Nytt historisk fotoarkiv.Vossestrand Sogelag er inviterte til å delta i ei prosjektgruppe for å sjå på mogelegheitene for å etablera eit nytt historisk fotoarkiv for Voss Herad. Forutan Vossestrand Sogelag er Vassvøri Sogelag, Voss Sogelag og Voss Folkemuseum med i gruppa. Representantar frå alle laga har hatt eit innleiande møte og vart samde om å søkja til Voss Sparebank om støtte til prosjektet. Ulike dataløysingar vart gjennomgått på møtet. For å koma vidare i arbeidet er det behov for økonomisk støtte. Vossestrand Sogelag har i dag ei velfungerande heimeside for gamle foto og har den største samlinga på nettet av dei representerte laga. | |
Vossestrand sogelag på Strandamessa 2019.Sogelaget er også i år å finna på Strandamessa i Vossestrand Sambygg. Her er bilete frå laurdag 23. nov. og Sogelaget sin stand på messa. Salet av årets utgåve av Gamalt får Strondè går strykande. Boka Vossestrand - Folk og Landskap er det mange som har kjøpt i år også. Arne Johan er på standen til Sogelaget og viser videoar frå Strandadisken.
| |
![]() |