Årsmelding for Vossestrand Sogelag år 2016.


Årsmøtet vart halde på Vinje Turisthotell 8. mars 2016, der det møtte 36 personar.

Før sjølve årsmøtet heldt Gunnar H. Ringheim eit særs interessant innlegg om dei fyrste bilane og dei fyrste sjåførane på Strondè, og viste ei rekkje bilete frå den tida.

Deretter fekk dei frammøtte forsyna seg av kinamat-buffèen som var sett fram i spisesalen.

Før ein gjekk over til årsmøtet var det song av songlaget Strendingen.

 

Desse har vore i styret for 2016:

Leiar:               Einar Midtun

Nestleiar:         Anne Herheim

Kasserar:          Trygve Dugstad

Skrivar:            Sjur Vinje

Medlem:          Ingrid Jordalen

Varamedlem:    1. Arne Johan Dregelid, som har møtt på alle styremøta

Varamedlem:    2. Ivar Husdal

Revisorar:         Odd Henryt Hommedal og Lars Hole

 

Sogelaget har hatt 6 styremøter med 34 bokførde saker. I tillegg har dei andre nemndene lagt ned mykje arbeid. Ein viser til eigne årsmeldingar frå desse.

Sommarturen i 2016 vart gjennomført sundag 28. august med tur til Jordalen. Me gjekk tur via kyrkjegarden og gamlevegen til Nåsastølen og attende. På skulen var det servering av betasuppe og kaffi og kaker. Kari Mørkve Jordalen fortalde litt om Jordalen og Trond Olav Neteland viste film og bilete frå Jordalen. Etterpå kunne me sjå fotoutstillinga ”Ferdselvegar til Jordalen”.

Sogelaget sin tur til Midt-Vesten, USA, 20. september - 4. oktober vart ein stor suksess! Trygve Dugstad, Arne Gilbakken og Sjur Vinje hadde i lag med Juven Tours & Travel laga eit flott og innhaldsrikt program. 35 personar var med på turen, og alle har gitt svært positive tilbakemeldingar. Stor takk til nemnda for ein flott tur, og takk til Odd Hommedal som har teke opp video-film frå turen.

Sogelaget si heimesida og fotosida er nå under revisjon. Det er teke kontakt med datafirmaet dform på Voss med tanke om å utarbeida ei ny heimesida og fotosida. Odd Henry Hommedal og Oddvar Drevsjø er kontaktpersonar i saka.

Arne Johan Dregelid har gjort eit kjempearbeid med å digitalisera gamle radio og filmopptak. Alt som han har gjort er nå gjort tilgjengeleg på ”Strandadisken”.

Ei nemnd i sogelaget, Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim, Ivar Husdal, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun, er i gang med ei biletbok om Vossestrand. Ideen til boka kom opp då ein kom over eit langt dikt som Sjur (Sivert) Skjelvik har skrive om gardane på Vossestrand. Boka vert bygd opp rundt desse dikta med bilete frå gardane som er nemnde. I tillegg vil ein supplera med andre bilete og artiklar som fortel historier og hendingar, og om personar frå Vossestrand. Boka er meint å koma ut til jol 2017.

Sundve skule har fått 10 eksemplar av ”Gamalt frå Stronde” frå åra 2007-2015 unnateke 2013, og 5 eksemplar av ”Skulane på Strondè”. Sogelaget vonar at skulen kan nytta seg av dette i ei eller anna form i si undervisning, og at elevane såleis kan få meir kunnskap om Vossestrand frå eldre tider.

Saka om verning av gravminner, som har kulturhistorisk verdi, er sendt til sokneråda, som har sendt den vidare til Kyrkjeleg Fellesråd. Det er utarbeidt retningslinjer for dette i ”Forskrifter til lov om kirkegårder, kremasjon og gravferd”. Der er bevaring av gravminner omtalt i §27. Bevaringsplanen skal vedtakast av kommunen.

Sogelaget arbeider vidare med spørsmålet om på kva måte Vossestrand skal heidra Jon Lilletun. Sjur Vinje har teke kontakt med Nils Dagestad, og dei vil arbeida vidare med dette.

Pr. 31.12.2016 hadde sogelaget 88 betalande medlemar, som er ein auke på 5 medlemar frå i fjor.
Medlemskontingenten har vore uendra med kr. 100,00 pr. år. Laget sin økonomi er god.

Einar Midtun
Leiar


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger