Me ynskjer å digitalisere idrettshistorien på Vossestrand

Me ynskjer å digitalisere idrettshistorien på Vossestrand

Har du fotografi eller dokument som bør kome med i arkivet vårt?

Eldar IL fyller 75 år i 2024 og i samråd med Vossestrand Sogelag ynskjer me å digitalisere arkivet vårt og sikre at det vert teken vare på for komande generasjonar. Har du fotografi, dokument eller kanskje du har nokre gamle Eldar-klede liggande? Då er me svært interessert!

Me tenkjer å laga til ein jubileumsfest til hausten, så det hadde vore kjekt om me kunne laga til ei lita utstilling også. Kanskje blir det skrive ei lagssoge også.

Om du har materiale frå før Eldar vart stifta, er det også interessant.

Ta kontakt med Isak Hommedal eller Henning Ure om du har noko.

Isak Hommedal: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. /918 76 590

Henning Ure: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den./918 74 251

Ynskjer du å mimre litt allereie no?

Vedlagt er lagsblad frå 1989

 

Du er kanskje òg interessert i: