Styret for Vossestrand Sogelag for 2020:

LeiarJorunn Gjøstein91881577jgjoest@online.no
Styremedlem Kari Mørkve Jordalen

karimj58@hotmail.com
StyremedlemIngrid Jordalen90523741ingridjordalen@gmail.com
StyremedlemSjur Vinje
vinje@advokat-svinje.no
KasserarTrygve Dugstad91365607tdugstad@gmail.com
VaramedlemArne Johan Dregelid
a-dregel@online.no
VaramedlemIvar Husdal
sofusen@gmail.com


e-postadressa til sogelaget:



 

Vedtekter for Vossestrand Sogelag.

§ 1 Føremål.
Laget har til føremål å fremja interesse for slekts- og lokalsoge og kulturvern.
Laget vil samla inn og ta vare på alt som har verd for Vossestrand si soge, og som kan fortelja om folk sine levekår og kultur gjennom tidene.

§ 2 Verksemd.
For å nå dette føremålet kan laget samarbeida med skular, andre lokale organisasjonar, kommunale og fylkeskommunale organ.
- Skipa til møte, kurs omvisingar, registreringar, demonstrasjonar og innsamling av muntlege tradisjonar, musikk, målføre, stadnamn, bilete og anna av historisk verdi.
- Arbeida for at det kan verta gjeve ut årbok, -og/eller medlemsblad.
- Arbeida for vern av fornminne og kulturminne av alle slag.
- Arbeida i det heile for at det beste i fortida kan ha ei framtid.

§ 3 Laget bør vera medlem av Hordaland Sogelag og Landslaget for lokalhistorie.

§ 4 Medlemskap.
Medlemer i laget er alle som betalar medlemspengane, som vert fastsett av årsmøtet.

§ 5 Årsmøtet.
Årsmøtet skal haldast kvart år innan utgangen av februar og gjerast kjent ved lysing i lokalavisa og med oppslag 2 veker før møtet vert halde.
Årsmøte skal:
a - godkjenna årsmelding og revidert rekneskap for kalenderåret
b - godkjenna budsjett og arbeidsplan for neste år
c - velja:
      - leiar for 1 år, vald særskilt,
      - 4 styrelemer for 2 år, 2 står på val kvart år, (etter 1 år vert 2 trekt ut til val)
      - 2 varalemer for eit år, i rekkefylgje,
      - 2 revisorar eller 1 fagrevisor, for 2 år, 1 på val kvart år,
      - 3 lemer til valnemnda for 3 år, 1 på val kvart år, den som har sete lengst kallar 
           nemda saman, styrer valet på årsmøtet og går ut or nemda.
      Alle val skal vera skriftleg når nokon krev det, eller det er fleire framlegg.

§ 6 Ekstra årsmøte kan verta halde når styret gjer vedtak om det, eller når 1/3 av medlemene 
krev det. Ekstra årsmøte kan berre handsama dei sakene som er kjende i utlysinga.

§ 7 Styret.
Av styrelemene vel styret nestleiar, skrivar og kasserar.
Leiar kallar styret saman.
Styret kan gjera vedtak når 3 lemer møter, ved likt stemmetal har leiar dobbelrøyst.
Styret kan organisera nemder til å ta seg av særlege arbeidsoppgåver, fagemne.
Styret skal gjennomføra dei oppgåvene/sakene som årsmøtet gjer vedtak om.

§ 8 Vedtektsendringar kan verta vedtekne på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg til 
endringar må vera komne til styret innan utgangen av desember, og som eiga sak ved
utlysing og innkalling til årsmøtet.

§ 9 Nedlegging av laget kan verta gjort når 2 etterfylgjande årsmøte vedtek det med 2/3 fleirtal.
Laget sitt arkiv, aktiva og midlar går over til Hordaland Sogelag som avgjer då kvar arkivet
skal plasserast og korleis midlane skal brukast.

Vedtekne på årsmøtet 20. feb. 2001.   

 

 
Sogelaget sin logo.
                                                           
Vossestrand er kjent for treskur av høg kunstrisk kvalitet. Logoen for Vossestrand Sogelag er eit bilete av den elste treskulpturen vi kjenner frå bygda:

Fabledyret som pryda ei stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen og som er Noregs elste og finaste skulptur frå stavkyrkjeportalar. Kan væra frå før år 1300.

I årboka til Nordiska museet 1946 står mellom anna: ” -figuren fra Vossestrand står som et uovertruffet merstereverk - .Den tilhører en tid da vi med større rett enn noen sinne kan tale om en felleseuropeisk kultur.”

Dette viser at Vossestrand i eldre tid ikkje var ei avsidesliggande fjellbygd. Bergen var største byen i Skandinavia i mellomalderen. Frå der var det stor trafikk austover gjennom Vossestrand med saker som vedkom administrasjon, forsvar, kyrkje og handel. I nyare tid var den trafikken knytt til ”Kongevegen” gjennom Vossestrand. No har me europavegen E16, men dei fleste køyrer forbi.

I mellomalderen gav ein gåver til kyrkja med von om god reise. Kyrkja på si side brukte innkomene frå dei mange reisande gjennom bygda til utsøkt kunst.

Ein veit ikkje kven som skar ut fabeldyret som pryda kyrkja. Det kan og vera ein lokal kunstnar. Også i nyare tid har ein eksempel på lokal kunst av høgste klasse, med eigen stil, inspirert av det beste innan europeisk kultur.

Skulpturen kom i 1877 til ”Nordiska museet i Stockholm. Der fekk den katalognamnet ”Djevelen frå Vossestrand”, sjølv om skulpturen manglar kjenneteikn på ein djevelfigur. I museet er den no eit av de finaste eksempel på treskjererkunst frå mellomalderen. Meir om dette kan ein lese jubileumsboka : ”Oppheim og Vinje kyrkje 100 år”. (Roald Lyngvær 1971), der har Reidar Kjellberg 10 sider med omtale av figuren.

På Sogelaget sin logo er det 2 spegelvendte skulpturar. Det var og 2 skulpturar som pryda dørstolpane på stavkyrkja. Løvekropp med menneskehovud. Ein fjern slektning med same skap er Sfinksen ved den store pyramiden i Egypt, men den er 3000 år eldre. Rart å tenkja attende. Tankane framover er mellom anna: Vossestrand må få ein fullverdig kopi av skulpturen. Originalen kjem aldri heim!

Nederst på brev og dokument vil Vossestrand Sogelaget forklare logoen slik:
Logo: Fabeldyr, portalskulptur frå stavkyrkje på Vossestrand i mellomalderen.

       

            

Om Sogelaget

Epost til Vossestrand Sogelag:

Klikk på linkane nedanfor og les meir. 
Årsmelding og Årsmøtereferat
Medlemar i fotogruppa
Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger