Sogelagstur til Jordalen.


Sogelaget skipa til tur til Jordalen 28. august 2016. For mange var dette første turen gjennom den nye tunnelen til Jordalen, som vart offisielt åpna laurdag 18. juni i år. Omlag 40 personar møtte opp, og dei fleste var med på turen til Nåsastølen. Turen gjekk frå skulestova via kyrkjegarden, gamlevegen til Nåsastølen og attende på bilvegen til skulestova. Ein tur på ca 1 1/2 time.
I skulestova vart det først servert betasuppe som Arne Johan Dregelid var meistar for, og som det var mykje skryt av. Trond Olav Neteland viste så videofilm om gamlevegen og Jordalen i fira årstider. Så overtok Kari Mørkve Jordalen som fortalde om Jordalen, og om den nye vegen som betyr alt for å kunna verta buande i Jordalen. Etter kaffi og kaker var det tid for å sjå fotoutstillinga "Ferdslevegar til Jordalen" som var svært så interessant å sjå.
Tilbakemeldingane frå dei som var med på turen var svært positiv, og været var også med oss. Det var delvis skya, opphaldsvær med enkelte solglytt.

Takk for turen!


Bilete frå turen:


Turdeltakarane samla på kyrkjegarden framfor gravkapellet i Jordalen.


Stans på brua for registrering i "mantalet".



Nåsafossen



Nåsasstølen med Nåsen i bakgrunnen.


Arne Johan Dregelid laga god betasuppa.


Kari Mørkve Jordalen kåserer om Jordalen i skulestova.


Trond Olav Neteland, leiar i grendalaget (til høgre), har nyst vist videofilm
om gamlevegen og Jordalen i fira årstider.


Altertavla i Jordalen kapell, av Sjur Mørkve.


Frå fotoutsstillinga "Ferdselsvegar til Jordalen".


Berit Christensen f. Øyestad framor snøtunellen.
 

Vossestrand Sogelag
Epost: vossestrand.sogelag@gmail.com
        Rediger