Årsmelding - vegnemnd 2015

I 2010 fekk Vossestrand Sogelag tilsagn på kulturmidlar, kr 42.185,- for å rydde og merke den gamle kyrkjevegen frå Myrkdalen. Fristen for utbetaling var hausten 2015. Sluttrapport er innsendt og siste del av tilsegn vart utbetalt. I 2015 vart det sett opp ny grind mot innmarka på Ulvund, og vegen mellom Tryningen og Ulvund vart betre merka.

I tillegg kom eit stort arbeid med vedlikehald etter den ekstreme snøvinteren 2015. Kloppa over Øyaset-elva, vart utbetra og vegen rydda for nedfelte trer. Største ryddinga var utført av Vinje Grendelag på strekka Vinje - Øyaset.

Sogelaget sitt prosjekt med Kyrkjevegen frå Myrkdalen er avslutta, men vegen treng årlig vedlikehald for ikkje å gå i gløymeboka att. Enkeltpersonar, dugnads-lag og andre interessegrupper kan gjera ein god innsats her.

Vossestrand Sogelag bør arbeide vidare med gamle vegar. Først og fremst at det i kvar ei grend vert skrevet ned kvar dei gamle vegane gjekk, alt frå stølsvegar til vegar over fjellet til andre bygder. Det vert årleg løyvt mange midlar til stiar for friluftsliv og turisme. Vossestrand Sogelag bør kunne hjelpe til med vegval og stadnamn.

Ivar Husdal


Årsmelding - skriftnemnda 2015

Me fekk også dette året gjeve ut ny årbok, den 13. årgangen av «Gamalt frå Strondè».Årboka vart prenta i eit opplag på 650 eksemplar.Salet har gått rimeleg bra, men me har framleis bøker på lager, også av tidlegare årgangar.

Me er svært takksame og glade for den gode oppslutnaden om boka, og me har alt fått inn ein god del stoff til neste utgåve.Heldigvis har me mange trufaste bidragsytarar.Dette er me svært takksame for.Me er heilt avhengige av innspel om og med stoff for å kunna koma med nye utgåver.Utan det vert det neppe mange nye årbøker.Difor minner me både sogelagsmedlemer og lesarar om at me tek med glede mot innspel til årboka.Bilete, gamle brev og dokument, småsoger, herme og forteljingar - alt kan fortelja mykje om bygda vår frå farne tider.Ingen ting er for smått eller stort.Ta kontakt med oss, gjerne på telefon eller e-post.

Per Backer (prbacker@gmail.com), Bjørn Giljarhus (bjorn.giljarhus@vegvesen.no),

Johannes Seim (johs.seim@gmail.com, Bjarne Skjervheim (bjmalv@online.no)

Årsmelding - fotogruppa 2015.
Sogelaget si fotogruppa har som føremål å ta vare på gamle foto frå Vossestrand. Dette skjer ved innsamling, kopiering, registrering, og arkivering. Etter skanning vert alle foto levert attende til eigaren. Gamle foto er ein kulturskatt som det er viktig å ta vare på. 

Alle med tilgang til data finn sogelaget sine gamle foto på: http://gamlefoto.vossestrand.no
Det vert også teke papirkopi som vert arkivert i album og tilført tekst.

Også i året som har gått har det kome inn mange gamle foto som er blitt registrerte, men me er visse om at det er mange fleire som har gamle foto liggande, og som også kan ha interesse for andre. Det er stor søknad på sogelaget si fotosida, noko som tyder på at den er svært populær.

Fotogruppa er framleis på jakt etter gøymde fotoskattar, derfor ber me om at de som har gamle foto tek kontakt med fotogruppa. Me vert særleg glade når me får låna gamle albumar med foto som har namn på personar og gjerne tekst.

Fotogruppa takkar dei som har lånt oss gamle bilete, og vonar at mange fleire tek kontakt med ein av oss i nemnda så me kan gleda endå fleire med nye gamle foto.

Fleire av medlemane ynskjer etter mange års innsats å få avløysing av yngre personar med interesse for dette arbeidet, så dersom det er nokon som har interesse av å vera med i fotogruppa så er det berre å ta kontakt med ein av oss.

Per Husdal, Gunnar Midtun, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger