Årsmøte i Vossestrand Sogelag

Tysdag, 08.03.16.
(Møtet vart halde på Vinje Turisthotel)

Til årsmøtet møtte 36 personar. Dette var svært godt, når man tek i betraktning at Voss Sogelag sitt årsmøtet vart avhelde samtidig

Leiar Einar Midtun var møteleiar og ynskte alle velkomne.

Før sjølve årsmøtet heldt Gunnar H. Ringheim eit særs interessant innlegg om dei fyrste bilane og dei fyrste sjåførane på Strondà med ein rekkje bilete frå denne tida.

Deretter spanderte sogelaget mat på dei frammøtte, eit smakande måltid og årsmøtet heldt frem ein god stund utpå kvelden. Folk hygga seg.

Før ein gikk over til årsmøtet var det song frå songlaget Strendingen. Her visste dei i tillegg til ypparleg framføring også at det er diktar mellom disse.

Kolbein Ure framførte på ein ypparlig måte solosong.

1.Innkalling
Det var ingen merknad til innkallinga.

2.Saklista
Det var ingen merknad til saklista.

3.Val av møteleiar
Det kom framlegg på Einar Midtun, som vart vald til møteleiar.

4.Val av skrivar
Det kom framlegg på Sjur Vinje, som vart vald til skrivar.

5.Val av 2 personar til å skriva under på møteprotokollen
Det kom framlegg på Ivar og Gro Husdal, som vart valde.

6.Årsmelding
Leiarane/medlemane i dei ymse nemndene gjekk gjennom årsmeldinga for desse.
Alle årsmeldingane vart godkjende.

I samband med gjennomgåinga av årsmeldingane kom det fleire forslag som styret vil ta med seg vidare. 

Mellom anna: 
Fotogruppa: Per Husdal starta opp denne og har gjort eit svært godt arbeid i samband med dette. Ein stor takk til han for det. Han er nå 80 år og ynskjer å bli avløyst. Vi vonar at det er nokon som vil ta over etter han.

Skriftnemnda: Salet teiknar bra. Ein av medlemmane, Bjørn Giljarhus ynskjar å verta avløyst pga travel kvardag. Det bør koma inn ein erstattar for ham.
Det kom tips om å leggja ut overskriftar, forfattar og årstal av artiklar frå ”Gamalt frå Stronde”, slik at ein lettare kan finne det att og evt gå inn å kjøpe denne artikkel evt årboka for årgangen. Dette kan kanskje leggjas inn på heimesida, men det kom kritikk av denne, slik den er pr dd. Den er for tungvint.

Veglaget v/Ivar Husdal føreslo at ein arrangerar dugnadsturar for å setja i stand gamle 
vegar.

Den vanlege sogelagsturen i år, går til Jordalen.

Det kom forslag på å lage i stand ein foldar som ein kan leggja på ymse stadar for å verva nye medlemmar.

7.Rekneskap
Kasserar Trygve Dugstad gjekk igjennom rekneskapet for 2015 som viser overskot på kr. 43.751; Det er ikkje kome faktura frå trykkeriet av ”Gamalt frå Stronde”. Om ein tek hensyn til dette ville det truleg ikkje vorte overskot.
Det var ingen merknader til rekneskapen, som vart godkjend.

8.Budsjett 2015
Det vart vedteke at det ikkje vart nødvendig å lage budsjett for 2016.

9.Arbeidsprogram
Man viser her til arbeidsprogrammet som vart fremlagt for årsmøtet, dertil visar ein til kommentarane under punkt 6.

10.Innkomne saker
Det er ikkje kome inn saker til årsmøtet.

11Val av leiar og styre
Valnemnda v/Lars Arne Hemre, Audhild Rygg og Odd Bidne kom med fylgjande framlegg:

Leiar: Einar Midtun 1 år
Styremedlemmar:Trygve Dugstad 2 år
Sjur Vinje 2 år
Ingrid Jordalen1 år
Anne Herheim1 år
1. 
varamedlem:Arne Johan Dregelid1 år
2. 
varamedlem:IvarHusdal1 år
Revisor:Lars Hole1 år
Odd Hommedal2 år

Ovannemnde vart valde med akklamasjon på årsmøtet.

12.Val av valnemnd
Leiar
:Lars Arne Hemre 1 år
Audhild Rygg 2 år 
Ingeborg Backer3 år

13. Styret kom med framlegg til uendra kontingent kr 100,- pr år som vart godkjent.

Leiaren hadde ein utmerka fremføring av Tord Foleson av Per Sivle ved avslutninga.

Møte slutt ca kl. 2130

_______________________________________

Ivar Husdal/Gro Husdal

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger