Årsmelding for Vossestrand Sogelag - 2017.

Årsmøtet vart halde på Vossestølen Hotel 23. mars 2017, der det møtte 33 personar. Før sjølve årsmøtet, etter at styreformannen hadde ynskt vel møtt til årsmøtet, viste Odd Hommedal film frå turen til USA.   
Der etter spanderte sogelaget mat på dei frammøtte, eit smakande måltid med svinesteik, sviskekompott, kaffi og lappar.

Desse har vore i styret for 2017:

Leiar:               Einar Midtun

Nestleiar:          Anne Herheim

Kasserar:          Trygve Dugstad

Skrivar:            Sjur Vinje

Medlem:           Ingrid Jordalen

Varamedlem:    1. Arne Johan Dregelid, som har møtt på alle styremøta

Varamedlem:    2. Ivar Husdal

Revisorar:         Odd Hommedal og Lars Hole

 

Sogelaget har hatt 5 styremøter med 34 bokførde saker. I tillegg har dei andre nemndene lagt ned mykje arbeid. Ein viser til eigne årsmeldingar frå desse.

Sommarturen i 2017 vart gjennomført sundag 27. august. Turen gjekk frå Gavùlstunet og vidare utover til Igdetveit. Ein tur på 3,5 km. Vel 30 personar var med oss på turen som gjekk i strålande vær.

Under vegs stilte kjentfolk opp som fortalde om dei ymse gardane, noko som gjorde turen svært vellukka. I ungdomshuset ”Solhall” vart det servert kaker og drikke, og tid til ein prat. Det vart ordna med skyss attende for dei som trengde det.

 

Odd Hommedal og Oddvar Drevsjø fekk i 2017 fullmakt til å inngå avtale med dataselskapet dform

om å utarbeida ei ny heimesida og fotosida for sogelaget. Dette var turvande etter som både heimesida og fotosida var bygt opp rundt datasystem som nå var vanskeleg å oppdatera. Sjølv om dette vart ein stor kostnad er sogelaget nå glad for at dette er gjennomført, og stor takk til Odd og Oddvar for vel gjennomført oppdrag.
Ein viser elles til eiga årsmelding frå fotogruppa.

I april 2016 starta ei nemnd i sogelaget opp med boka ”Vossestrand - Folk og landskap”. I boknemnda var Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim, Ivar Husdal, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun.
Nemnda hadde sine arbeidsmøte for det meste på Mølstertunet. Etter at nemnda valde å trykka boka hjå forlaget John Grieg, vart bokdesigner Tom Mæland med oss i den vidare planlegginga av boka.

Etter å ha innhenta nødvendige løyve for bruk av bilete og stoff til boka vart det eit stort arbeid med å velja ut bilete, teksting, redigering og korrektur. Alt arbeidet som nemnda la ned i dei to åra med boka var på dugnad. Sogelaget takkar alle i nemnda for godt gjennomført arbeid.  
Under sterkt tidspress vart boka klar for bokslepp på Strandamessa 25. og 26. november og Voss bibliotek 30. november. Sogelaget hadde også sal på jolemessa i Ungdomshallen 2. og 3. desember.
Tilbakemeldingar tyder på at boka har vorte svært godt motteken både i og utanfor kommunen.
I tillegg til utgjevinga av boka ”Vossestrand - Folk og landskap” har også skriftnemnda gitt ut årboka for 2017, ”Gamalt frå Strondè”. Her viser ein til eiga årsmelding frå skriftnemnda.

 

Medlemer i sogelaget har også gjennom året teke del i rydding og vedlikehald av gamle vegar.

21. september var Einar Midtun invitert til møte i Egdetveit Bygdekvinnelag for å fortelja om sogelaget sitt arbeid. Sogelaget er glad for at det vert vist interessa for sogelaget sitt arbeid, og som fekk ei gåve på kr. 2000,- av Egdetveit Bygdekvinnelag, som me takkar hjarteleg for.

 

På ”Matpakkeseminar i Jon Lilletuns ånd” i Sambygg 21. oktober vart spørsmålet om å heidra Jon Lilletun tatt opp. Sogelaget vil arbeida vidare med dette.


Medlemar av sogelaget deltok på Fylkesbiblioteket i Hordaland sitt orienteringsmøte om innsamling, registrering, lagring og publisering av digitale kultur og historiske filer.

Pr. 31.12.2017 hadde sogelaget 87 betalande medlemar. Medlemskontingenten har vore uendra med kr. 100,00 pr. år. Laget sin økonomi er god.



Einar Midtun
Leiar


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger