Om bjørn og ulv

Frå Gamalt frå Voss, Hefte XX, 1988

Soger om møte med bjørn og ulv
Av Albert Lunde
«Vedlene» heiter eit plass under garden Giljarhus i Oppheim sokn og husmannen som budde her var Jon Olavson Giljarhus. Til vanleg sa folk Jo Vedlene, men jordi som høyrer dette plasset til ligg eit stykke ovanum Vedlene.
Far til Jon, Olav Larsson Giljarhus, var husmann i Jordalen under bruk 4, Oppigarden,og her var Jon fødd 1801. Jon var gift 1826 med Ragnhild Styrksdotter Grindaland, 1796 -1877, og fekk vel feste på plasset frå omkring denne tid.
I han Jon sine yngre dagar var det mykje bjørn i traktene her kring. Dei gjætte buskapen med dagen for skuld bjørnen, men det går sogor om bjørn som nattes tider kom på stølen og skræmde buskapen.
Om det var mykje med bjørn, so var dei vel heller få som fekk sjå eller møtte bjørnen i marki, bjørnen er eit nattdyr og flink til å gøyma seg vekk med dagen.
Onkelen min, Lars Lunde, fortalde eit par sogor um Jon som han hadde høyrt fortalt av husmannen Lars Knutson Lunde (Lunda-troe) som var veidemann og hadde mange sogor å fortelja. Han hadde ei kyr ein gong, Lundatroen, som han kalla for «Bjødnaky-ré», bjørnen hadde vore i kast med henne då ho var kalv og bite eit stykke or manken.
Han Jon møtte bjørnen, han. Det var tidleg ein vårmorgon han skulde eit ærend til Jordalen til far sin. Han gjekk Nålavegen frå Sivle til Nåli og denne vegen er ein kløv- og gongeveg til Jordalen og den mest vanlege vegen til Jordalen på denne tid. Komen til Nåli, eit plass under Sivle, vart Jon var ein bjørn som stod og grov i ei maurtuva og åt maur. Jon var ein mota kar, han vilde kveppa denne bjørnen som stod og stengde vegen for han og slo saman ei reka og eit grev som han hadde over oksli.Bjørnen, som ventande var, kvapp til, han fekk auga på Jon og kom mot han i lange byks.
Det stod ei løa i nærleiken og Jon tok spranget mot løa og kom seg uppå taket. Venteleg hadde Jon dette i tankane då han kvepte bjørnen, om han skulle koma. Bjørnen kom heilt inntil løa, reis på
to og lagde framlabbane uppå ufsi, løa var ikkje høgare enn at han rakk opp. Bjørnen gjorde ikkje noko freistnad på å koma uppå taket og etter eit bel, so sette han seg på baken og sat og såg på Jon. Slevet sikla og rann or kjeften hans, skal Jon ha fortalt.
Litt etter kvart so seig sinnet av bjørnen han rusla sin veg og Jon kunde fara vidare til Jordalen.
Ein annan gong Jon skulde til Jordalen møtte han fem ulvar, han var komen på Tvinnekleivane då det kom fem ulvar ned frå Lunda-hovden. Jon sprang då burt til ei stor fura og sette ryggen inntil og då torde ikkje ulvane gå til åtak på han. Fire av ulvane for vidare med det same, men den femte ulven stod att. Han ula og la seg ned og rulla seg, men etter ei stund so for han etter dei andre til den andre sida av dalen.
Gamle folk har fortalt at ulven (ulvane) ikkje torer gå til åtak på folk når det er eit tre eller noko anna å setja ryggen til.
Folk tok ofte ein stav i handi, i gamal tid, når dei skulde ut og ferdast, den kunde vera god å ha til so mangt. Kanskje hadde Jon ein stav i handi den morgonen han møtte ulvane.
Olav Larsson døydde 1856påHemre.l Jon Olavson døydde 1870.
Ei gamal segn
Det var ei kona på Giljarhus som var komi ut i Rysshovden for å kalla på gutane sine. Det er so godt utsyn frå denne hovden over marki på båe sider av Ljosetelvi.
Medan ho stod der og kalla, får ho auga på ein bjørn i Brengs-marki og han er i ferd med å grava ei hola i marki. Kona var omhende og ho forsto straks kva bjørnen hadde i tankane, likevel heldt ho fram med å kalla. Då ser ho at bjørnen held opp med å grava, han stend og lyder og tek veret og ho kallar enno ein gong. Bjørnen høyrer det, han ris på to og slær saman framlabbane, so slepper han seg nedatt på alle fire og tek til att å grava. Kona nytta no høvet, ho smette av seg stakken og hengde han over ein krake, og so tok ho på heimveg det snøggaste ho vann. Då ho kom i tunet på Giljarhus var bjørnen mest i hælane på henne.
Liknande segner om kvinnfolk som har lurt bjørnen, og kome seg frå han med å smetta av seg stakken og hengja han over ein krake, finn ein i fleire bygdelag.



Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger