Bli kjend i di eiga bygd.
Sogelaget på tur i Myrkdalen.

Under tittelen "Bli kjend i di eiga bygd" skipa Vossestrand Sogelag til spasertur i Myrkdalen 25. august 2018.

Tekst og foto: Kari Mørkve Jordalen.

Sommarturen til sogelaget gjekk i år frå Ulvund, om Nesheim og forbi Flisram og Bygd. Me la også turen innom Treskjærartunet, for så å enda opp i ungdomshuset i Myrkdalen.

Me var ca 25 stk som møtte opp på Ulvund hjå Kåre og Anne Lise. Der fekk me eit interessant innblikk i arbeidet deira med kulturlandskapskapet. Dei driv mellom anna med lauving av styvingstre der alm er hovudtresorten, men og selja og bjørk. 

Det er eit svært krevjande terreng dei driv i og det ligg mange timars hardt arbeid bak det landskapet dei kan syna fram. Dei har sauer som beiter vår og haust, og lauvkjerra vert brukt som for i tillegg til høy og silo. Kåre fortel det er ekstra godt å kunna gje lauvkjerr til sjuke dyr for å stimulera matlysta.

Kåre og Anne Lise har fått Hordaland fylkeskommune sin kulturlandskapspris for arbeidet dei har lagt ned på Ulvund.


Før me gjekk frå Ulvund fortalte Ingeborg Backer om garden Nesheim og dei ulike bruka der. Me fekk ei interessant innføring om bruksdelinga før og no.

Me fekk og høyra om jordbruket og stølane som høyrer til garden. Me stogga fleire gonger under vegs langs gardane på Nesheim, og Ingeborg fortalde og viste bilete ho hadde med til stor interesse for turdeltakarane.


Me hadde ein kort stopp under Bygd, der me fekk høyra litt om desse gardane.


Me vandra så langs riksvegen til Treskjærartunet der me fekk høyra om verksemda deira og grunnleggjaren for verkstaden, Sjur Mørkve. Det var Arne Mørkve og Geir Nymark som fortalde og viste rundt i verkstaden.


Til slutt vart det kaffi og kaker i ungdomshuset i Myrkdalen. Arne Johan Dregelid viste fram film om diktaren, bonden og politikaren Sjur Bygd. Arne Johan hadde og med film om stølslivet i gamle dagar på Vossestrand. To kjekke og interessante filmar som ei fin avslutning på ein flott tur.


Takk til alle som var med og gjorde dagen så bra!


Sjå fleire bilete frå turen under Sogeturar.


Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger