SIVLESTEINEN

Bautastein over Per Sivle 1857 - 1904.
Steinen vart avduka 20. juni 1909 av Anders Hovden.

Då diktarpresten og venen Anders Hovden hadde skrive livssoga om Per Sivle, gjekk han i gang med å samle inn pengar til ein bautastein på Stalheim, nær Per Sivles heimstad. Dei første han fekk med seg, var Bernt Støylen og statsminister Jørgen Løvland (1848-1922), så Nikolaus Gjelsvik (1866- 1938).

I desember 1908 kan Hovden skrive til Wenche Sivle: «No hev eg samla umlag kr. 500 til Sivlesteinen. Tomt hev me fenge gratis av eigaren av Stalheim Hotel. Steinen er alt uthoggen av berget [på Skjervheim], 7,5 meter. Det var 20 mann til å hogga han ut. Skal 40 mann til å dra han på stasjonen o.s. v. Vonleg i juli ein gong reiser eg og avdukar han.»

Steinen yart avduka sundag 20. juni 1909. Og Gula Tidend skriv 21. og 26. juni 1909 m.a:

"Avdukinga byrja kl. 2.30. Dagen var fager. Stille og logn, ikkje mykje Sol. Elvarne gjekk fulle. Fossarne valt kvite og velduge. Elvi gjekk grøn i dalen.

Nutarne skein raudt. Skoltarne stod harde og nakne, i Himmelsyni laag det kvite Snjolakan, men nede i Dalrunden anda Vaar, og Engjerne lyste gule og raude og blaa av Blomar, og Liderne stod kvite av Heggjeblom.

Det var fullt på Stalheim den Dagen, Gjentorne i sine raude Liv, kvite Skjorteermar, myrkeblaa Stakkar, denne Helgebunaden som er nære det reinaste og grannvaraste me hev. Det var Koner med Skaut fraa Voss, Sogn og Hardanger. Og so den storfelte Raama som Naturi sjølv skapte. Og so det høge Minne.

Fru Sivle var der, og dotteri Susanna var komi fraa Nordland, der ho hev Post. Ho stend no i fagraste Ungdoms Bløming.
Hovden tala som han so ofta hev gjort, baade paa Graaten og Laatten um Sivle. Men han tala meir tvilande og rolegt, liksom han stogga ein Augneblink etterpaa Verket. Og han teikna Sivlebilætet i endaa fastare Linor og let det siga inn i Hugarne. Det var av alle hans Sivletalar den som var mest utarbeidd og traustaste bygd. Han hadde drege upp Linorne, men daa han kom og fekk sjaa Fjell og Grend der Sivle var vaksen upp, var det liksom hans syn paa Sivle fekk endaa fullare Vissa og Klaare, og det merka ein i heile Talen hans, og i-ser mot Slutten. Lyden fylgde honom kløkkt og fegen, men ofta gløymde dei aa fagna, so tekne var dei."

Kilde: ”Sivlelaget”

Steinen vart reist av Noregs Ungdomslag, Vestmannalaget, Vossestrand herad og ungdomslaga på Vossestrand.

På steinen er det innhogd ein tekst frå diktet Tor Foleson, som lyder:
”Og det er det stora og det er det glupa at merket det stend um mannen han stupa”.

Det var ca 2000 mennesker til stades ved avdukinga. Etter avdukingstalen var det fleire korte talar: Cornelius Bergh Bugg, Anders Ullestad, Olav Brekke, Johan Austbø og Lars Eskeland.
Det var song ved Jens Kvale og Olav Sande og Sjur Helgeland spelte.

Kilder:
"Mennesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune", år 2000.
"Per Sivle. Ei livssoge", ved Anders Hovden


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger