Helena Bu Dagestad 1867-1947

Minnesmerket er ein ca 2,5 m høg naturstein frå Langedalen, med eit relieff laga av bilethoggaren Kari Buen.

Bautaen var først plassert ved Sambygg på Vinje, Vossestrand, der den vart avduka 14. august 1993 av Ole Didrik Lærum. Seinare vart den flytta og plassert like innafor porten til Vinje kyrkje.

Bautaen er reist av vener. Initiativtakarar var Ivar Lydvo, Ivar Husdal, Peder Vangsnes, Gudleik Engeland, Gisle Bruland og Einar Erstad.


På namneplata står det:

BRUKSKUNSTNAR HELENA BU DAGESTAD 1867-1947

Helena var gift med Magnus Dagestad og var med å starta Vestlandske Kunstindustrimuseum - snekker- og treskjerarskule på Voss, som var førelaupar til Norsk Kunsthandverksskule. Etter skilsmissa i 1920 flytta ho til Myrkdalen på Vossestrand, og levde i svært kummerlege kår til sin død i 1947.

Kilde:
”Minnesmerke skulpturar og relieff i Voss kommune”. Utgjeve av Voss Rotary Klubb år 2000.

 

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger