Årsmelding for nemder.


************************
Årsmelding frå skriftnemnda 2016.

Også i år kom me i mål med årboka for sogelaget, «Gamalt frå Strondè», den 15. i rekkja. Årboka vart prenta i eit opplag på 650 eksemplar, dvs litt over det me har selt dei siste åra. Salet har gått greitt, men me har framleis bøker for sal. Etterspurnaden om tidlegare utgåver er minimal, så komande årbøker bør vel prentast i nokolunde same opplag. I år tok me og med ei liste over alle stykka som finst i tidlegare utgåver. Ein del årgangar er utselde, men dei einskilde artiklane kan framleis skaffast om nokon ynskjer det.

Då styret i sogelaget/seinare skriftnemnda sette i gang arbeidet med å gje ut årbøker, var det etter eit ynskjemål om å ta vare på lokal soge/kunnskap om fortida for ettertida. Mykje av denne lokale soga finst berre i munnleg tradisjon. Og vil me ta vare på den, må det skrivast.

Me har heldigvis nokre trufaste ”bidragsytarar”, men ynskjer oss/treng nye for å kunna gje ut nye årbøker. Det er også eit ynskjemål å få fleire med i skriftnemnda.

Johannes Seim, Per Backer og Bjarne Skjervheim

 

Årsmelding frå fotogruppa 2016.

 Det har vore ei stor utvikling innan data etter at Per Husdal i si tid starta opp med fotosida.

No er det utvikla nye og enklare dataprogram som gjer det lettare, både med å registrera foto og vedlikehalda ei fotosida. I tillegg har Per meldt frå om at han på grunn av sin alder neppe kan rekna med å bistå noko særleg i åra som kjem med å oppdatera programmet, som har vore i bruk til nå. Fotogruppa har derfor, i samråd med sogelaget, kontakta Odd Henry Hommedal og Oddvar Drevsjø om å undersøkja kva som finst av aktuelle dataprogram til dette bruk.
Dei har vore i kontakt med dataselskapet dform på Voss, som har sagt seg viljuge til å oppdatera og overføra dei gamle bileta (ca 5000-6000) til ein ny web. Samstundes vil dei kunna oppgradera heimesida til sogelaget. Sjølv om dette vil medføra store kostnader så meinar sogelaget at dette er så pass viktig at det må prioriterast.
Kva tid det nye systemet kan takast i bruk er litt usikkert, men ein reknar med at det kan skje om ikkje alt for lang tid.

På vår oppmoding om å få fleire med i fotogruppa har nokre personar meldt seg interesserte. Desse vart innkalla til eit informasjons- og demonstrasjonsmøte i april 2016. Etter dette møtet kom det tilbakemelding på at måten som registreringa av foto vert gjort på er både tungvint og vanskeleg. Etter at ein nå har gått inn for å få eit nytt dataprogram til dette bruk vonar me at dei som har meldt si interesse vil bli med når det nye systemet vert teke i bruk.
Fotogruppa går inn i eit spanande år, med eit vonaleg nytt og betre hjelpemiddel.

I år er det Oddvar, saman med god hjelp av Norodd Hagenson, som har føreteke det meste av registreringane av gamle foto. Me vonar at dette kan delast på fleire i dei komande åra.
Både Per og Oddvar har vore flinke til å koma med innlegg til ”Gamle bilete og historiar frå Vossestrand” på facebook. Noko som det har vist seg å vera stor interesse for.

 

For fotogruppa

Einar Midtun

Årsmelding vegnemnd  2016.

Sogelaget hadde ingen  eigne vegprosjekt siste året.  I årsmeldinga for 2016 oppmoda ein dei enkelte grendene om å ta vare på dei gamle stølsvegane. Eit eksempel på dette er Egdetveit Bygdekvinnelag som har fått rydda og merka Buførevegen frå Bratthole, Straume og Meland.  Med økonomisk støtte frå Gjensidigestiftelsen og med tur-glede og dugnadinnsats frå grenda,  er det og sett opp infotalvle, postkasse  med turbok og  gapahuk på Hovdane. Sist år kom det 300 namn i turboka på ein veg som var nesten gløymt.

Ei  av Sogelaget sine oppgåver er å synleggjera gamle kulturminner, slik at dei kan vera til glede og nytte. No er det planlagt stor kraftlinje langs dei gamle stiane mellom Vinje og Ulvund. Til våren må stiane ryddast og merkast godt, slik at dei som detaljplanlegg kraftlina lettare kan sjå kva omsyn dei må ta no med tanke på framtidig tur-bruk.

Ivar Husdal


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger