Minnestein over spelemannen Sjur Helgeland 1858 - 1924

Minnesteinen på grava til Sjur Helgeland vart avduka av adv. Lars Helgeland 28. juli 1935.

  

Sjur Helgeland vart fødd i Myrkdalen, Vossestrand. Han vaks opp under tronge kår, men i ein heim og eit miljø der musikk hadde levande, gode kår. Han vart ein kjend spelemann, ein av dei store frå Vossedistriktet, kjend over heile Noregs land. Han sette merke etter seg, og Helgelands-tradisjonen i folkemusikken er framleis levande. Han var også ein stor komponist. Dei mest kjende tonestykka hans er "Budeiene på Vikafjell" og "Heimlengt". Saman med Ola Mosafinn var Sjur ein av "storkultane" innan folkemusikken.
Sjur Helgeland vann den fyrste Vestlandskappleiken i Bergen 1896.

Kilde: "Minnesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune". Utgjeve av Voss Rotary Klubb 2000.



Dette relieffet var festa på minnesteinen for grava, men vart i 1958 flytta til ein ny minnestein på Helgeland.

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger