Årsmøte i Vossestrand Sogelag

Torsdag 15.03.18 kl 18.00 på Vossestølen Hotel

 

Til årsmøte møtte 24 personar.

Leiar Einar Midtun ynskte alle velkomne.

Før sjølve årsmøte fekk me besøk av Ellen Marie Selland Geithung saman med 6 små frå barnekoret

og to kvearar: Ingeborg og Synnøve. Kjekt å høyra på dei!

 

Deretter heldt Kjell Herheim saman med resten av boknemnda for «Vossestrand - Folk og Landskap»

eit godt innlegg om framdrifta for denne boka som med eit naudskrik, vart ferdig til Strandamessa i november 2017. Kjell viste eit lite utval av bilete og tekst frå boka medan Bjarne Skjervheim fortalde om boka sitt innhald. Boka har vorte svært godt mottatt, og Vossestrand Sogelag takkar boknemnda: Kjell Herheim, Bjarne Skjervheim, Ivar Husdal, Oddvar Drevsjø og Einar Midtun for velgjort arbeid.

Dei fekk blomebukettar som ei liten helsing.

 

Vossestølen Hotel  serverte flott bufet som Sogelaget spanderte på dei frammøtte.

 

1.      Innkalling

Det var ingen merknad til innkallinga.

2.      Saklista

Det var ingen merknad til saklista.

3.      Val av møteleiar

Det kom framlegg  på Einar Midtun, som vart vald til møteleiar.

4.      Val av skrivar

Det kom framlegg  på Anne Herheim, som vart vald til skrivar.

5.      Val av 2 personar til å skrive under på møterotokollen

Det kom framlegg  på Odd Henry Hommedal og Kari Mørkve Jordalen, som vart valde.

6.      Årsmelding

Einar Midtun gjekk gjennom årsmeldinga frå Sogelaget, Fotogruppa og Vegnemnda.

Bjarne Skjervheim gjekk gjennom årsmeldinga frå Skriftnemnda.

Alle årsmeldingane vart godkjende.

 

               FOTOGRUPPA  har kome godt i gang med ny heimeside/fotoside som det vil verta arbeidd

               vidare med. Dei etterlyser gamle foto som kan leggjast inn på fotosida.

               SKRIFTNEMNDA etterlyser nye medlemer og medarbeidarar for at arbeidet skal gå

               vidare framover.

 

               VEGLAGET ved Ivar Husdal oppmodar medlemane om å kartleggja gamle og nesten gløymde

               stølsvegar.

 

7.     Rekneskap

Kasserar  Trygve Dugstad gjekk gjennom rekneskapet for 2017 som viser eit overskot på

Kr 188.421,- Utgiftene for boka «Vossestrand - Folk og Landskap» er alt dekka inn, men

Rekneskapet vert litt missvisande fordi  inntekter og utgifter ikkje kjem på same året.

Økonomien i laget er god.

Det var ingen merknader til rekneskapet, som vart godkjent.

 

8.      Val

 

Einar Midtun har fråsagt seg attval.

Valnemnda  v/ Audhild Rygg, Ingeborg N. Backer og Frode Vangsnes

kom med fylgjande framlegg:

 

Leiar                                   Anne Herheim                                 1 år - ny (opprykk)

Styremedlem                    Trygve Dugstad                               2 år - attval (kasserar)

Styremedlem                    Sjur Vinje                                          2 år - attval (skrivar)

Styremedlem                    Kari Mørkve Jordalen                     1 år - ny

(Styremedlem Ingrid Jordalen er ikkje på val)

1.      varamedlem              Arne Johan Dregelid                       1 år - attval

2.      varamedlem              Ivar Husdal                                       1 år - attval

 

Revisor                               Odd Henry Hommedal                   2år - attval

(Revisor Lars Hole er ikkje på val)

Ovannemnde vart valde med akklamasjon på årsmøtet.

 

Valnemnd:

Leiar:                                  Ingeborg N. Backer                        (1 år att)

                                                           Frode Vangsnes                              (2 år att)

Ny medlem:                      Oddvar Drevsjø                               (3 år att)

Desse vart valde med akklamasjon på årsmøtet.

9.      Fastsetjing av medlemspengar  for 2018

Medlemspengane kr 100,- vert uendra for 2018. Dette vart godkjent.

 

10.  Arbeidsprogram for 2018

Halda fram med å ta vare på kulturminner og kulturhistorar for Vossestrand.

Sogelaget vil arbeida vidare med tanken om å heidra Jon Lilletun.

Skipa til ein lokal sogelagstur sommaren 2018.

Nemnda for USA-tur  v/ Trygve Dugstad, heldt ei kort utgreiing om ein ny tur

til USA i 2019 som det vert arbeidd med.

Skriftnemnda held fram som før, men etterlyser nye medlemer.

Fotogruppa held fram som før.men etterlyser fleire bilete.

Auka medlemstalet.

 

               Årsmøte vart avslutta kl 20.45 med at Einar Midtun takka for seg etter 11 år i styret.

               Han takka for frammøte og ynskte alle vel heim.

               Den nye formannen, Anne Herheim, takka  Einar for vel utført arbeid og godt samarbeid

               med ein blomebukett.

 

 

 

 

 

               ________________________________                 _______________________________

Odd Henry Hommedal                                                Kari Mørkve Jordalen


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger