Årsmelding frå Fotogruppa 2017

Vossestrand Sogelag gjekk i 2016 ut og søkte etter nye medlemar til Fotogruppa i laget, og det melde seg nokre interesserte. Medlemar i fotogruppa har siste året vore:

Oddvar Drevsjø, Anne Herheim, Anne Karin Silden Brekkhus og Odd Henry Hommedal.

Dei nye medlemane og Oddvar, som den erfarne, deltok på styremøte 13. april 2016, og så var gruppa i gang. Det viste seg at innleggjing av bilete på heimesida var svært tungvint, komplisert og tidkrevjande, og tanken om ei ny heimeside som også kunne innhalda fotosidene vart fort eit tema. Fotogruppa kom med forslag til styret om å oppretta nye sider på nettet og på møte 31.10.2016 vedtok styret å gje Oddvar og Odd fullmakt til å arbeida vidare med prosjektet.

Den gamle heimesida og fotosida var levert av Dform v/Jostein Lothe, så det var naturleg å ta kontakt med han for å be om forslag til nye sider og pris på dette. I løpet av hausten 2016 vart det så ei rekkje møter mellom Dform, styret og Oddvar og Odd, i tillegg til omfattande kommunikasjon på epost og telefon.

31. januar 2017 hadde Dform ferdig eit utkast til nye nett-og fotosider som vart presentert for Oddvar og Odd. Etter ein del justeringar vart det endelege forslaget lagt fram for styret 26. april 2017, som gav klarsignal til å jobba vidare med prosjektet.

16. mai 2017 vart den nye heimesida lagt ut og frå same dato vart den gamle fotosida (gamlefoto.vossestrand.no) historie. No finn me dei nye fotosidene under menyen Gamle foto på heimesida www.vossestrand.no.

Etter dette har fotogruppa hatt 3 samlingar, der me har utveksla erfaring og trena på å leggja inn bilete. Erfaringa så langt er at heimesida er forholdsvis enkel å betjena i høve til innleggjing av nye saker osv. Fotosidene og innleggjing av nye bilete er framleis noko komplisert, sjølv om det er vorte mykje enklare enn tidlegare.

Det er framleis ein del som kan gjerast for å få endå betre fotosider, m.a. er det ynskje om miniatyrbilete øverst på kvar undergruppe, for å lettare sjå innhaldet. Det har også kome ynskje om ein søkefunksjon. Alt dette let seg gjera, men det er eit økonomisk spørsmål og så må det ein stor dugnadsinnsats til, i tillegg. Gjesteboka som er ein del av heimesida er heller ikkje optimal, og me jobbar med å få betra denne.

Den nye fotogruppa har sidan dei starta arbeidet på den nye sida nesten ikkje motteke bilete frå Strendingar eller andre som dei ynskjer lagt ut på sida. Fotogruppa har registrert at det blir lagt ut mange bilete på ulike Facebook-sider, og me ynskjer at dei som legg ut dette også sender bileta til Fotogruppa, slik at me får lagt dei ut på vår side i tillegg.

Fotogruppa har også drøfta tryggleiken til alle bileta som ligg på nettet. Dform er eit einmanns-firma og serverane står på Tvildemoen. Det gjer dette meir sårbart enn om alle data var lagra hjå ein større aktør. Frå Dform si side er me forsikra om at me treng ikkje uroa oss for tryggleiken, då han har gode back-up rutinar.

Sidan den nye heimesida vart lansert (16.5.2017-27.02.2018) har det vore 3763 besøkjande. Av desse er 3238 norske, 178 frå USA, 77 frå Tyskland, 76 frå Canada, 31 frå Sverige og 26 frå Nederland. Totalt har heimesida vore besøkt av brukarar frå 51 land.

 

For Fotogruppa i Vossestrand Sogelag

Odd Henry Hommedal

 


 

Årsmelding frå skriftnemnda

Sjølv om det i 2017 vart mykje arbeid med biletboka vår, ”Vossestrand - Folk og landskap”, klarde skriftnemnda å gje ut årboka vår, den 16. i rekkja.  «Gamalt frå Strondè» vart prenta i ei opplag på 650 eksemplar.  Salet har gått greitt, men me har framleis att bøker for sal.

Skriftnemnda vil retta ei stor takk til alle som har levert stoff til årboka. I år og fekk me inn mange gode artiklar og bilete - og boka fekk fin omtale i Hordaland.

Me har heldigvis nokre trufaste «bidragsytarar», men ynskjer oss - og treng nye medarbeidarar for å kunna gje ut nye årbøker.

Skriftnemnda tek og med glede mot hint eller tips om stoff det kan vera aktuelt å skriva om ved seinare høve.

 

Johannes Seim              Per Backer                   Bjarne Skjervheim

johs.seim@gmail.com   prbacker@gmail.com    bjmalv@online.no

  


Årsmelding frå vegnemnda 2017.

Vegnemnda har ikkje hatt noko organisert aktivitet i 2017.  Men  medlemer i sogelaget har delteke i rydding og vedlikehald av gamle vegar. Ein oppmodar  medlemer  til å kartlegge  gamle og nesten gløymde stølsvegar. Sogelaget kan hjelpe til med søknad og midlar for rydding og oppmerking.

 

Ivar Husdal

 


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger