Referat frå sommarturen er lagt inn under menyen Sogeturar.

Du kan også finna artikkelen ved å klikka på her.

-------------------------------------------------------------------------------------------

Sogelaget sin sommartur vert sundag 27.august kl 12:30 frå Gavle.

Denne gongen vil me ha ein "bli kjent" tur i Holbygde. Me går frå Gavle kl 12.30 og fylgjer bygdevegen til ungdomshuset "Solhall", der det vert råd å få kjøpt seg kaffi og kaker - pris kr 50,- pr. pers.

Det er ein lett tur på ca. 3,5 km. Det vert ein del stopp undervegs, der me har fått lokalkjende personar til å fortelja om gardane og folket, både frå gamlare og nyare tid.

Parkering kan verta eit problem så det kan vera fint med litt samkøyring!. Dersom nokon har behov for skyss frå Solhall attende til Gavle, kan dette ordnast.

Me vonar på fint vær og ein kjekk tur!

Alle er velkomne til å vera med !

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger