Slakting på Strondé

Her er den fyrste artikkelen i Gamalt frå stronde 2002

Slakting på Strondé

av: Jostein Hommedal

 

Eit historisk attersyn om slakting på Vossestrand i gamle dagar, og om det som skulle utvikla seg til å verta slakteriverksemda H. Hommedal.

 

Bygdaslaktaren Henrik N. Hommedal

Oldefar min, Henrik N. Hommedal f. 1853, hadde ei tid 2 gardar i Holbygda, Hommedal og Flathaugane. For å skaffa litt attåtnæring, byrja han som bygdaslaktar og gjekk rundt frå gard til gard. Vidare handla han også med livdyr og sal av kjøt. Denne slaktinga skulle han teke til med i 1870-åra, og gjekk føre seg under svært primitive tilhøve. Han for rundt på gardane og slakta der, eller han kjøpte dyr med seg heim der han slakta i eit skur. Kjøtet selde han ofte til forskjellige hotell, men ein veit også at han t.d. selde kjøt til militærforlegninga på Bømoen. Under slike tilhøve var det ikkje lett og driva det så stort. Som regel slakta han eit eller to storfe for veka. Då Bergensbanen var under bygging i 1890-åra, hadde «Gamle-Henrik» i mange år levering av kjøt til kokelaga opp etter Raundalen. Han kjøpte kyr og oksar på Vossestrand, for så å driva dei utover Raundalen til Øvsthus, der slaktinga gjekk føre seg hjå ein som heitte Ivar Øvsthus. Som regel hadde han med seg frå Holbygda eit slakt som straks kunne leverast i tilfelle eit kokelag mangla kjøt. Dagen etter slaktinga, vart til vanleg kjøtet levert vidare etter avtale til ein kar dei kalla «Kjøt-Jens». Han var også bonde på Øvsthus, og dreiv i tillegg med kjøtformidling. Det var berre «Kjøt-Jens» oldefar hadde å gjera med når det gjaldt det økonomiske oppgjeret etter ei slik slakting. Jens var flink til å betala ut etter kvart, og det vart fortalt at ein gong oldefar fekk eit stort oppgjer, vart det heile berre utbetalt i sylv-tokronarar. Ein gong oldefar var i Raundalen, kjøpte han ei ekstra fin kyr. Denne kyra hadde eit ualminneleg fint kråta hovud, og kalvane etter denne kyra vart alle alne opp. Oldefar var van til å gå i alle fjøs når han fann behov for det. Han hadde levert ein kalv frå denne kyra til Olav Gavle. Ein morgon han for forbi Gavle, let han opp fjøsdøra og såg inn. Kalven, som no hadde vorte til kviga, snudde seg mot oldefar som stod i døra. «Hø», sa han, «du ska no aldri sjao slikt nautahove», og for sin veg. Han hadde ikkje sett yngste dottera på garden som sat og mjelka. Då ho kom inn att i stova sa ho: «Han gamle-Henrik let opp fjøsdøræ i dag og kadla meg fø nautahove». Ein annan historie handlar om at ein gong sende han sonen Sjur fram i Bruhuset på Vinje for å slakta ein stut frå Finne. Sjur var då 17 år gamal, og heller liten av vekst etter alderen. Finnesbonden gav då uttrykk for at han tykte det var for gale at han gamle-Henrik hadde sendt ein gutunge for å slå i hel stuten. Men jobben vart gjort den! Ei mogeleg sannsoge avspeglar seg då bestefar, også ein Henrik (f.1898), skulle konfirmerast. Bestefar fortalde sjølv om dette: «Eg var dårleg til å lesa då eg gjekk for presten 11913. Det var så ille at presten kom til far min og så at eg ikkje fekk konfirmerast fordi eg kunne for lite. Dette tykte far var for gale, så han sa at presten skulle få ein okse om han ville konfirmera meg. Jau, då, presten gjekk med på dette, og då spørjetimen kom måtte eg få eit såpass lett spørsmål at eg greidde å svara. Presten spurde: «Kan du nemna dei treeinige?» Eg svara: «Sonen og den heilage ande». «Jamen kvar har du gjort av faderen», spurde presten. «Jau, han kjem leiande med stuten, han...»

Henrik og Sjur tek til med slakting

Bestefar, Henrik, hadde i tidlegare år arbeida saman med broren Kolbein og andre strendingar på fabrikkhallane i Tyssedal. Seinare var han også på  anleggsarbeid i Osa i Ulvik. At oldefar dreiv med bygdeslakting, medverka nok til at bestefar fatta interesse for yrket. På den tida var det vanskeleg å få seg arbeid, så bestefar tok difor over bygdeslaktinga etter faren i 1922. Då var han 24 år gamal. Henrik dreiv vidare saman med broren Sjur, og i 1923 leigde dei låven i Bruhuset på Vinje til å slakta i. Same året bygde bondelaget på Vossestrand det fyrste slaktehuset på Draugsvolla-flatane på Vinje. Dette vart fyrste året leigd bort til Veslandske Salslag, men frå 1924 byrja Henrik og Sjur å leiga slaktehuset av Bondelaget. Huset var etter måten romsleg, men primitivt. Det var bygd av reisverk og enkel bordkledning, og hadde støypte golv. Ljos fekk dei frå nokre store parafinlampar. Vidare var det lagt røyr ut i elva for å få vatn inn og opp i ei tunne. Når dei t.d. skulle reingjera golvet, så var det å bruka bøtta og slå utover. Vatnet fraus om vinteren, og då var det å bera inn snø og samla opp mesteparten av blodet på det viset. Resten av blodet og snøen fraus til, og vart boren ut fyrst om våren når det tinte opp att. Leiga Henrik måtte betala til bondelaget for slakteriet var 40 øre for kvart slakta småfe, og kroner 1,50 for kvart slakta storfe. Fyrste året vart det slakta 1200 småfe og kring 100 storfe. Henrik og Sjur var dei einaste som arbeidde på slaktehuset heile året rundt. Det vart slik at Henrik tok seg av den meir forretningsmessige sida av drifta, medan Sjur etter kvart fekk ei viktig oppgåve med å reisa rundt og kjøpa opp dyr for slakt. For slaktet kom ikkje berre frå Strondé. Sjur reiste mykje rundt om i Sognebygdene og kjøpte opp slaktebeist. Flåm, Aurland og Sogndal var bygder han vitja ofte. Truleg frå 1927 og framover, og om hausten gjorde han ein slik tur for veka for å kjøpa inn smale. Det var strie turar for Sjur dette med 3 døgn mest utan søvn. Enten han var i Flåm, eller i Sogndal, så leigde han skøyter for å trakta slaktedyra til Gudvangen. I Gudvangen var det alltid møtt opp folk som skulle vera med å driva beista til slaktehuset på Vinje, og Anders Ulvund var t.d. ein som ofte var med. I ei slik drift kunne det vera 200 sauer, og med det same dei kom til Vinje gjekk klyppekonene i gang med klyppinga. Natta vart også teken i bruk for å klyppa og slakta dyra. Utover mellomkrigsåra auka kontaktflata også på avsetningssida. Slakt vart sendt til Bergen, Oslo eller Drammen for sal i kommisjon. Det var ikkje faste prisar som no, så desse kunne variera mykje frå dag til dag, alt etter etterspurnaden. Det var best prisar fyrst i veka, og dette nytta Henrik og Sjur seg av. Såleis kunne dei betala bøndene godt i konkurransen med andre som dreiv med slakting på den tida. Ekstra kapital skaffa dei seg utan at dei var klar over det. For det hadde seg slik at ull og skinn frå saueslaktinga hausten 1924 vart seld til utlandet. Prisane på desse varene vart styrt av verdsmarknaden, og engelsk pund var avgjerande i så måte. Same året fall den norske til 35 øre i kurs. Så når Sjur og Henrik selde ulla og alle skinna etter haustslaktinga, fekk dei nær tre gonger så mykje betalt for desse varene enn dei var klar over. Dette var eit tilhøve som var nytt for dei den gongen fordi dei var urøynde med valutakomplikasjonane. For det var som bestefar (Henrik) sa mange tiår etterpå: «Me tente meir pengar enn me hadde vit til! Denne eksporten til utlandet varde truleg fram til det store børskrakket i 1929. Som før nemnt var Henrik og Sjur dei to einaste som arbeidde på slaktehuset heile året rundt. I september og oktober, under smalaslaktinga, måtte dei ha ekstrahjelp. Då kunne dei tilsetja 2 - 3 personar til å slakta, og to til å klyppa sauene. Klyppinga var det ofte kvinner som stod for. Slaktemengda auka, og utover i 30 - åra kunne det verta slakta opptil 3500 smalar og om lag 150 - 200 storfe for året. Løna til leigehjelpa var 5 kroner dagen pluss kost. Det var kona til Henrik, ho Ragnhild, som stod for maten. Elles hende det også at nokon av arbeidstakarane overnatta hjå han Henrik. Til det som klypte, vart det utbetalt 25 øre pr. sau. Her kan ein fortelja at ei av kvinnene på ein dag klypte 65 sauer. Dette vart gjortmed saks og i ljoset frå ein oljelampe. Anna Lomsdalen var ei av desse kvinnene. Henrik og Sjur hadde ikkje noko fast løn, men i sesongen om hausten hadde dei til saman 1 krone sauen. Slaktar Henrik H. Hommedal.

Her 82 år gammal, med 3 bondekorvar i neven. Biletet er teke av ein journalist frå Sunnmørsposten.

 

Okkupasjonen og etterkrigsåra -mot «den nye tida»

På slutten av 30 - åra hadde lønene forbetra seg noko, men det skulle verta ein brå snunad på dette. For med den tyske okkupasjonen i 1940 vart det hardare tider og svært roleg på slaktehuset. Henrik fekk ikkje driva som han ville, for tyskarane hadde kontroll over både kjøp og sal. Dei bestemte stort sett kvar det skulle verta av kjøtet. Fyrste året etter krigen gjekk det betre att. Henrik fekk fullt og heilt herredøme over forretningsdrifta, og det vart slakta 1500 småfe. Dette vart stillinga til ut på 50 - talet. For på den tida var heimeslaktinga svært utbreidd, så det skulle ta ei tid før slaktemengda kom opp på same nivåsom i 30 - åra. Men det skulle henda andre framsteg på slaktehuset i etter krigsåra. For i 1948 fekk dei den fyrste elektriske straumen frå eit privat elektrisitetsverk på Vinje, og dei fekk telefon. I 1952 fekk dei auka straumtilgang frå Voss. Etter krigen hadde Henrik tankar om å gjera seg meir nytte av kjøtet sjølv. Så det var då han tok til med produksjon av spekemat, og ikkje minst «Henrikspylsa». Fårepylseproduksjon er ikkje noko lett oppgåve å gå i ferd med, og i alle fall ikkje i dei dagar. Henrik fann likevel nykelen til ein enkel prosess i eldhuset, og skaffa seg eit monaleg forsprang på andre som freista å produsera fårepylsa. Han meinte t.d. at pylsa måtte stellast som eit skitlabadn (spedbarn): «Ein må kasta klokka og kasta sundagen!» var eit eige utrykk han hadde for dette arbeidet. M.a.o. kunne han ikkje sjå på klokka eller sjå på kva dag det var om han skulle driva med fårepylseproduksjon. Eit anna poeng i høve fårepylsa er at geitekjøtet var eit viktig og ettertrakta råstoff i denne produksjonen. Henrik var ikkje åleine om å laga fårepølsa, så konkurransen om geitekjøtet var hard. I Flåm og Aurland var det mykje geit, og såleis skulle dette distriktet verta viktig i tilgangen på kjøt til «Henrikspylsa». Mange båtlaster og etter kvart togvogner med geit, skulle koma herifrå. Fin mann frå Flåm som heitte Torstein Hauglum, sjølv 'geitebonde, vart her ein viktig mann. Han formidla nemleg mykje geit frå Flåm og Aurland til slaktehuset på Vinje. (Underteikna hugsar Torstein godt. Han kom alltid til Vinje når han skulle levera geit, var innom til bestefar, og overnatta borte hjå Sjur. Tidleg på 80-talet leverte Torstein, som gamal mann, geiter til slaktehuset for siste gong. Fin bukk som vart slakta då, sa far min Olav, var den største som var slakta på slaktehuset i hans tid. Horna etter denne bukken er tekne vare på. Kanskje nokon av lesarane også hugsar denne milde mannen frå Flåm?)

I samband med at Henrik hadde eit sjukdomstilfelle utpå 50-talet, kom også sonen hans, Olav, med i firmaet. I dette tiåret var det ikkje noko større utvikling på slakteriet, men i 1962 kjøpte dei huset av bondelaget. Dette førte til at dei fekk styra verksemda meir slik dei sjølv ynskte, og i 1963 vart det sett i gang ei modernisering av slakteriet. Det vart ei modernisering etter dåverande krav med slaktehall, produksjonsverkstad, kjøle- og fryserom m.m. Trykkvatn hadde dei heller ikkje hatt før denne utvidinga. Slaktemengda og produksjonen gjekk naturlegvis opp etter dette, og for å setjating i eit visst historisk perspektiv: Fyrste året etter utvidinga gjorde verksemda rekning med å slakta 70 tonn, men det viste seg å verta 110 tonn. «Den nye tida» var komen til slakteriverksemda på Vinje.

Etterord

Denne artikkelen er nedskriven av underteikna med særoppgåver frå vidaregåande skule av syskenbarnet mitt, Ragnhild Sausjord, og meg som grunnlag. I tillegg har eg henta stoff frå slektshettet frå 1993,samt litt frå ymse avisartiklar som har stått i Hordaland og Bergens Tidende. Artikkelen kunne nok ha vore meir utfyllande, gjerne med fleire gode historiar frå «den gamle tid». Dei finst det ganske sikkert ein del av. Av di far gjekk bort i 1996, har det ikkje lukkast meg å finna fram til desse no. Kanskje nokon av lesarane kjenner til nokre gode historiar frå tida før moderniseringa 1 1963?

Vinje, 27. oktober, 2002.

Du er kanskje òg interessert i: