Årsmøte vart halde på Vossestrand Hotell sundag 16. april kl. 16.00.
Årsmøte i Vossestrand sogelag 16. april 2023 kl 16.00 Møtestad Vossestrand hotell.
Det møtte 20 personar til møtet.
Leiar Jorunn Gjøstein ynskte velkomen til møtet.
Henning Ure opna årsmøtet med å orientera om den nye heimesida. Det er kjøpt nytt utstyr til lydopptak. Det er ei gåve frå Voss Sparebank.
Det er lagt ned eit stort arbeid, sikkert fleire hundre timar, med å utarbeida sida og leggja ut stoff. Arbeidet har vorte gjort i nært samarbeid med Logolink. Gammalt frå Stronde er og digitalisert og er tilgjengeleg for medlemmer på heimesida.
Det er framleis att mykje stoff som må sikrast og leggjast på serveren. Det er og ynskje å få inn meir stoff om vår nære fortid, særleg frå etterkrigstida og framover mot notida.
Me må verta flinkare til å synleggjera heimesida og få folk til å senda bilete til redaksjonen i staden for å berre leggja ut på Facebook.
Medlemmer kan få den gamle heimesida lagt over på ein minnepenn om dei ynskjer det.
Medan me venta på maten snakka Trygve Dugstad om Gamle Tønneberg og Stalheim hotell.
Så var det matøkt med god middag og tilhøyrande dessert og kaffi.
Etter ei god matøkt vart sjølve årsmøtet halde:
Innkallinga vart godkjent.
Jorunn Gjøstein opna møtet, ho vart og vald til ordstyrar.
Kari Mørkve Jordalen vart vald til referent.
Årsmelding: Jorunn las opp årsmeldinga for laget og dei andre nemndene. Alle
vart godkjende.
Rekneskap: Kasserar Trygve Dugstad la fram rekneskapen. Laget har god
økonomi. GIS gjev årleg eit fint overskot.
Rekneskapen vart godkjend.
Laget har brukt ein del midlar på ny heimeside og digitaliseringsutstyr. Styret
fremja difor å auka medlemspengane til kr 200,-. Det vart vedteke. Dersom
vedtektene krev to årsmøtevedtak vert det innført frå 2024.
Val:
Leiar: Jorunn Gjøstein vart attvald.
Ingrid Jordalen tok attval.
Kari Mørkve Jordalen tok ikkje attval. Ole Kristian Årmot vart vald inn i staden.
Trygve Dugstad og Henning Ure var ikkje på val.
Vara: Arne Johan Dregelid, attval for 1 år.
Ivar Husdal, attval for 1 år.
Revisor: Randi Engelsen, attval for 2 år
Knut Blikberg, ikkje på val
Valnemnd:
Torbjørn Dagestad, leiar
Sjur Vinje
Kari Mørkve Jordalen
Rune Midtun avslutta årsmøtet med å fortelja om tradisjonar rundt ølbrygging. Foredraget var rikt illustrert med mange gode bilete frå eigen oppvekst og deltaking i eldhuset med far sin, i tillegg ein del andre biletillustrasjonar. Han gav oss eit historisk tilbakeblikk om bruken av øl i kvardag og fest. Han snakka òg litt om den handlingsborne kunnskapen med sjølve brygginga som går i arv mellom generasjonane. Han gav oss eit godt og lærerikt foredrag.
Referent: Kari Mørkve Jordalen
Vossestrand 24.04.2023