Årsmøte 17.10.2021

Årsmøte 17.10.2021

Årsmøte i Vossestrand Sogelag 17. oktober 2021Vossestrand hotell

Det møtte 45 medlemar.
Leiar Jorunn Gjøstein ynskte velkomen.

Fyrste innslag før årsmøtet var ei orientering om stadnamnprosjektet. Ole Kristian Årmot og Sturla Hommedal fortalde om arbeidet med å samla inn stadnamn på Vossestrand. Hittil er det samla inn 3500 stadnamn som er registrerte digitalt.

Etter denne orienteringa underheldt Jens Brekke frå Vik i Sogn. Han fortalde sannsoger og gode historiar frå Vik og Myrkdalen der han mimra tilbake til tida då han var mykje i Myrkdalen som liten gut og ungdom. Han las og dikt av både Per Sivle og Jakob Sande.

Etter underhaldninga vart det god middag med dessert og kaffi.

Så starta me sjølve årsmøtet:
Innkallinga til årsmøtet og saklista vart godkjend av møtelyden.
Val av møteleiar: Jorunn Gjøstein
Val av referent: Kari Mørkve Jordalen
Val av to medlemmer til å skriva under møteprotokollen. Desse vart valde: Odd Henry Hommedal og Bjarne Skjervheim.

Årsmelding:
Leiaren las opp årsmeldinga som vart einstemming godkjend.

Rekneskap:
Kasseraren gjekk gjennom rekneskapen. Denne vart einstemmig godkjent med nokre få kommentarar vedkomande utgifter til Strandadisken og redigering av opptak frå Vossaradioen.

Val:
Frode Vangsnes leia valet.
 
Leiar: Jorunn Gjøstein vart einstemmig attvald
Attval av to av styremedlemmene: Ingrid Jordalen og Kari Mørkve Jordalen for 2 år
Styremedlem Sjur Vinje stod ikkje på val.
Kasserar Trygve Dugstad stod ikkje på val.
1. varamedlem: Arne Johan Dregelid, vald for 1 år
2. varamedlem: Ivar Husdal, vald for 1 år
Revisorar:
Randi Engelsen Eide vart vald for 2 år
Knut Blikberg stod ikkje på val

Valnemnd:
Knut K Mørkve
Frode Vangsnes
Torbjørn Dagestad, ny

Henning Ure er nytt medlem i fotonemnda.

Kontingenten vart sett til 100,- kr pr. medlem pr. år.
Laget har fått Vipps med nr. 715037

Odd Henry Hommedal orienterte litt om heimesida til sogelaget. Det er mest aktivitet på fotosida. I løpet av siste året har det vore omlag 8000 besøkjande på heimesida. Han oppmoda medlemmene og særleg styret til å senda stoff til redaktøren. Det er viktig å få ut informasjon og artiklar på heimesida.
Laget har også eiga Facebookside som han oppmoda styret og medlemane til å nytta.

Ivar Husdal snakka litt om vegane som laget har rydda og sett i stand, m.a. Strandalivegen og kyrkjevegen Myrkdalen–Vinje.

Referent: Kari Mørkve Jordalen

Vossestrand , 8. november 2021

Odd Henry Hommedal   Bjarne Skjervheim


Jens Brekke underheldt på årsmøtet til Sogelaget.

Jens Brekke frå Vik i Sogn underheldt på årsmøtet til Vossestrand Sogelag. Han fortalde sannsoger og gode historiar frå Vik og Myrkdalen og mimra tilbake til den tid då han var mykje i Myrkdalen som barn og ungdom. Han framførte dikt både av Per Sivle og Jakob Sande. På biletet ser me han som Moses i diktet av Jakob Sande.

Jens Brekke underheld

Du er kanskje òg interessert i: