til Bergen der han fekk arbeid med dekorering av nybygg, restaurering av kyrkjer og andre historiske bygniger.

I 1880-åra fekk Styrk Hirth i oppgåve av arkitekt Blix å rekonstruera manglande felt på den utskorne portalen til Hopperstad stavkyrkje  i Vik. Då dette oppdraget var ferdig reiste han attende til Bergen. Der arbeidde han saman med venen Erlend Sundsvoll med pynting av hus, laga gallionsfigurar på skip og elles ymse dekorasjonsarbeid,  mellom anna treskurd på benker, alterring og preikestol i Korskyrkja.

Medan Styrk arbeidde i Bergen, dreiv han også med treskjerararbeid i ledige stunder og på kveldstid. I den tida hadde han fleire arbeid på utstillingar som han fekk premie for.
På husflidsutstillinga i Kristiania 1890 fekk han Norsk Husflids Venners sølvmedalje for eit utskore drikkehorn. I 1900 fekk han bronsemedalje frå Exposition Universelle i Paris for eit skåp der han hadde utført treskjeringa.

På verdsutstillinga i Chicago i 1904 fekk han premie for eit drikkehorn som vart innkjøpt av eit museum i Chicago. Han fekk premiar og utmerking på i alt fire verdsutstillingar.

I 1916 fekk han Den Norske Husflidsforenings diplom for godt arbeid i 25 år. Han fekk også sylvmedalje frå
Det Kongelige Selskap for Norges vel. I 1952 vart han heiderslagsmann i Voss Kunstlag.

I 1904 kjøpte han eit bruk på Mørkve og dreiv som gardbrukar. Då gjekk heile dagen med til gardsarbeid, men om kvelden sat han under lampa og skar. Mykje av det han laga vart selt til turistar men også til folk i bygda.
Av slike ting kan ein nemna dei vakre små brosjene som han laga i plomme- og epletre.

I 1919 skar han døypefronten i Vinjekyrkja ut av ein furukubb frå Hauge. Målinga av ornamentikken vart seinare gjort av Helena Dagestad. På same vis laga dei talarstol og ein utskoren trevegg, som tener som sceneteppe, i ungdomshuset i Myrkdalen.
Ein må og ta med ølkruset som han laga med utskjering av ridande vossabrudlaup.

Styrk Hirth døydde 22. januar 1953, 86 år gamal.


Son til Styrk Hirth, Styrkår Hirth 1906-1995, var også ein allsidig kunstnar og handverkar med stilkjensle og tradisjonskunnskap innan ornamentalskurd, biletskjering og rosemåling. Han var lenge lærar i teikning og forming ved Voss yrkesskule.

Kilder:
Gamalt frå Voss, hefte XV 1983: Ole Didrik Lærum ”Treskjeraren Styrk Hirth 1866-1953”.
Ålmenn soge for Voss band II: Johannes Gjerdåker ”Biletkunst i nyare tid”.
Ættebok for Vossestrand II: Mørkve 162 og 222.


Erlend Sundsvoll  1866-1915

Erlend var fødd 29. juli 1866 på Sundsvål, Oppheim. Faren, Ola Olson (Dale) Sundsvoll (1843-1928), var frå Austre Slidre i Valdres og mora, Marta Erlendsdotter Bidne (1838-1910), frå Bidne S.

Erlend gifta seg med Emilie Jansine Schwartz og busette seg i København.

Erlend var ein dugande treskjerar og dekorasjonskunstnar. Han var fire år hjå Lars Kinsarvik i lære. Etterpå for han til Bergen og var 18 år i arbeid hjå Christopher Knag, der han og ei tid arbeidde saman med Styrk Hirth. Han fekk så eit stipend og reiste til København, der han fekk oppgåver som treskjerar og vart verande til 1914. Han flytte då tilbake til Bergen og byrja hjå Knag att, men kort tid etter døydde han i 1915, 49 år gamal.

Kilder:
Ålmenn soge for Voss band II: Johannes Gjerdåker ”Biletkunst i nyare tid”
Ættebok for Vossestrand II: Sundsvål 54.



Ingebrigt Rognaldson Sundve  1876-1967

Ingebrigt var fødd 17. juni 1876 på Sundve. Han var son til Rognald Larsson Sundve (1841-1913) og Gjertrud Ingebriktsdotter Sundve (1842-1923). Han gifte seg i 1914 med Maria Sjursdotter Teigen (1888-1972), og busette seg på Teigen på Vasstrondi. Dei fekk 5 born: Sigvald Robert 1915-1967, Gullaug 1917-1987, Gudny 1919-1989, Anna-Bergljot 1922- , Ingvald 1924-1987.

Ingebrigt var lensmann i Vossestrand 1927-1947. Han var ein dugande treskjerar og særleg kjend for tråvhestane i tre. Den tanande rørsla deira kjem godt fram, nokre av dei er å sjå i Voss Folkemuseum. Fleire av figurane han laga har også vore utstilte i Sambygg, Vinje.

Også son til Ingebrigt, Ingvald Sundve, var ein flink treskjerar. Han busette seg i Oslo.

Ingebrigt døydde 17. februar 1967, 90 år gamal.

Kilder:
Ålmenn soge for Voss band II: Johannes Gjerdåker ”Gulleik Brekkhus og treskjerarar etter han”
Ættebok for Vossestrand II: Teigen 48.


Sjur Mørkve  1917- 2007

Sjur var fødd 18. september 1917 på Mørkve. Han var son til Odd Larsson Mørkve (1887-1978) og Brita Sjursdotter f. Bystøl (1889-1974).
Sjur gifte seg i 1946 med Gerd E. Vinje. Dei busette seg på Mørkve, og fekk 7 born: Odd f. 1947, Alvhild f, 1949, Egil f. 1951, Bergfrid f. 1955, Svein Gunnar f. 1957, Margit f. 1958, Arne f. 1964.

Sjur starta med treskjering alt som gutunge. Han var ofte på besøk i verkstaden til naboen, treskjeraren Styrk Hirth. Der fekk han prøva seg med ekte treskjeringsverktøy, og lærde både om dragestil, korleis ein laga nøtteknekkar og andre ting. Sin fyrste trefigur laga han då han var 12 år gamal.
Frå 1953 til 1955 gjekk han på kunsthandverkskulen på Voss. Etter det bygde han sin eigen verkstad (som seinare vart kalla Treskjerartunet), og treskjering vart sidan yrket hans. I starten var det nøtteknekkarar som var hovudproduktet, men seinare vart det også andre ting. Særleg var det den tradiskjonelle kløvhesten og geitefigurar som var etterspurde.
Gjennom åra var det mange som fekk kjennskap til arbeidet hans, og på slutten av karrieren var figurane hans meir populære enn nokon gong.

To av borna, Bergfrid f. 1955  og Arne f. 1964, har ført treskjerartradisjonen vidare.

Sjur døydde 9. september 2007, nær 90 år gamal.

Kilder:
Heimesida til Treskjerartunet
Ættebok for Vossestrand II: Mørkve 192.



Kolbein Hommedal   1917-2010

Kolbein var fødd 22. februar 1917 på Sausjord, og var son til Knut Henrikson Hommedal (1883-1922) og Maria Kolbeinsdotter Arnetveit 1891-1967). Faren døydde ved ei ulukke i 1922. Etter ein del omflakking enda familien på Holo i Holbygda i 1932 der mora, Maria, kjøpte seg ny gard, og som ho dreiv i mange år.

Kolbein gifte seg i 1944 med Borgfrid Gjelsvik og busette seg i Haus, no Arna. Dei fekk 2 born: Audhild f. 1945 og Knut Asbjørn f. 1950.

Kolbein var sjølvlærd treskjerar. Han prøvde fyrst med ulike modellar, som i starten var kløvhestar, geiter og geitebukkar og slåttefolk som slo eller kom etter med riva. Figurane var retta mot turistmarknaden.
I 1963 bygde han seg eigen verkstad, og det vart etter kvart stor etterspurnad, særleg kløvhestar, store geitebukkar og flotte reinsdyr. Han hadde også motiv av ulike slag frå gardsdrift og skulpturar av personar.

Kolbein deltok på mange utstillingar og messer. Mellom anna på  Hausutstillinga i 1960, Vossamynstringa i 1964, Dagestadmuseet i 1991, Voss kunstlag sin utstilling i Osasalen saman med Sjur Mørkve og i Ådnatun under Arnadagane. I 1990 deltok han saman med Sjur Mørkve på utstillinga i Decorah, Iowa, under Nordic Fest.
Arbeida hans er elles å sjå på Voss Folkemuseum, Vossestrand omsorgstun og i mange, mange heimar.
Han heldt på med treskjering heilt til synet svikta, då var han 82 år

Kolbein sitt knustnarlege arbeid vart sett pris på. Han fekk kulturpris frå Hordaland fylke og frå Bergen kommune.

Kolbein døydde i 2010, 93 år gamal.

Kilder:
Gamalt frå Strronde: Audhild Rygg ”Far min, treskjeraren, Kolbein Hommedal".
Slektshefte for etterkomarar til Ingeborg og Henrik Hommedal
Ættebok for Vossestrand II: Holo 150.




Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger