Minnesmerket "Mor si grav"





På Oppheim gamle kyrkjegard ligg minnesmerket "Mor si grav". Rundt omkring i landet vårt er det mange minnesmerke over vyrde personar, men berre her er det over den som vi alle har nærast forhold til, - mor!

Ingen har uttrykt kjenslene ved mor si grav betre enn Per Sivle. Her er Susanna Sivle, f. Ryum, gravlagt. Per har heidra minnet til mor si med sitt mest kjente dikt: "Den fyrste song eg høyra fekk, var mor sin song ved vogga". Det siste verset i denne songen står på minneplata med Per si håndskrift:

 "Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mor si grav
den song som allting heilar."

Dette diktet skreiv Sivle i ung alder i djup lengt etter mor si, som døydde så altfor tidleg. Sivle set ord på takksemda og kjensla mange ber på framfor grava til "mor":"- eg høyrer stilt frå mor si grav, den song som allting heilar".
 
 
På avdukingsdagen 10. juni 2007.
Ståande f.v.: Programleiar Per John Odèen,
leiar i nemnda Ivar Husdal, biskop Ole Danbolt Hagesæther,

Avdukingstalar Oddgeir Bruaset, sokneprest John Ove Thaule.

Bak t.v. Sigrunn Ytrefjord, t.h. Jorunn Torsheim og mannen.


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger