.
Jakobskyrkja
på Vossestrand.
 Segn eller soge?

Av Ivar Husdal   

”Truleg vert segna for alltid heitande:  Her budde eingong ein huldreklokkar som heitte Jakob”

Slik avslutta  Olav L Vinje sin gode  skildring av Jakobskyrkja,  prenta i "Gamalt frå Voss" 1987.


Eg vil byrja med ei soge.  Det er ein apostel som heiter Jakob den eldre. Bodskapen han bar er spreidd over heile verda. Namnet Jakob finn ein i tilknyting til apostelen mange stader i Noreg . I mellomalderen  var namnet  St. Jakob major, på folkemunne sa dei ”Sante-Jakup” Han var då alle reisande, og særleg pilegrimar, sin vernehelgen.  
Vi skal sjå om den soga kan føra oss på ein liten omveg til ei  fjellhole på Vossestrand.

Segna seier at i fjellhola budde det ein huldreklokkar som heitte Jakob.  Ein må stusse litt her, fordi at i alle forteljingar og tradisjon om huldrefolk høyrer ein aldri om at dei underjordiske var kristne.  Segna virka litt oppdikta.  Eg kjem attende til det, men fyrst skal vi sjå litt på kor Jakobskyrkja ligg i landskapet, og om segner, namn og tradisjonar  der omkring.
No om dagen kan folk flest vanskeleg tenke seg hendingar og tradisjonar lenger attende enn til far til bestefar. Men i området rundt  Jakobskyrkja har det vore menneskeleg aktivitet i meir enn 5000 år. Jakt var den fyrste aktivitet i fjellpartiet bak Jakobskyrkja. Mellom Oppheim, Vinje og Myrkdalen finn ein mange spor etter bogestille for reinsdyrjakt.  Det har vore jakt på bjørn som har set namn etter seg i landskapet.  Forbi Jakobskyrkja er det ein snarveg opp til Bjørnfjellet. Vest for Jakobskyrkja ligg Bjørnetone,og der var det enkelt å jakte  bjørnen når han var på veg opp i sin faste rute. Nede i dalen ved osen av Oppheimsvatnet, der E16 no går, kunne folk lett sjå far når bjørnen hadde kryssa elva.  Oppe på andre sida av dalen på husmansplassen Fjellet budde den siste store bjørnejegeren, Haldor Fjellet (1818-1899).
Jakobskyrkja ligg på austsida av Helgaberget, som er ein forlenging av Bjørnfjellet. Helgaberget er frittliggjande på 3 sider, og er synleg heilt frå Voss.   Namnet finn ein mange stader i samband med kultplassar, og ein kan nemna Helgaberget i Etne , og på Island finn ein Helgafjell. I Øyrbyggja saga står det: at ingen måtte sjå på det fjellet uvaska, og ikkje noko levende skulle drepest i det fjellet, hverken menneske eller fe.
  På Vossestrand held ennå Helgaberget på sine løyndomar, men kanskje ein dag vill det fortelje oss meir.

Tradisjonen seier at ungdomane var alltid på ein tur til Jakobskyrkja kvar sumar. Kanskje gjekk dei dit opp i Hundedagane. Eg  trekker her inn ein annan tradisjon, ei folketru om Hundedagane som har vore levande i tusenar av år, og endå i 2004 er det mange som snakkar om veret og Hundedagene i juli-august.   Hundedagane kjenner ein frå Egypt heile 5000 år attende. Det var den tid på året då Hundestjerna, no kalla Sirius, viste seg på  morgonhimmelen.  Dette varsla den årlege flaumen i Nilen, og Egypt gjekk då inn i ein månad der mange ting var usikre.  Tida og namnet for Hundedagane i Noreg er styrt av den same stjerna Sirius.  Dette er eit eksempel korleis folketru og tradisjon kan leve i tusenar av år lite påverka av religion, politikk og skulelærdom.  

På vegen opp til Jakobskyrkja frå Vinje var det naturleg å legge vegen om Tone. Der er det ein open glenne i landskapet, høgt oppe det vide utsyn til syd mot Voss og aust mot Oppheim.    Tradisjonen seier at ungdomane brende jonsokbål der. Her er vi innpå ein 1000 år gamal tradisjon om vetar og det system med mobilisering  med eldsignal, som Håkon den Gode bygde ut på omkring år 950.  -    Vetane var meir eller mindre i bruk i 900 år framover alt etter kor spent den politiske situasjonen var. Frå Tone kan ein sjå andre plassar der det har vore tradisjon med å brenne jonsokbål. Varslingsystemet med vetar  strekte seg over heile landet, 3 og det er naturleg å tenkje seg at vetane vart regelmessig fornya. For å ikkje få falsk alarm brende dei truleg opp dei gamle vetane samstundes på jonsok, og erstatta den med frisk ved.  Slik vart det og ein felles festdag med bålbrenning. Far min fødd 1895 fortalde frå sin barndom at dei brende bål på ein plass med sikt til fjella rundt Bergen og med utsyn til store delar av Osterfjorden. Fyrst var det viktig å lage mykje røyk, og så eld når det vart mørkare.   

Kva samband har så Jakobskyrkja med  apostelen Jakob?  Eg trur at den verkelege Jakobskyrkja var stavkyrkja på Vinje. Ein kan samanlikna kyrkja på Vinje med Jakobskyrkja i Eidfjord som vart bygd i 1300-1310. I mellomalderen og fram til 1631 låg Hallingdal og Valdres under Stavanger bispedøme. Eidfjord sokn var det einaste sokn i Hardanger som tilhøyrde Stavanger Stift.  Begge kyrkjene ligg på viktige  sambandsvegar, og er dei siste kyrkjene før ei lang og farefull reise over fjellet austover, og ”alle” måtte  be ”Sante-Jakop” om velsigning og vern for reisa . Dette var  den einaste landfaste  hovudvegen austover frå Nordhordland, og sørsida av Sognefjorden. Det var også ein veg for pilegrimar til Nidaros.     Tingmenn som kom frå Hallingdal og Valdres, gjekk og forbi Vinje på veg til Gulatinget. Tinget vart helde årleg på sydsida av innlaupet til Sognefjorden fram til år 1300.


Minne om  St. Jakob på Vinje vart ført vidare i eit glasmåleri i kyrkja av tømmer som erstatta stavkyrkja i 1771.   Dette fine biltet viser Jakop som ein vandringsmann som har bunde opp sin side kappe i beltet, og i tillegg har han ei kort kappe. Apostelen er praktisk kledd for vandring og overnatting med berre dei kler han ber på seg.

Frå mellomalderkyrkja på Vinje finn vi og ein av dei finaste skulpturar i Skandinavia kalla Djevelen frå Vossestrand    Den har løvekropp og menneske hovud. Ein kan tru det er ein fjern slektning av Sfinxen i Egypt,  men Sfinxen strekker ikkje på halsen.   I Årboka for Nordiska museum 1946  står det. ” Figuren frå Vossestrand står som et uovertruffent mesterverk fra begynnelsen av perioden (1150). Den tilhører en tid da vi med større rett en noen sinne kan tale om en felleseuropeisk kultur”.
Figuren, som er av typen kapitel-dyr, stod på toppen av dørstolpane  kyrkja, ein på kvar side. Folk som gjekk inn i kyrkja møtte ein figur som såg ned på dei med stikkande augo og med tunga ut or munnen. ”Eg veit kven du er ”  sa Djevelen frå Vossestrand ordlaust. Kvifor stod dette meisterverket i ei fattig lita kyrkje på Vestlandet? Det høyrer med til soga at figuren vart funnen på Finne i 1874, og sendt til Nordiska museet i Stockholm. Finne er den garden som ligg nærast Jakobskyrkja.

Korleis kjem då fjellhola Jakobskyrkja  inn som ei pilegrimskyrkje?  Først skal eg fortelje litt om siste presten på Vinje før Svartedauden i 1349 - 50, Sira Erling. Tufta etter huset han budde i, Prestestova, har våre verna av eigarane på Øvre Vinje i genrasjon etter genrasjon, og er synleg også no.  Den ligg ved sida av kortufta, der det truleg ikkje har stått noko gudshus på 800 år. Den tufta er og i alle år vore verna av eigarane.  Vi kjenner Sira Erling på Vinje sit namn frå  fleire brev frå 1346 og 1347, der han ligg i strid om eigedomar han og broren meinte å ha arva.  Vi kan tenke oss at ein angrande syndar gjekk rundt Prestestova medan presten var oppteken med å svare på brev om eigedomane sine. Presten  velsigna syndaren og ba han reise opp i Jakobskyrkja og be Pater Noster , Fadervår, 7 gonger 7 ved midnatt, og elles be alle bønene han kunne kome på. Dagen etterpå gjekk nok syndaren heim att og sov godt.
Det er eit velkjent problem at ein person i åndeleg naud vil presten skal ta hans problem.  Det er ikkje altid det lukkast presten å vise vegen den vegen ein angrande syndar må gå. Ei god hjelp for begge partar var å gå ein tur åleine. I mellomalderen var det mange som ville gå til Nidaros. Nokon kom kanskje ikkje lenger enn til kyrkja på Vinje eller på Oppheim.  Og då vart turen og overnattinga i Jakobskyrkja eit naturleg vendepunkt på reisa.
Ein kan og tru at fjellhola Jakobskyrkja var ei stad for bot og von ut frå det Folkeminnesamlaren, Knut Bjørgås fortel. Han skriv at alle som gjekk til Jakobskyrkja måtte legge at noko, som onglar, spikar, hesteskosaum eller koparpeng. Mange la og att trespilar med namn på. Knut Bjørgås skriv og om gamlekyrkja på Vinje, om tømmerkyrkja som stod frå 1670 til 1872:  at  kykjedøra var da fullt av namn fordi dei hadde den trua før at det kunne hjelpa å skrive namn om nokon var sjuke  heime.  Den skikken med å legge at namn eller eit offer er kjent frå alle eldre kyrkjer.  Innhaldet i den i bodskapen dei la att var i dei fleste høve strengt personleg.  Det som vart fortalt til yngre medvandrare til Jakobskyrkja i seinare tid,  var nok berre at ein måtte legge at noko.

Jakobskyrkja ”tilhøyrde” både Oppheim og Vinje sokner.
 Når ein står i inngangen til Jakobskyrkja kan ein sjå den  noverande  kyrkje på Oppheim som berre ligg ca 2,5 km unna.  Det er ca same avstanden i luftline til den gamle kyrkja på Vinje, men den kan ein ikkje sjå.  Mellom dei 2 soknekyrkjene er det og berre cirka 2,5 km. Det er påfallande at det låg to middelalder soknekyrkjer så nær einannan i fjellgrender på Vestlandet. Det er berre ein halv time i rask gange mellom dei.  Midt mellom kyrkjene går det ein bekk som heiter Fylkesgrova. Det er her ein må byrja å søke etter forklåring på at soknekyrkjene ligg så nær einannan. Oppheim sokn låg verdsleg under  fogden Ytre Sogn  heilt fram til 1773.   Alle rettstvistar på Oppheim måtte avgjerast av skrivaren i ytre Sogn. Vinje sokn kunne få sine rettstvistar løyst i Hordaland.
Ein gong for lenge sidan, før Haralds Hårfagres si tid, var det truleg krig mellom Sognekongen og Hordakongen.  Ufreden kan ha ende med den grensa som delte Vossestrand i to.  Oppheim vart kalla Sygnastrond. Garden Bidne fekk grensa midt i tunet, og husa der vart i daglegtale til Sygnatun og Vossatun , berre delt med bekken som den dag i dag vert kalla Fylkesgrova.  Den delinga vart aldri mentalt godteke. Folk omgjekk og gifta seg på tvers av grender og grenser.
Den 20 september1702 vart fellesskapet mellom dei to soknene på nytt stadfesta på Oppheim. Det vart nedskrive kva sitteplassar kvar gard hadde rett på i kyrkjene.   Alle fekk rett på same benkerad i begge kyrkjer, på tvers av soknegrenser.   På første benk i begge soknekyrkjer  tilhøyrde prestegarden Øvre Vinje.  Det hadde då ikkje budd prest på Vossestrand sidan før reformasjonen.  Siste presten som budde fast var truleg Sira Erling på Vinje, men han døde nok  i Svartedauden i 1349-50. Vossestrand vart ikkje eige prestegjeld med eigen prest før i 1865. Soknegrensene vart dei same som før, men presten fekk bustad på Oppheim.

Dei to soknene har alltid hat felles konfirmasjon frå den vart innførd i 1736 og fram til no år 2004. Dei byter mellom  soknene kvart år. Mange prestar har  ynska å ha delt konfirmasjon, grunna full kyrkje og plassmangel for familiane. I åra 1793-1800  var det ein viljesterk kapellan på Voss,  Petter Hount, seinare Eidsvollsmann.   Han greidde i 1795 å gjennomføra  konfirmasjon bode i Oppheim sokn og Vinje sokn.  Det blei berre  i dette eine året.  (Petter Hount hadde større suksess i  1814 då han var utsendt til å forhandlingar med svenskekongen om Noreg sit sjølvstende).     


Segna seier at huldreklokkaren i Jakobskyrkja song så høgt. Kven var han? Vossestrand hadde ikkje nokon eigen prest etter reformasjonen,  så dei måtte ha ein klokkar.  For å forklara dette må ein sjå på dei tunge  åra etter reformasjonen i 1535. Eit eksempel er frå Røldal. Heilt fram til 1835, nesten 300 år etter reformasjonen  helt dei messe i løynd etter gamlemåten.   Messe vart helden berre med klokkar. Frå dei siste 100 år har vi mange døme frå land med diktatur sture , at når ein kyrkjelyd ikkje kan oppføra seg slik styremaktene vil, så går den under jorda og lever sitt åndelege liv i løynd.   I  Noreg etter reformasjonen, vart ein frådømd all sin eigendom om ein helt opent fast på si barnetru, så ein måtte væra forsiktig. Vi har grunn til å tru at fok på Vossestrand, i likskap med mange andre stader i lande, held i løyndom fast på sine gamle kristne tradisjonar i fleire generasjonar etter reformasjonen i 1535.
Ein kan tenke seg at segna om huldreklokkaren Jakob kom til slik. Kyrkjene på Oppheim og Vinje låg ved hovudvegen  mellom Voss og Sogn,  men Jakobskyrkja ligg utanfor allfarveg med kort veg frå   begge sokner.  1 km nedanfor Jakobskyrkja går det ein  gamal veg mellom Hardanger og Sogn. Ein framand på vegen, kanskje 100 år etter reformasjonen, høyrde salmesong oppe frå fjellet då han var ved myra Fugl-leikane. Den ligg ovanfor Finne  som er næraste gard til Jakobskyrkja.  Dette rapporterte han til styremaktene.   Neste gong presten kom frå Voss til Vossestrand for å halde preik, vart det  forhøyr.  Om  nokon kunne fortelje kva salmesong som var høyrd på Fugl-leikane ved garden Finne?  Folk sa at det hadde dei og høyrd mange gonger,  men det måtte sikkert vera Jakop huldreklokkar som budde opp mot Helgaberget.  Presten valde kanskje å godta dette, til like  med alle dei andre huldre sogene som var med på å styre det dagleg livet på den tid.  Og folk på Vossestrand fekk ei god soge dei trygt kunne fortelje vidare med eit glimt i auge.
 
År hundre  gjekk, og  Jakobskyrkja vart etter kvart  berre besøkt av jegere, bærplukkare og folk som såg etter sauer.   Men nokre få tok vener eller familie med på tur, berre for å vitja Jakobskyrkja.  Dei fleste som var med som born gløymer det aldri. Det var ein eigen stemning  der sjølv om mange seier det berre er ei lita fuktig hole som er ikkje er god  å sitte i.  
 
No har  Jakobskyrkja fått sin renessanse  med eigen gjestebok. Dette takket være soknepresten på Vossestrand, John Ove Thaule, som er ein ivrig friluftsman. På 10 år er det skrevet inn 1000  besøkande.  Presten har og arrangert kyrkjelydsturar, og vandregudsteneste opp til Jakobskyrkja. Mange andre små grupper har og lagt turen dit, og opplevd trivelege turar der ein deler opplevingane med kvarandre. Vi finn og dei som har gått dit i einsemd, og der kan noko av tankane på turen ha kome til utrykk i gjesteboka.

Mitt ynske og von  for framtida er at Jakobskyrkja og skal bli eit pilegrimsmål utan dei store ord. Men er det ikkje for store ord  å bruka ei huldresegn  til å fremja pilegrimstanken? Det er ikkje noko minstemål for pilegrimar.  Kravet er berre at du i medvete går mot eit  mål med ein religiøs bakgrunn.  Undervegs ute i naturen vert alle like små, samme kor høglyte tankar ein har. På veg mot målet kjem  små tankar  om eige liv og lagnad og om von for eit betre liv for  sine medmenneske.  Turen til Jakobskyrkja vert ikkje så lang i kilometer, men ein kan bli betre kjent  med den innarste lengselen i seg sjølv. Nokon kan spørja deg kvifor du vil gå  til Jakobskyrkja. Svaret i  tidlegare tider var ofte. ”Dette vedkjem berre Vår Herre”.  No er det nok å svare med eit lite smil, og seia at ein har lyst  å gå til Jakobskyrkja.


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger