Bauta over falne 1807-1814

Bautaen er ein ca 3,5 m høg naturstein, som står ved porten inn til Oppheim kyrkje, Vossestrand.

Det står ikkje noko namn på steinen, men har ein innhogd tekst på eine sida der det står: ”Strendingar som stridde for fridommen 1807-1814”.
På andre sida står det: ”Reist minneåret 1914”

Steinen er reist av Vossestrand herad, og vart avduka 17. mai 1914 - 100 årsdagen for sjølvstende 1814.

Kilde:
”Minnesmerke skulpturar og relieff i Voss kommune”. Utgjeve av Voss Rotary Klubb år 2000.

 

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger