I haust har Vossestrand Sogelag flytta til nytt kontor i Sambygg, dett markerer starten på ei ny æra for laget.
Kontoret på gamla meieriet har vore basen vår i mange år, men no er det tid for fornying og ei forbetring av arbeidsmiljøet. Den nye lokasjonen gir laget ein sjanse til å bli meir tilgjengeleg for lokalbefolkninga, og Sambygg blir ein ideell stad for oss.
Ein synleg forandring er dei nye hyllene på det nye kontoret, som vil gjere organiseringa av historiske dokument og gjenstandar mykje enklare. Dette er ein viktig investering for å bevare og formidle lokalhistoria på ein betre måte.
No er sogelaget på jakt etter møbler til det nye møtelokalet. Dette lokalet vil fungere som ein stad der medlemmane kan samlast for å diskutere, planleggje og dele kunnskap om Vossestrand si historie.
Det nye kontoret i Sambygg gir Vossestrand Sogelag moglegheit til å styrke sitt engasjement for lokalhistorie og skape ein inviterande stad der fortida kan møte framtida. Me ser fram til å sjå korleis dette vil påverke arbeidet i åra som kjem.
Styret i Vossestrand sogelag ønskjer alle medlemer og andre ei gledleg joletid og eit framifrå nytt år.