Årsmelding for Vossestrand Sogelag år 2015.

Årsmøtet vart halde på Oppheim Hotell 5.3.2015, der det møtte 42 personar. 
Programmet handla om Lars Skjervheim, som i 2015 ville ha fylt 100 år. Ellen Marie Selland Geitung og Margunn Blikberg Nordgård stod for programmet, og dei framførde både song og musikk med felespel og akkordion på ein framifrå måte.
Deretter heldt Kjell Herheim eit særs interessant foredrag med bilete ifrå den tid då faren, Christian Herheim, starta som fotograf på Voss og fram til fotobutikken vart nedlagd.

Desse har vore i styret for 2015:
Leiar:               Einar Midtun
Nestleiar:         Anne Herheim
Kasserar:         Trygve Dugstad
Skrivar:            Sjur Vinje
Medlem:           Ingrid Jordalen
Varamedlem:    1. Arne Johan Dregelid
                        2. Ivar Husdal
Revisorar:        Odd Hommedal og Lars Hole

Det har vore 7 styremøter med 38 bokførde saker.

Det har vore eit godt arbeidsår for sogelaget, med flott innsats i dei ymse nemndene. Ein viser til eigne årsmeldingar frå desse. 
Når det gjeld fotogruppa så slit dei med å få inn nye yngre personar i gruppa. Her er det eit stort ynskje frå dei eldste, som har vore med frå starten av, å bli avløyst av yngre krefter. Dei ber derfor om at interesserte melder seg.  
På siste årsmøtet la styret fram ein plan om tur til ”det norske” Amerika, og då det var interesse for det, valde styret ei planleggingsnemnd samansett av Trygve Dugstad, Arne Gilbakken og Sjur Vinje. Dei har samarbeidt med eit amerikansk reiseselskap, og turen vert nå gjennomført med 35 personar 20. september - 4. oktober 2016.  

Sommarturen vart gjennomført sundag 14. juni  i samband med ”Friluftlivets år”, og i samarbeid med Vinje og Oppheim sokneråd. Dagen vart markert med fotturar på ”Kongevegen”, stand ved ”Mor si grav”, vitjing på Oppheim gamle prestegard med omvisning, orientering og musikkinnslag av Voss Spelemannslag. Etterpå var det servering av mat og kaffi i kyrkjestova og friluftsgudsteneste på Oppheim gamle kyrkjegard, der songlaget ”Strendingen” også var med. Det var stort frammøte med godt over 100 personar.

Etter ynskje frå medlemar, skipa sogelaget til kurs i gotisk skrift i kyrkjestova på Oppheim frå 15. oktober over 6 kveldar a 2 timar. Det var 9 påmelde personar med Åsmund Ohnstad som kursleiar.  

Etter at sogelaget har fått hand om Radio Voss avd. Vossestrand sine gamle opptak, og andre gamle lyd- og filmopptak frå Strondè, har Arne Johan Dregelid nå digitalisert dette. Sogelaget har tatt ekstra kopier og kjøpt inn datautstyr for bruk av det digitale materialet. Her har Arne Johan gjort ein kjempeinnsats som styret takkar for.

Vegnemnda v/Ivar Husdal, sitt prosjekt med rydding og merking av gamle kyrkjevegar, er nå avslutta og restoppgjøret av SMIL-tilskotet er motteke med kr. 10.546,00. Det har vore utført i alt 851 dugnadstimar i åra 2010-2015. Ein stor takk til Ivar, og alle som har hjelpt til.

Sogelaget har gitt eit tilskot på kr. 4.860,00 til Oppheim skule i samband med skuletur til museet på Stalheim og Sivle gard med omvisning og lokalhistorie.
Sundve skule har fått tildelt eit klassesett (30 stk) av diktsamlinga til Sjur Arnetveit.

Det er teke kontakt med Inge Draugsvoll om eventuelt nytt opplag av ”Stølar og stølsliv på Strondè” (hefte 1991 og video 1993).  Han har gitt tilbakemelding om at han har tankar om å leggja dette ut på si heimeside.

Styret har sendt brev til Vinje og Oppheim sokneråd om vern av gamle kulturelle gravminner på Vossestrand.

Det er kome innspel frå fotograf Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim og Ivar Husdal om å laga ei bok med bilete og tekst for Vossestrand. Dette vil det verta arbeidt vidare med.

Frå Voss kommune har sogelaget fått overtatt nokre kopiar av likningsprotokollar for tidsromet 1892-1910, som nå ligg i sogelaget sitt arkiv.

I år er det 10 år sidan politikaren og statsråden Jon Lilletun døydde, 21. august 2006. Han var fødd på Vossestrand og voks opp her. I 2008 vart det utgitt ei biografibok og i fjor haust kom boka ”Røtter og vinger” med artiklar av personar som stod Jon nær. I Grimstad har dei æra Jon med å kalla vegen inn til universitetet i Agder for ”Jon Lilletuns vei”. Styret har diskutert om ikkje også me burde æra Jon på ein måte som markerer og synleggjer at det var her han var fødd og voks opp.

Laget hadde pr. 31.12.2015,  83 betalande medlemar.

Medlemskoningenten er framleis kr. 100,00 pr. år.

Laget sin økonomi er god.

 

Einar Midtun 
Leiar



Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger