"Murane" over Tveite, Myrkdalen
Murane
Ein sommar for meir enn 60 år sidan var eg med far min på ein fjelltur til Sundvesgrønndalen.
Det var fint vær og me tok det med ro. Når me sette oss ned for å kvila fortalde far om mangt som hadde skjedd i tidlegare tider, om jakt og og samkomer i fjellet om stølsrettar og
grensesstrid.
Noko vart alltid sitjande att i hjå meg.
Når det i dag vert fortald om fjellet og gamle dagar, tenkjer eg ofte på farsine forteljingar.
Segnet om Murane, som far fortalde, dukka oppatt i minnet mitt for eit par år sidan. Eg fann ein avisutklipp frå ”Horda Tidend”, som onkel min, Oskar Draugsvoll, hadde teke vare på.
Det er han”Joans” som fortel og her er forteljinga.

Horda Tidend fredag, 13 august 1971
Murane - eit drama eller ei kvardagshending
Her møter ein på eit av dei få store tvistemål frå gamle dagar der retten ikkje vart blanda inn
Dei er tunge bakkane opp frå Skjervheimsstølen både for folk og dyr. Endå tyngre vertdei når ein har noko å bera.
Men du verda for eit utsyn det er når ein kjem opp på høgda.
Framfor deg har du heile dei store fjellviddene og bakanfor den vakre vide bygda. Det var ikkje underlag atfolk og beist vilde slå seg ned der eit par sumarsmånader.
Murane heiter staden og murane står der den dag i dag og vinar om tida som gjekk. Men kva soga løyner det seg eigentleg bak desse murane ? Er ho dramatisk eller er det ei vanleg kvardagssoge?
Me har prøvt å finna litt ut om dette ved å prata med eldre folk om kva dei har høyrt. Noko skriftleg har me ikkje funne.
Ein versjon av soga om Murane går ut på at ein oppsitjar i Holbygda bygde seg sel eit stykke oppe i Torvedalen. Tufta kallast den dag i dag for Haldorstufta. Dette selet brende myrkdølene ned.
Seinare bygde dei på Skjervheim seg sel på Murane. Men husa vart rivne ned av holbygdin-gane. Ein annan versjon går ut på at bøndene på Skjervheim to gonger bygde seg stølshus på Murane. Men båe gongene vart husa brende ned før dei vart tekne i bruk. I den same versjonen heiter det at Haldorstufta lenger nede i dalen ogso vart bygd opp av ein oppsitjar i Myrkdalen. Men då han sågkorleis det gjekk med husa på Murane, bygde han ikkje på
tufta. I ein tredje versjon heiter det at det aldri harv ore stølshus på Murane.
Bøndene på Skjervheim mura og vilde byggja der. Men då holbygdingane protesterte og hevda at det var deira eigedom, let dei vera å byggja. Difor hadde staden fått namnet Murane.
Kva som er den rette versjonen av soga om Murane, kan vel ikkje nokon seia noko sikkert om i dag. På ein måte er det merkeleg at det ikkje vart noko rettssak dersom husa vart brende ned. I liknande saker andre stader vart slike tvista avgjorde i retten. Ein har til dømes saka mellom vossingane og holbygdingane om grensa mellom Eenstølen og Løkjo. Her var
grensa sett til elva ved dom.
Versjonen som går ut på at dei reiv ned sela, har vel i røynda lite føre seg. Det var ei lett sak å byggja oppatt i dei dagar når materialane låg på plassen. Arbeidskrafta var billeg.
Versjonen om at dei sette fyr på høyrest rimelegare. Då råka dei motstandarane mykje hardare. Det var inga lett sak å frakta materialar so langt til fjells.
Dette at det ikkje vart rettsak om stølshusa på Murane kan ha  si årsak i at dei på Skjervheim ikkje var i beit for stølar. Heime hadde dei vår- og hauststøl oppe i lida. Vidare hadde dei fjellstøl i Grøndalen. Men kan henda dei tykte det var lang veg dit, sjølv om folk i denne
tida ikkje var redde for eit stykke veg i fjellet.
Kva tid var det i tilfelle dramaet om. Murane vart utspela ? Ein av del me har snakka med meinte å kunna tidfesta dette til i slutten av sytten hundre talet etter det han hadde høyrt av bestefar sin. Det er vel ikkje urimeleg å tru at dette er noko i.
Bestefar til i denne mannen var fødd før midten av atten hundretalet og kunde faktisk ha høyrt om dramaet av folk som opplevde det på nært.
Det var synd at dei gamle ikkje skreiv ned slike hendingar. Men kanskje var dette ei hending dei helst vilde gløyma.
Truleg kan ingen svara noko sikkert på det i dag.
Slik slutta han Joans forteljinga.
Eg synte han Aksel Tveite forteljinga.
Da staor ikkje slik  i ”Or gommol ti”, sa ham og gjekk bort i bokhylla og henta fram bind I av ”Or gommol ti” av Knut Bjøtgaas og slo opp på side 39.
Herer forteljinga som han Aksel fann.
Men’ne pao Skjervaim å Sausjor laoge i stri um habn utante Skjervaims-eggjinne. Dar e ain botn dar, so Torvedalselvæ kjemm or, å dar e goe baite.Fystu bygde Sausjorsmen’ne sel pao Halldorstuft’ne, dai kadla. Men dao kom Skjervaimane um nettno å reve ne att da dai bygde um dago, å so lote dai slutta  So tokje Skjervaimane te bygde sel hjao Muro, dar é ait skar i eggjinne. Men dao va hine ute pao same maot’n å reve ne fy  dai.
Dao vatt da sak. Men te slutnings gjore dai forlik, so dai skulde baita hodn um hodn å klau um klau, å soleis ha da vo brukt sian.
Per Husdal, juni 2007


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger