Sogelagsturen til Stalheim sundag 10. september
Me var ca. 40 stk. som møtte på Stalheim hotell i lett duskregn. Trygve Dugstad var ein dyktig guide og historieforteljar når han leda oss gjennom samlingane inne på hotellet og deretter på museet. Mange av dei frammøtte hadde òg mykje å supplera med etter kvart som me vart viste rundt. I skulestova som før har stått på Leiddal vart det mimring om skulekvardagane før i tida og me fekk høyra den gode akustikken der inne då alle stemte i med første vers av «Den fyrste song».
Omvisinga vart avslutta i Løa på museet, der me fekk servert god og varm betasuppe.
Tusen takk til alle som møtte denne dagen.
