Årsmøte i Vossestrand Sogelag  

Torsdag, 23.03.17 kl 1800 på Vossastølen Hotell 

Til årsmøtet møtte 33 personar.  

Leiar Einar Midtun var møteleiar og ynskte alle velkomne.  

1.     Innkalling 

Det var ingen merknad til innkallinga. 

2.     Saklista 

Det var ingen merknad til saklista. 

3.     Val av møteleiar 

Det kom framlegg på Einar Midtun, som vart vald til møteleiar. 

4.     Val av skrivar 

Det kom framlegg på Sjur Vinje, som vart vald til skrivar. 

5.     Val av 2 personar til å skriva under på møteprotokollen 

Det kom framlegg på Sverre Kvarme og Alfred Humlebrekke som vart valde. 

6.     Årsmelding 

Før sjølve årsmøtet, etter at styreformannen hadde ynskt vel møtt til årsmøtet, viste Odd Hommedal film frå turen til USA.   

Deretter spanderte sogelaget mat på dei frammøtte, eit smakande måltid med svinesteik, lappar, sviskekompott og kaffi. Folk hygga seg. 

Fotogruppa er nå under revisjon. Dei har kontakt med datafirmaet Dform på Voss med tanke på å utarbeide ny heimeside/fotoside.  Odd Henry Hommedal og Oddvar Drevsjø er kontaktpersoner i saka og i den forbindelse bad Ivar Husdal om at Strandadisken som Arne Johan Dregeli har gjort et kjempearbeid med også bør kunna innleggjast slik at ein lett kan finna fram til innhaldet. 

Skriftnemnda opplyste om behovet for nye medlemmar. Har nokon interesse av å verta med her kan dei teke kontakt med ein av medlemmane av skriftnemnda.  

Veglaget ved Ivar Husdal kom med tilleggsopplysningar i tilknytning til årsmeldinga.  

Ein nemnd i sogelaget: Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim, Ivar Husdal, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun er i gang med biletebok for Vossestrand. Kjell Herheim orienterte om dette og her er ein godt i gang. Boka kjem truleg ut før jol 2017.  

Det kom opp div opplysningar kring registreringa av kulturminnar. 

Einar Midtun og Sjur Vinje orienterte om planar i høve til heidring av Jon Lillethun. Som opplyst er dette noko ein arbeidar vidare med.  

Det blir truleg eit Lillehammer-seminar til sommaren, som Nils Dagestad m.fleire står bak. Her vil truleg fleire familiemedlemmar frå Lillethun-slekta vera tilstads og kanskje også leiaren i Kristeleg Folkeparti.  

7.     Rekneskap 

Kasserar Trygve Dugstad gjekk igjennom rekneskapet for 2016  som viser overskot på kr. 24 015,-. Det var ingen merknader til rekneskapen, som vart godkjend. 

8.     Budsjett 2017 

Det vart vedteke at det ikkje vart nødvendig å lage budsjett for 2017. 

9.     Arbeidsprogram 

Ein viser her til arbeidsprogrammet som vart framlagt på årsmøtet, dertil visar ein til  kommentarane under punkt 6.  

10.  Innkomne saker 

Det er ikkje kome inn saker til årsmøtet. 

11.  Val av leiar og styre 

Valnemnda v/Ingeborg Backer, Lars Arne Hemre og Audhild Rygg  kom med fylgjande framlegg: 

Leiar: Einar Midtun 1 år 

Styremedlemmar:          Trygve Dugstad  1 år 

Sjur Vinje             1 år 

Anne Herheim     2 år 

Ingrid Jordalen    2 år 

  Varamedlem:Arne Johan Dregelid 1 år og Ivar Husdal 1 år 

  Revisor:Lars Hole 2 år og Odd Henry Hommedal  1 år 

                     Ovannemnde vart valde med akklamasjon på årsmøtet.  

12.  Val av valnemnd 

Leiar: Frode Vangsnes3 år , Ingeborg Backer 2 år og Audhild Rygg 1 år  

         Desse vart valde med akklamasjon på årsmøtet. 

13.  Kontigenten for 2017 uendra kr 100,- pr år som vart godkjent. 

Det kom forslag på at ein på neste årsmøte tek opp evt forhøging av kontigenten til   

kr 150-200,-.  

Møte slutt ca kl. 21.10 

_______________________________________ 

Sverre Kvarme                Alfred Humlebrekke     


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger